Til forsvar for konkurransen

Publisert:16. november 2012Oppdatert:16. november 2012, 11:10

LESARBREV: Det er gode grunnar til å halda fast ved konkurranse i rekruttering, sjølv om det også kan ha negative konsekvensar.

I spørsmålet om rekruttering til faste vitskaplege stillingar er det fleire viktige omsyn. Departementet har imidlertid  gjort det klart at reell og rettferdig konkurranse skal liggja til grunn for tilsetjingsprosessane.  På denne måten (hvis prinsippet blir etterlevd!) kan ein bidra til forutsigbarhet og open konkurranse. Reell konkurranse hindrar favorisering, nepotisme og lukka tilsetjingsprosessar. Prinsipppet bidreg til å gjera det vanskeleg for interne grupperingar å få inn «sin» kandidat, men stengjer samtidig for «tenure track» eller tilsvarande stillingar, som kunne gjort det lettare å rekruttere dyktige forskarar frå utlandet.

Det er altså gode grunnar til å halda fast ved konkurranse i rekruttering , sjølv om det (som for annan konkurransefremjande regulering) også kan ha negative konsekvensar. Det er overaskande at leiaren i BT 16.11 ikkje nevner dette prinsippet , eller i det minste erkjenner at det kan vera tale om eit dilemma i slike spørsmål. Ein skulle tru at argumenta om samfunnsmessige gevinstar ved konkurranse var betre kjent, ut frå BT sin plassering i det geografiske, faglege og politiske landskapet i Bergen. Dei uheldige sidene ved tette personlege  nettverk,  nepotisme og favorisering er viktige i denne sektoren, til liks med  andre marknader.

 

På Høyden krever at du bekreft e-postadressen din før du kan poste innlegg. Les også våre debattregler

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed