Testa tvangstankane

Publisert:24. september 2012Oppdatert:24. september 2012, 15:45

OCD-teamet i Helse Bergen fekk pris for beste stand under Forskningsdagane sitt forskingstorg i helga. Der kunne ein få testa tvangstankane sine.

– Kjensler er ikkje farlege, slær Audun Havnen fast.

– Ubehagelege  kjensler som vert vekt i situasjoner som eigentleg ikkje er farlige, kan sjåast på som falsk alarm: Om ein ikkje reagerer, går dei over av seg sjølv, seier han vidare.

Havnen er doktorgradsstipendiat i Helse Bergen og jobbar ved OCD-klinikken på Sotra som På Høyden skreiv om før helga.

I helga var OCD-temaet ein av totalt 31 aktørar på forskingstorget på Festplassen. Juryen, to barn og to vaksne, kåra dei til den beste standen.

Publikum likte det dei såg og fekk gjera på OCD-teamet sin stand i helga. Foto: Haukeland universitetssjukehus

Stikka handa i do
Standen hadde fått namnet «Test dine tvangstanker». Målet var å visa at slike falske alarmar er ufarlege.

– Me hadde to forsøk. Det eine var at publikum skulle ta på eit toalett i ei viss rekkefølge. Først på loket, så knappen, deretter innsida av ringen og til slutt nedi vatnet.  Det vil dei fleste oppleva som ekkelt, men det er  i grunnen er ganske ufarleg.  Det andre var at ein skulle prøva å ta livet av nokre gullfiskar ved hjelp av tankens kraft, og deretter kunne ein prøva å stikka nåler i vodoo-dokker medan ein tenkte på ein av oss som stod ved sidan av med bind for augene, forklarar Havnen.

Igjen oppgåver som kunne vekkja ubehag, men som er harmlause.

– Mange syntest dette var ubehageleg, barna likte ikkje tanken på å kunne ta livet av fiskane, legg han til.

Målet med dette forsøket var å visa at tankar ikkje har magisk kraft sjølv om dei vekkjer ubehag.

Då juryen hadde sagt sitt, fekk OCD-teamet skryt for både entusiasme og for å få fram poenget på ein god måte.

Trenar på det ekle
OCD står for Obsessive Compulsive Disorder, eller tvangslidingar, og OCD-teamet i Helse Bergen behandlar etter ERP-metoden (eksponering med responsprevensjon). Det vil seia at pasientane vert utsett for det dei fryktar, utan å gjera rituale.

– Første gongen ein vert beden om å ta på toalettringen, synest dei fleste det er ekkelt og ubehageleg, men klarar det etter kort tid. Når ein har trent på dette nokre gongar, er neste steg gjerne å stikke hendene i vatnet, noko som på nytt vekkjer ubehag.  Når ein har trent nokre  gongar på dette, vil de fleste synes det er heilt okey å ta på ringen. Kanskje trivielt, men eit heilt sentralt prinsipp for å overvinne OCDen, seier Havnen.

Jobba på Østmarka
Tvangslidingar og den såkalla ERP-behandlingsmetoden har fått mykje merksemd i media, mellom anna i programmet «Psyk forandring» på TV3. Serien vart spelt inn på Østmarka behandlingssenter utanfor Trondheim.

– Det er flott med merksemda - og ein god måte å nå endå fleire, meiner Havnen.

I OCD-teamet, som er leia av professor Gerd Kvale, er det som På Høyden skreiv før helga to doktorgradsstipendiatar. I tillegg får ferske psykologistudentar deltidsjobb som assistent.

- Det er kjempeviktig. Eg hadde det sjølv, på Østmarka, då eg studerte i Trondheim. Psykologistudiet er ganske teoritungt, i alle fall dei første åra, seier Havnen.

 

 

På Høyden krever at du bekreft e-postadressen din før du kan poste innlegg. Les også våre debattregler

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed