Tilbyr bleik og blodfattig utgåve

Publisert:17. oktober 2012Oppdatert:17. april 2018, 22:44

– De skulle berre visst, tenkjer Harald Kryvi når han underviser på engelsk.

– Å undervisa på eit anna språk enn morsmålet gir dårlegare undervisning, hevdar Harald Kryvi.

Biologiprofessoren fekk tidlegare i år Meltzerprisen for framifrå forskingsformidling. Men når han underviser på engelsk, føler han sjølv at han ikkje får vist seg frå si beste side. Det fortalte han under seminaret «internasjonalisering og undervisningsspråk» tysdag.

Øver på uttale
– Eg prøver å by på meg sjølv i undervisningssituasjonen; svara på spørsmål som kjem, vera litt sjølvironisk og kanskje koma med ein morosam kommentar. Det er grådig vanskeleg på engelsk, seier Kryvi.

Han fortel om korleis han skal førelesa på engelsk sit på kontoret og mumlar for seg sjølv for å vera sikker på at han har kontroll på alle dei vanskelege orda.

– Å ha undervisning på engelsk gjer at det vert meir førebuing, og samstundes vert undervisninga meir anstrengt. Ho vert dårlegare, meiner Kryvi.

Han seier at han vil kunne seia nøyaktig det han meiner. Det er vanskeleg når han ikkje får snakka norsk.

– Det hender eg ser på studentane og tenkjer «de skulle berre visst». Eg føler at eg tilbyr ei bleik og fattig utgåve av meg sjølv, seier Kryvi.

Engelsk på masternivå
Kryvi seier han har prøvd å finna ein heimel for at han ikkje kan undervisa på norsk.

Ved Institutt for geovitenskap skjer undervisninga på lågare grad på norsk, men på engelsk på masternivå. Ved instituttet er 35 prosent av dei fast vitskapleg tilsette internasjonale, medan talet er heile 65 prosent for postdok og doktorgradsstipendiatar.

Instituttleiar og professor Gunn Mangerud fortalte under seminaret at dette byr på mange utfordringar.

– Kva språk skal ein velja på møte? Kva språk skal ein velja på julebord og i andre sosiale samanhengar? Er det greitt at utanlandske tilsette slepp unna til dømes ein del komitearbeid fordi dei ikkje er gode nok i norsk?

Danskane testar
I Danmark vert vitskapleg tilsette sine engelskkunnskapar testa.

– Språk er makt, og engelsk er kome som «lingua franca». Men det er ikkje berre såre enkelt å bruka engelsk i ein kvar samanheng, og underviser ein eigentleg like godt på engelsk, spør Mangerud.

Ho meiner ein del av universiteta sitt ansvar er formidling, og utvikling av norsk fagterminologi og fagspråk.

– Me vert dårlege formidlarar dersom me ikkje kan formidla faget vårt på norsk, og me skaper ein større avstand til folk utan same faglege bakgrunn, seier Mangerud.

Daniel Jung (til venstre) frå Digital kultur underviser berre på engelsk, og har studentar frå mange land. Gunn Mangerud frå Institutt for geovitenskap og Harald Kryvi frå Institutt for biologi meiner at når norske førelesarar må undervisa på engelsk, betyr det at undervisninga vert dårlegare. Foto: Hilde Kristin Strand

 

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed