– Må kunne kommunisera på engelsk

Publisert:22. oktober 2012Oppdatert:17. april 2018, 22:44

Viserektor Astri Andresen meiner det er utenkjeleg at ein ikkje skal kommunisera på engelsk i 2012. Men samstundes er ho òg oppteken av andre språk enn engelsk.

– Tysk er eit viktig akademisk språk, slær visekretor for internasjonale relasjoner, Astri Andresen, fast.

– Mykje kultur er formidla på nettopp tysk, og det er viktig å utvikla og halda ved like kompetansen i europeiske språk. Tyskland er framleis viktig, mellom anna har me mykje forskingssamarbeid med tyske universitet.

Kinesisk og japansk, tysk og fransk
Sist veke vart seminaret «Internasjonalisering og undervisningsspråk» arrangert. Her vart fleire problemstillingar løfta fram: Kvalitet på førelesingane som vert gitt på engelsk av norske forskarar, språkval på institutt som har mange utanlandske tilsette, kompensasjon for å gi undervisning på engelsk og toårskravet.

Andresen seier at det første som skjer, er at gruppa som arrangerte seminaret skal evaluera og oppsummera. Ho er tydeleg på at noko engelsk skal og må ein ha, men er altså oppteken av at det òg må vera plass til fleire språk.

– Det er viktig at universitetet kan tilby eit repertoar av språk. Eg meiner ikkje at ein ikkje skal læra dei nye språka, som kinesisk og japansk, men det er ikkje slik at hjernen vert fylt av eitt språk. Både tysk og fransk er viktige språk innan akademia.

Skal kunne norsk etter to år
Toårskravet vart nemnd fleire gonger under seminaret. Det viser til at alle som er tilsett i faste stillingar ved UiB har sagt ja til at ein skal kunne norsk i løpet av to år.

– Det er ein grunn til at ein har dette kravet – me er eit norsk universitet, i Noreg. Store deler av undervisninga går føre seg på norsk, og norsk er administrasjonsspråket. Dersom ein ikkje meistrar norsk, er det mange oppgåver ein ikkje kan ta del i, seier Andresen.

Under seminaret vart det mellom anna peika på at norske tilsette meiner at det er oppgåver dei med annan bakgrunn slepper unna, mellom anna komitearbeid og sensur. Bakgrunnen er nettopp norskkunnskapane.

Andresen seier at det ikkje høyrest ut som om språkkunnskapane vert sjekka etter to år. Men samstundes seier ho at det er vanskeleg med sanksjonar.

– Det handlar nok delvis om kor kloke me er i praktiseringa av kravet. Dei som kjem frå utlandet har skrive under på at dei skal læra seg norsk. Samstundes må me som universitet vera flinke til å visa at me er medvitne i forhold til språk, og me må vera flinke til å understreka at ein skal læra norsk. Og alle partar må vera fleksible i forhold til arbeidsplikt, meiner viserektoren.

Viserektor Astri Andresen meiner det må vera plass til fleire språk ved UiB. Arkivfoto: Fredrik Mandal

Undervisningsspråket=norsk
I «Både i pose og sekk. Framlegg til språkpolitikk for Universitetet i Bergen» (2007) heiter det at «norsk er hovudspråket til Universitetet i Bergen. Det vil seie at undervisningsspråket, administrasjonsspråket og det daglege arbeidsspråket til vanleg er norsk. Universitetet legg også stor vekt på god kontakt med internasjonal forsking, noko som krev at delar av verksemda må skje på eit av dei større internasjonale språka, oftast engelsk. For både å vere aktiv i internasjonal forsking og å ta i vare ansvaret overfor det norske samfunnet har Universitetet som mål å utvikle mest mogleg parallellspråkleg praksis. Valet av språk bør vere formålsretta og ikkje styrt av politisk prestisje. Det skal praktiserast godt språk både på norsk og på framandspråk».

Andresen seier at mange opplever at når ein snakkar på eit anna språk enn morsmålet, kjenner ein seg mindre fri og presis.

– Men det treng ikkje å bety at det vert dårlegare undervisning. Eg trur me gir mykje god undervisning – både på norsk og engelsk, seier Andresen.

Ho seier at som universitet i 2012 må ein ha både førelesarar og studentar frå andre land, og ein må få sendt norske studentar ut i verda.

– Ein må kunne kommunisera på engelsk, det er utenkjeleg at ein ikkje skal kunne det, seier Andresen.

Men samstundes er ho tydeleg på at ein er eit norsk universitet, og at det er viktig å få utvikla norske fagtermar.

– Me ser at miljøa med mange utanlandske tilsette har lett for å gå over til å berre snakka engelsk. Eg trur det er å gjera dei som kjem hit ei bjørneteneste, og ikkje gunstig i det lange løp, seier Andresen.

Framsidefoto: Jan Kåre Wilhelmsen

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed