Vil sjå svart hav i samanheng

Publisert:10. desember 2012Oppdatert:2. oktober 2013, 11:18

I 20 år har Dag L. Aksnes forska på kva som skjer når havet blir mørkare. No vil han ta resultatet med seg inn i klimamodellar. Svaret kan bli at vestlandsfjordane blir likare Austlandet.

I 1992 oppdaga Aksnes og kollegaer store forskjellar i to fjordar like ved kvarandre: I Masfjorden var det godt med mat og fisk, mens i Lurefjorden like ved var det lite fisk, sjølv om det var nok av mat. Til gjengjeld fekk forskarane fem tonn maneter i trålen i løpet av ti minutt.

Sjølvlysande manet
Aksnes fann ut at dei dårlege lystilhøva i Lurefjorden favoriserer maneter, som den sjølvlysande kronemaneten, periphylla periphylla. I innløpet til Lurefjorden er det ein terskel på berre 20 meters djupn, og vatnet i fjorden er difor litt mindre salt, og prega av ferskvatn som renn ut i elver og bekkar langs med Norskekysten.
– Ferskvatn inneheld mykje farga oppløyst organisk materiale (coloured dissolved organic matter, CDOM). Vatnet er ikkje grumsete, for molekyla er oppløyste. Men vatnet er brunare og absorberer lys, og det betyr kolossalt mykje for lysmengda som slepp ned til 200 meters djupn, fortel Aksnes.

Kronemaneta trivst best i mørket, og held seg vanlegvis i djupet. Men i Lurefjorden kan den være synleg i overflata. Dette biletet er teke rundt midnatt i februar. Foto: Robert Reinlund, TV 2

Sur nedbør
Mørkret favoriserer manetane, som ikkje treng lys for å ete. Fisken får derimot problem når vatnet blir mørkare. Årsaka til formørkinga er ikkje heilt klarlagt.
– Mindre sur nedbør har vert lansert som ei forklaring når det gjeld ferskvatn. Studiar ved Universitetet i Oslo har peikt på at vegetasjonsendringar som følgje av klimaendringar, vil auke mengda av CDOM, fortel Aksnes.

Sjø og land
No vil han jobbe med å få det brune vatnet inn i modellar for klimautviklinga i sjøen. Men då trengst det først meir forsking.
– Vi har saman med Havforskningsinstituttet og Universitetet i Oslo søkt Forskningsrådet om midlar til å kople det som skjer med den terrestriske vegetasjonen saman med dei endringane vi ser i havet, seier Aksnes.

Secchidisk
Studiane av det brune vatnet byggjer på gamal teknologi. Lysgjennomgangen i vatn kan målast på ulike måtar, men mange av dei er nye. For å sjå utviklinga treng ein lange seriar av observasjonar, og det har Aksnes funne i Secchidybden. Metoden er oppkalt etter Angelo Secchi, som var vitskapleg rådgjevar for paven på 1800-talet. Metoden til Secchi går ut på at du senkar ei kvitmalt metallskive, ein såkalla secchidisk, ned i vatnet med eit tau til du ikkje kan sjå skiva lenger, og måler djupna. Så drar du ho opp igjen, og målar igjen. Gjennomsnittet av dei to, secchidjupna, er målet på kor klart vatnet er, og dermed kor raskt lyset blir svekka. Men fordi metoden ikkje er særs nøyaktig, trengst det mange observasjonar for å sjå utviklinga.

Mindre plass for fotosyntese
– Utviklinga er kanskje at sikten blir fem-seks centimeter dårlegare kvart år. Men i løpet av hundre år blir det fem meter, og det er dramatisk, forklarer Aksnes.
Lyset avgjer nemleg kor stor eufotisk sone er. Omgrepet blir brukt i marinbiologi om dei øvre vasslaga i havet, der det er nok lys til at fytoplankton kan ha fotosyntese. Tang kan til dømes berre vokse i eufotisk sone.
– Når vatnet blir mørkare, blir alt flytta oppover, og algane kjem lengre opp i vatnet. Alle dyr og plantar som er følsame for lys får habitata sine meir konsentrert. Det kan vere dette som gjer at det blir mindre tare i fjordane, fortel Aksnes.

Vestland blir Austland

Nye målingar frå i vinter vitnar om at kronemaneten og har etablert seg i Hardangerfjorden, sjølv om han ikkje dominerer økosystemet på same måten som i Lurefjorden.

– Men bør vi frykte at ei liknande utvikling vil skje overalt, både i fjordar og til havs?

– Nei, vi ventar ikkje at dei store hava blir mørkare på same måte som det norske kystvatnet. Men når det gjeld fjordane våre kan dei bli likare dei fjordane eg kjenner frå oppveksten på Austlandet, med mindre fisk og tang og tare, seier Aksnes.

 

Desse ekstra feite utgåvene av kronemaneten er tatt under eit undervisningstokt i Hardangerfjorden i 2010. Foto: Institutt for biologi

 

På Høyden krever at du bekreft e-postadressen din før du kan poste innlegg. Les også våre debattregler

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed