Med hjarte for galningen

Publisert:14. november 2012Oppdatert:2. oktober 2013, 11:18

Grethe Fatima Syéd skulle aldri skriva om etikken hos Olav Duun. No er det nettopp det ho har gjort, og disputerer på fredag.

– Eg synest mykje av det som er sagt om etikken hos Olav Duun er til hinder. Etikk er ofte ikkje veldig spanande, då handlar det berre om rett og gale og om godt og vondt. Historiene i seg sjølv er mykje meir. Det handlar mellom anna om forlis, naturkatastrofer og drap.

Kjærleik i fokus
Det er Grethe Fatima Syéd som seier dette. Fredag disputerer ho med avhandlinga  «Nådeløs omsorg. Kjærlighet, selvmord, kunst og overskridelse i Olav Duuns fiksjonsverden».

– Det er ikkje så enkelt å abstrahera etikken ut frå estetikken hos Duun, meiner Syéd.

– Duun har heilt klart meiningar, men han vil ikkje formana. Han meiner tvert om at ein skal vera audmjuk i forhold til kva ein trur ein kan vita om andre menneske. Når ein kjem med ein etisk dom, set ein seg sjølv i ein posisjon over dei ein dømmer, seier Syéd.

Ho meiner at det er kjærleiken som er det overgripande hos Duun, og at tekstane viser ei kjærleg haldning.

– Duun skriv om dei ulukkelege, om dei som vert galne og om dei som ikkje passar inn. Han hata flokkmentalitet og det konforme, men har sympati for galningen, seier forskaren.

Kan seia noko om dagens samfunn
Syéd meiner Duun kan seia moderne menneske noko.

– Det er ikkje slik at ein kan få i pose og sekk, livet krev nokre offer. I det moderne samfunnet er det mange som fell utanom: Mange har rusproblem, talet på sjølvmord er høgt, mange har psykiske problem og mange barn og unge er medisinerte. Dersom ein skil seg ut, kan ein falla djupt, meiner Syéd.

– Det er jo sagt at dersom Da Vinci og Einstein hadde levd i dag så hadde dei vore fanga opp av PPT, legg ho til.

Drep – av kjærleik?
Syéd si avhandling er den tredje som har Duun som tema. Ein av dei som har skrive om Duun, er Heming Gujord. Han har òg skrive biografi om Duun, og der skriv han at Duun er meir respektert enn lesen. Syéd er ikkje usamd i det.

– Eg hadde aldri lese Duun dersom eg ikkje hadde tatt nordisk grunnfag. Der las me «Medmenneske». Eg vart fengsla med ein gong, av det kompakte i skrifta og av haldningane. Det er ei spanande bok, men likevel vanskeleg å halda tråden, og det er energi og driv i språket, seier Syéd.

«Medmenneske» er ein roman der mange lesarar legg vekt på etikken. Hovudpersonen Ragnhild drep svigerfar sin – for å redda ektemannen frå å verta drapsmann, vert det sagt.

– Ein har sett gjennom fingrane med at Ragnhild faktisk drep – med øks! Og eg synest det vert for enkelt å seia at ho drep av kjærleik til ektemannen. Ein kan jo heller ikkje vita om han faktisk hadde kome til å drepa, seier Syéd engasjert.

Tilrår dei mindre kjende
Det er «Medmenneske», «Menneske og maktene» og «Juvikfolke» Duun er mest kjent for. Syéd meiner at mange av dei mindre lesne tekstane til Duun fortener merksemd, til dømes «Det gode samvite», «Gud smiler» og «Samtid». Sistnemnde var utgangspunkt for Syéd si hovudfagsoppgåve.

– Strengt teke er det lite hos Duun ein kan vita sikkert, meiner Syéd, som oppmodar folk til å lesa og sjå sjølv.

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed