Lyser ut ekstremisme-stipend

Publisert:19. desember 2012Oppdatert:2. oktober 2013, 11:18

– 22. juli tvinga oss til å sjå at det er mykje ekstremisme på nettet, seier professor Jill Walker Rettberg. No lyser Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium ut ei stipendiatstilling som er øyremerka forsking på ekstreme ytringar på verdsveven.

– Det har vore lite forsking på ekstremisme på Internett, i alle fall frå eit humanistisk perspektiv, seier Jill Walker Rettberg.

Ho er professor i digital kultur og tok initiativ til ein stipendiatstilling som er øyremerka til å forska på ekstreme ytringar på Internett. Stillinga er no lyst ut.

Finn dei som liknar
– Etter 22. juli vart me tvinga til å sjå at det er mykje ekstremisme på nettet. Dette er noko me må ta på alvor, seier Walker Rettberg.

Ho seier at ho i utgangspunktet er veldig positiv til at internett opnar for at alle kan publisera meiningane sine.

– Nettet er globalt. Det er fantastisk dersom ein til dømes har ein svært spesiell sjukdom eller eit barn med særlege problem – då kan ein koma i kontakt med dei få andre som har det på same måten. Men det er òg enklare å finna dei andre som har same, og kanskje like sære, meiningar som ein sjølv. Ein snakkar om ei filterboble eller eit ekkokammer – det betyr at ein berre ser dei som liknar på ein sjølv, seier Walker Rettberg.

Vil byggja opp kompetanse
Stipendiatet er lagt til Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium. Utlysinga er ganske open, men det er krav om at prosjektet tek utgangspunkt i eit av faga ved instituttet.

– Det kan til dømes fokuserast på eit utval bloggar, på kommentarar frå lesarar i nettaviser, på YouTube-videoar og kommentarar der, på diskusjonsforum, på manifest og ebøker, på facebookgrupper, på biletbruk eller andre ekstremistiske uttrykk og kommunikasjonsformer på internett. Analysane kan fokusere på språk, retorikk, ideologi, visuelle verkemiddel, estetikk, diskurs eller sosiale nettverk. I utgangspunktet er alle former for ekstremisme interessante, anten det er på høgre- eller venstresida, eller ekstremisme som ikkje er knytt til det etablerte politiske spennet, til dømes kjønn, miljø, religion eller dyrevern, heiter det i utlysinga.

– Me er spente på kva søkjarar me får. Dette er ei reell utlysing, det er ikkje slik at me har ein kandidat som berre ventar på å få denne stillinga, understrekar Walker Retteberg.

– Det var ein del unge studentar som begynte å skriva master om ekstremisme like etter 22. juli. Nokre av dei er ferdige no. Me vil byggja opp kompetanse på dette feltet. Debatten har vist at det er mange meiningar – men det er lite vitskapleg forsking.

Walker Rettberg seier at søkjarane sjølve må definera kva dei meiner med ekstremisme. Stillinga varer i fire år, med 25 prosent undervisningsplikt.

Hadde høyrt om Fjordman
Ein av bloggarane som media fokuserte på etter 22. juli, er Fjordman. Han var nemnd i Anders Behring Breivik sitt manifest, og det har vorte sagt at han er Behring Breivik sin ideolog. Fjordman er ein høgreradikal antiislamist. Han har vorte skulda av mellom andre Marie Simonsen, som er politisk redaktør i Dagbladet, for å vera ein ekstremist som oppmodar til politisk vald. Sjølv har Fjordman uttalt at han aldri har treft Behring Breivik, og at det berre er massedrapsmannen som kan skuldast for det som hende 22. juli 2011.

– Eg visste om Fjordman før 22. juli, men eg hadde ikkje gått inn for å undersøkja ytringane hans, seier Walker Rettberg.

Ho seier at bloggar ofte er meir polariserte enn vanlege media. Det som kjem fram der er ofte meir ekstremt, og ein tillet større ansvarsfråskriving.

Spreier retorikk
– Er dei som viser ekstreme haldningar på nettet farlege?

– Det er eit vanskeleg spørsmål. Ein visste ikkje at Behring Breivik var farleg, og når ein ser på det han skreiv, mellom anna på document.no, var han ikkje den mest ekstreme. Men ein veit at dei som har slike haldningar, kan ildna kvarandre opp. Etter 22. juli såg ein at ein del svært unge bloggarar brukte same retorikk som Behring Breivik. Dei viste mellom anna til klipp frå youtube som viser at muslimane skal overta verda. Dette er ganske enkelt å tilbakevisa, men dersom ein er 16 år og har 100 000 lesarar, kan ein vera med på å allmenngjera ei slik haldning, seier Walker Rettberg.

På Høyden krever at du bekreft e-postadressen din før du kan poste innlegg. Les også våre debattregler

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed