Vil ha personlege rettleiarar for alle studentar

Publisert:4. september 2012Oppdatert:5. september 2012, 08:42

Studentparlamentet krev at studentane skal få ein personleg rettleiar frå første dag på universitetet. – Ei slik ordning vil ha veldig positive følgjer, meiner Siri Knapskog.

Ho er fag- og forskingspolitisk ansvarleg i arbeidsutvalet til Studentparlamentet.

– Rettleiaren er meint å vere eit kjent ansikt, og ein som kan rettleie studenten i det akademiske liv, hjelpe dei med kva emne dei skal ta, og sjå korleis det går med dei, fortel Knapskog entusiastisk.

Ho peiker på at svært mange studentar fell frå i byrjinga av studia fordi dei ikkje føler seg sosialt integrerte. Matematisk institutt har allereie starta opp ei liknande mentorordning.

– Over tid kan eit slikt tilbod om å komme og møte ein rettleiar hjelpe, og det vil og senke terskelen for å ta kontakt med vitskapleg tilsette. Dette vil ha særs positive følgjer. På same tid treng det ikkje å føre til ei veldig stor arbeidsbyrde for dei tilsette, meiner Knapskog.

– Studentrepresentantane vil ta saka opp i Utdanningsutvalet 15. oktober.  Vi har fått veldig positive tilbakemeldingar frå leiinga på forslaget. No ønskjer vi og innspel frå dei tilsette.

 

Leiar av studentparlamentet, Anita Tøien Johansen, og Siri Knapskog vil at alle studentar skal få ein personleg rettleiar frå første dag på UiB. Foto: Dag Hellesund

På Høyden krever at du bekreft e-postadressen din før du kan poste innlegg. Les også våre debattregler

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed