Alle skal med

Publisert:30. oktober 2012Oppdatert:30. oktober 2012, 11:33

Men korleis skal alle som arbeider på UiB bruke digitale verktøy på ein betre måte?

Uansett kvar på UiB ein arbeider, må ein i større eller mindre grad utføre jobben med digitale verktøy.  Kva kunnskap treng dei tilsette? Korleis kan alle tilsette bruke IKT på smartast vis? Dette var blant spørsmåla som vart stilte då Jill Walker Rettberg arrangerte teknologiseminar i går.  

 Ikkje Word og Excel
Vi har eit klart behov for betre IKT-kompetanse, sa viserektor for utdanning, Kuvvet Atakan. Saman med Jill Walker Rettberg har han teke initiativ til å diskutere digitale læringsverktøy og IKT-kompetanse på UiB.

– Som universitet kan vi ikkje drive opplæring i Office. Men vi kan drive med dei samansette, vanskelege problemstillingane, sa Kuvvet Atakan.

 

Paneldebatt om digital kompetanse. Frå venstre: Livar Bergheim, Kuvvet Atakan, Torgeir Waterhouse og Jill Walker Rettberg. (Foto: Ida Bergstrøm)

 – Sats på det nyttige
Kva som er UiB sitt siktemål, både som forskingsinstitusjon og arbeidsplass, var noko av kjernen i diskusjonen under paneldebatten.

– I ei ideell verd hadde alle kunna gode verktøy. Slik er det ikkje. Kurs på utvalde program hadde gjeve mange høve til å spare mykje tid. Ein kan hevde at det et universitet sitt ansvar å fylle studiet med den IKT-kompetansen som er relevant, sa Torgeir Waterhouse. Torgeir Waterhouse er aktiv i debattene om Datalagringsdirektivet (DLD) , samt direktør for Internett og nye medier hos IKT-Norge.

– Vi må vekk fra ein digital determinisme til ein digital pragmatisme. Bruk det hvis det er nyttig, men dropp det hvis det er unyttig, sa Torgeir Waterhouse.

Jan Reinert Karlsen er førsteamanuensis ved Senter for vitenskapsteori. Karlsen hevda at ein må ha ein klar plan dersom ein skal gå aktivt til verks for å heve IKT-kompetansen til dei tilsette.  

– Ein må kartlegge kva som er relevant kompetanse for kven. Og til kva, sa Jan Reinert Karlsen.

– Spørsmålet vi må stille oss er ikkje: Kva bør alle kunne? Spørsmålet bør heller vere? Korleis kan vi legge til rette for at den enkelte utviklar seg til seg til å verte kritiske og reflekterande, men også handlande menneske i samfunnet vi lever i?

Digital danning
Jan Reinert Karlsen meiner vi treng å sjå IKT i eit danningsperspektiv.

– Universitetet sitt samfunnsoppdrag er ikkje berre å  følge digitaliseringa. Vi skal ligge i forkant, være eit kritisk korrektiv, vi skal forske fram ny dannelse og kunnskap.

Livar Bergheim representerte fagutvalget i informatikk. Han støttar tanken om at ei klar målretting er nødvendig dersom ein skal lukkast.

– Då eg var ny student i 2005 tok eg eit innføringskurs i IT. Det var ei 08.15-forelesing, men eg vakna fort då eg blei introdusert for høgre og venstre museknapp. Dette treng vi altså ikkje. Men vi treng evne til kritisk tenking, kunnskap om personvern og tryggleik, sa Livar Bergheim.

Dette vert støtta av Kuvvet Atakan.

– Digital danning er eit omgrep eg har svært sans for. Dette krever ein kultur, og den må vi bygge.

Utvikling må styrast av faga
Kuvvet Atakan er professor i seismologi. Han meiner alle fag har eit behov for digitale verktøy som er utvikla innanfor faget. Dette gjer at ein som forskar ikkje kan stille seg på sida av digitaliseringa.

– Eit spørsmål som har plaga meg heile livet er korleis vi som fagpersonar kan få legge premissa for IT-arbeidet i vårt eige fag. I dag er vi prisgjevne utviklarar som skal verke innanfort vårt fag og gje oss dei verktøya vi treng. Kan vi stole på at dei forstår behova våre?

Dette er noko Jill Walker Rettberg vil ta med seg i det vidare arbeidet med IKT på UiB.

– Vi ser heilt klart at dette må komme fra eige fag, seier Jill Walker Rettberg til På Høyden.

 

På Høyden krever at du bekreft e-postadressen din før du kan poste innlegg. Les også våre debattregler

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed