Samde om mentorordning

Publisert:15. oktober 2012Oppdatert:15. oktober 2012, 16:14

Utdanningsutvalet er samde om at ein ønskjer ei mentorordning for studentane – i ei eller anna form.

Om lag 14 studentar per tilsett har Siri Knapskog rekna ut at det vert dersom UiB innfører ei mentorordning. Utgangspunktet er då at fast vitskapleg tilsette får ansvar for i hovudsak studentar på lågare grad.

Håpar fleire fullfører
Saka om fagleg rettleiar for alle studentar var diskutert i utdanningsutvalet måndag. Knapskog, som er studentrepresentant, hadde innleiing.

– Ein fagleg rettleiar vil gi studentane eit kjent andlet blant dei vitskapleg tilsette. Dette kan føra til redusert fråfall, terskelen for å ta kontakt med vitskapleg tilsette vert lågare, og ein kan få meir engasjerte studentar, sa ho.

I morgon vert notatet «Kvalitet i utdanning» presentert. Arbeidsgruppa har vore leia av Kuvvet Atakan, viserektor for utdanning, som òg leiar utdanningsutvalet. I notatet står det at ei mentorordning kan vera eit relevant tiltak for å styrka kontakten mellom fagtilsette og studentar. På små fag kan individuell mentorordning vera mest aktuell, medan dei større faga kanskje kan ha ei gruppevis mentorordning.

– Det er tydeleg at det er eit stort behov, sa Atakan.

Som På Høyden tidlegare har skrive, har nokre institutt allereie testa ei mentorordning. Michael Stausberg, professor i religionsvitskap, opplevde at studentane ikkje dukka opp då han inviterte til møte. Kva som skal til for at ei mentorordning skal fungera, var noko av det som vart diskutert i utvalet.

Siri Knapskog er studentrepresentant i utdanningsutvalet. Ho innleia saka om mentorordning for studentane. Foto: Hilde Kristin Strand

Vil ha frammøteplikt
– På medisin må me få til ei eller anna ordning, for dette er noko studentane spør etter. Men spørsmålet er jo korleis me kan få studentane til å faktisk stilla opp. Kanskje kan ein ha noko undervisning inn i ei slik gruppe, og så ha ei eller to studentgrupper per rettleiar, sa Anders Bærheim, professor ved Institutt for samfunnsmedisinske fag.

­– Noko av det første eg gjorde då eg vart visedekan var å prøva å få til ei mentorordning. Redselen på fakultetet var for stor til at det gjekk gjennom, sa Jan Oldervoll, som er visedekan for utdanning og internasjonalisering ved HF.

– Men eg trur at dersom dette skal fungera, så må ein ha ei eller anna form for frammøteplikt. Til dømes kan ein tenkja seg at ein kan gjera eitt gruppemøte i semesteret obligatorisk, og så opna for at dei som ønskjer det kan gjera individuelle avtalar etterpå.

Oldervoll seier at han trur at ei mentorordning er svært viktig for ein del studentar. Dette gjeld dei som kjempar med spørsmål av typen «skal eg slutta eller skal eg ikkje» og «kva fag passar for meg».

Stipendiatar som rettleiarar?
Kor mange studentar det vil verta per tilsett, vil variera mykje frå fakultet til fakultet. Juridisk fakultet vil få eit høgt studenttal. Der har ein allereie ei ordning der studentar med nokre års røynsle er hjelparar for dei ferske. Dei som fungerer som ein type mentorar, får hjelp frå ein vitskapleg tilsett.

– Men endå tettare oppfølging er eit ønskje, sa Knut Martin Tande, som er prodekan for undervisning.

Då Norman Anderssen studerte psykologi på 1980-talet, fekk han møta vitskapleg tilsette gjennom mellom anna oppgåveseminar. No er det i stor grad stipendiatane som møter studentane i slike fora.

– Kva med å bruka vitskapleg tilsette med meir røynsle som lærarar på gruppeseminar, spurte visedekanen.

– Eg er no det eg er
Men sjølv om representantane i hovudsak var samde om at ein ønskjer tettare kontakt mellom studentar og vitskapleg tilsette, kom Olaf Smedal, visedekan for utdaning ved SV, med eit lite hjartesukk:

– Det er allereie diskutert tid ein har til fosking kontra tid til undervisning og rettleiing. Dersom det vert vedteke at ein skal bruka meir tid til det ssite, trur eg mange vil protestera.

Smedal meiner at anten ein studierettleiar eller Karrieresenteret vil kunne svara på ein del av spørsmåla studentane har.

– Mange av dei lurer på kva dei kan verta. Det kan ikkje eg svara på. Eg er no det eg er, eg, og eg har vore her heile livet.

Framsidebilete: Viserektor Kuvvet Atakan i samtale med studentrepresentant Yngve Høiseth. Foto: Hilde Kristin Strand

 

På Høyden krever at du bekreft e-postadressen din før du kan poste innlegg. Les også våre debattregler

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed