På ballongferd for å leita etter strålar

Publisert:19. oktober 2012Oppdatert:22. oktober 2012, 12:57

18 millionar forskingskroner skal mellom anna nyttast til å senda opp ballongar over Ecuador og Colombia.

På 1970-talet vart ein satelitt på eit tonn sendt ut i rommet.

– Det var ein koloss, det er jo som ein buss, humrar Nikolai Østgaard, professor i romfysikk.

Men den svære satelitten oppdaga det som er utgangspunktet for prosjektet som no har gitt Østgaard 18 millionar prestisjefylte kroner: Gammaglimt på eit millisekund.

I område med torever
Dei første målingane viste berre at glimta kom frå jorda, men ein kunne sjå at dei hopa seg opp i område med mykje lyn og torden. Nye målingar frå 2005 viser at glimta kom frå mindre enn tjue kilometer frå jorda.

– Då snakkar me om tordenskyer, seier Østgaard.

Tropopausen, altså grensa mellom troposfæren og stratosfæren, er staden der tordenveret vert danna. Tropopausen er omlag åtte kilometer oppe i våre strok, men det doble rundt ekvator.

Østgaard trur no at gammaglimta har noko med lyna sjølv å gjera.

Instrument til romstasjonen
Noko av det Østgaard og teamet hans ønskjer å finna ut, er kor ofte desse gammaglimta skjer. Etter å ha gått gjennom data, ser det ut til at det skjer 200-300 gonger i året.

– Men kva om det berre er dei sterkaste som vart fanga opp, spør romfysikaren.

Noko av det gruppa difor skal gjera, er å laga ein detektor som er meir følsom enn dei som har vorte laga før. Fire ingeniørar er i ferd med å laga eit instrument som skal til den internasjonale romstasjonen. I tillegg skal det lagast ei mindre utgåve av same instrument som skal sendast opp i ballong over Ecuador og Colombia.

– Dette er område der det er mykje tordenaktivetet, seier Østgaard.

I tillegg håpar han å kunne få leiga eit fly som kan fly heilt opp til tjue kilometers høgde. Dette kan gjerast i USA – men kostar mykje pengar.

Ein graf kan visa forholdet mellom talet på gammaglimt og styrken deira. Noko av det professoren ønskjer å finna ut, er kor ofte slike gammaglimt faktisk oppstår. Han er usikker på om alle vert fanga opp ved hjelp av dei instrumenta ein har i dag. Foto: Hilde Kristin Strand

Svært ettertrakta
Dei 18 millionane han no har fått beskjed om at han vil få, er frå det europeiske forskingsrådet. ERC Advanced Grants er blant dei mest ettertrakta i Europa, og skal støtta leiande, etablerte forskarar i verdsklasse.

– Det er tredje gongen me prøver å få desse midlane no, det er ikkje akkurat pengar som kjem rekande på ei fjøl. Første gongen me søkte gjekk søknaden nesten gjennom, andre gongen vart det tvert nei, seier Østgaard.

Det er ikkje dei same som evaluerer søknadane kvar gong. Ifølgje Østgaard er det denne gongen seks personar som har vore involvert.

– Alle synest dette er spanande og moro, seier professoren.

Han har med seg to postdoktorar og ein doktorgradsstipendiat samt ein ingeniør. I tillegg kjem to utanlandske forskarar som skal vera knytta til prosjektet i tjue prosent kvar.

Sjølv om 18 millionar kroner kan høyrast mykje ut, er det ikkje meir enn ein treng til ein femårsperiode, seier Østgaard. Han er difor glad for at UiB plussar på løyvinga med 25 prosent. I tillegg er Østgard og teamet hans med i finalen om å verta Senter for fremragende forskning. Vert dei det, er det snakk om mykje pengar – og 45 menneske tilsett i ti år. Kven som får pengar, vert bestemt at Forskningsrådet i november.

På Høyden krever at du bekreft e-postadressen din før du kan poste innlegg. Les også våre debattregler

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed