Satsing på kvalitet kan gi eksamenskutt

Publisert:18. oktober 2012Oppdatert:2. oktober 2013, 11:18

Forelesningar og skuleeksamen er ikkje alltid den beste måten å vurdere kvalitet i utdanning på. – Vurderingskriteria våre er ikkje i tråd med læringsmåla våre. Vi treng andre vurderingsformer enn berre skuleeksamen, seier viserektor for utdanning, Kuvvet Atakan.

Studentar som på første forelesning spør om kva dei skal lese på til eksamen er vrengjebiletet på kva universitetet ikkje ønskjer å vere: Ein stad der ein lærer seg å hugse kunnskap og avlevere han effektivt i løpet av nokre timar på eksamensdagen.

Difor har eit utval jobba fram notatet “Kvalitet i utdanning”, som skal vere diskusjonsgrunnlag for ein vidare debatt på UiB, med både studentar og tilsette.

– Vi ønskjer at dette skal lesast av kvar einskild student og tilsett på UiB, og vi ønskjer å ta nokre grep frå sentralt hald, fortel Atakan, som har leia gruppa bak rapporten.

For få
Etter frammøtet under framlegginga vil det ta ei tid før alle på UiB har sett seg inn i temaet, for berre i underkant av 30 personar hadde møtt fram under lanseringa. Det var særleg få studentar på arrangementet.

– Eg skulle ønskje at det var mange fleire som var interessert i kvalitet i utdanninga. Det er det sikkert òg, sjølv om ikkje alle finn tid i ein travel kvardag, seier Kuvvet Atakan.

Dokumentet kan særleg få innverknad på kvardagen til studentane.

– Alle studentar burde erkjenne at dei må delta i desse prosessane, meiner Atakan.

Må finne forbetringspunkt
Notatet om utdanningskvalitet gir ikkje enkle, korte svar på kva kvalitet er, men diskuterer omgrepet akademisk, og viser mellom anna at kva som er kvalitet varierer frå gruppe til gruppe, og at kvalitet er eit skifteleg omgrep det heile tida må jobbast for å nå.

– Vi må til dømes ha mekanismar i systemet for å forstå kor vi kan gå inn og jobbe for å skape større kvalitet, seier Atakan.

Matthias Kaiser, Harald Walderhaug, Endre Brunstad og Siri Knapskog synast Kvalitet i utdanning er eit godt utgangspunkt for vidare diskusjonen på UiB. Foto: Dag Hellesund 

For mykje måling
Professor i geodynamikk, Harald Walderhaug, meiner notatet er eit godt utgangspunkt for det vidare kvalitetsarbeidet.

– Notatet peikar mellom anna på at for mykje måling og dokumentasjon kan virke mot sin hensikt. Eit døme på det kan vere skulen, der det gjerne blir for mykje måling i høve til det ein eigentleg skal drive med.

Walderhaug saknar og meir metodisk evaluering av undervisninga, på same måte som det allereie blir gjort med forskinga.

Mest for tilsette
Medlem i studentparlamentet, Siri Knapskog, synest notatet er interessant.

– Det er eit veldig spennande arbeid, og klarer å få med ulike nivå rundt spørsmålet. Meg eg opplever at det er mest retta mot tilsette. Eg trur ikkje dei fleste studentane vil ta seg tid til å lese dette.

Dokumentet skal brukast vidare som grunnlag i ein heile tida pågåande prosess for å betre kvaliteten på utdanninga ved UiB Notatet er på 44 sider, og du kan lese heile dokumentet her.

På Høyden krever at du bekreft e-postadressen din før du kan poste innlegg. Les også våre debattregler

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed