Årets beste forelesar er kåra

Publisert:17. oktober 2012Oppdatert:2. oktober 2013, 11:18

Nils Åge Frøystein lagar gjerne skumfontene, og hevdar tavleundervisning er interaktivt. No har studentane på Det matematisk-naturvitenskaplige fakultet kåra han til årets dyktigaste forelesar.

– For å utdanne gode studentar treng ein gode forelesarar, sa dekan ved Dag Rune Olsen då han delte ut Forelesarprisen tysdag.

Ifølge studentane ved Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet heiter årets beste forelesar Nils Åge Frøystein, og underviser i molekylær fysikalsk kjemi og statistisk termodynamikk.

Tid er nøkkelen
–  Du får ros for å legge fram vanskelege tema på ein forståeleg måte. Korleis førebur du deg?

–  Eg er interessert i faget. Eg trur ei interesse for stoffet ein skal formidle er naudsynt. Eg er òg interessert i det å formidle. For at undervisninga skal flyte er det òg nyttig å kunne stoffet godt sjølv. Eg seier til studentane at dersom dei skal få til faget, må dei jobbe med stoffet. Det er det same med undervisning. Ting tek tid, seier Frøystein til På Høyden.

Prisen Nils Åge Frøystein har vunne er på 30.000 kroner, og er studentane sin eigen pris. Det er Realistutvalet (RU) som nominerer og kårar vinnaren etter forslag frå dei ulike fagutvala på institutta.

–  Når ein har putta timar og innsats inn i undervisninga og får slik ei positiv tilbakemelding som denne prisen, er det inspirerande, seier Frøystein.

Droppar sprengstoffet
–  Kva grep nyttar du i undervisninga?

– Dersom ein får studentane til å ta del, og ein får til litt dialog, er det bra.  Elles kan rett bruk av tavleundervisning vere vel så interaktivt som ein Powerpoint-presentasjon. Då laboratoriekurset på introduksjonsemnet vart kutta ut, tok eg med meg noko av dette inn i forelesingsalen. Her har vi litt demoar der eg til dømes viser fargereaksjonar og lagar skumfontene. Men eg kan jo ikkje akkurat ta med meg sprengstoff til timen, heller.

«Nils Åge viser ei omsorg for studentane sine som er i særklasse på Mat-Nat. Nils Åge er alltid til stades for studentane sine, og gjer sitt ytterste for å hjelpe studentane gjennom ein skog av kompliserte matematiske formlar», står det i grunngjevinga frå Realistutvalget.

– Å leie eit fag er mykje meir enn det å undervise. Og å undervise er meir enn det å forelese. Det er å rette oppgåver, svare på meldingar på Mi side, og å rettleie kollokvier, seier Frøystein.

–  Du bruker ein del tid på undervisning. Får du forska nok sjølv?

–  Konflikten mellom forsking og undervisning kjenner vel alle på, spesielt i dei travlaste semestera. Eg har også opplevd semester der eg har kjent at det har vore i meste laget.

Dekan Dag Rune Olsen gratulerer Nils Åge Frøystein med prisen. Prisutdelinga er ein del av VEI-veka på MatNat, der studentane skal få informasjon om moglege karriereval.

 Likar ikkje «plikt»
–  Det heiter seg at ein skal drive med forsking, undervisning og formidling. Ein snakkar gjerne om undervisningsplikt. Eg tykkjer «plikt» er eit uheldig ord, det har noko litt negativt ved seg. Når ein underviser i noko som interesserer ein, og kjenner at ein får det til å flyte, synest eg det er kjekt, seier Frøystein. 

– Ei utfordring: Eg har ikkje hatt kjemi sidan naturfag i første klasse på vidaregåande. Kan du på ein enkel måte forklare kva faget «Molekylær fysikalsk kjemi og statistisk termodynamikk» handlar om?

– Skal vi sjå. Kjemi er læra om stoff i endring. Stoff er samansett av bittesmå ting, nemleg molekyl. På dei kan vi ikkje nytte den same fysikken som på dei store tinga rundt oss, for dei små tinga gjeld ein eigen fysikk eller mekanikk, nemleg kvantemekanikken. Denne må også kjemikarar kunne noko om. På eit kjemilaboratorium studerer vi mange av desse molekyla på ein gong, til dømes i ei løysing i eit begerglas. I eit glas er det ufatteleg mange molekyl. Og når ein vil sjå samanhengen mellom den einskilde og dei mange, kva gjer ein då? Ein nyttar statistikk, ei statistisk varmelære.

Foto: Ida Bergstrøm 

 

På Høyden krever at du bekreft e-postadressen din før du kan poste innlegg. Les også våre debattregler

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed