Hjortane i Vingen

Publisert:28. september 2012Oppdatert:2. oktober 2013, 11:18

I Vingen, inst inne i Frøysjøen, har ein no funne nye spor etter dei som var før oss. Her samla nokre få personar seg for å få kontakt med underverda.

Hjortar, mennesketeikningar og reiskapar. I Vingen i Nordfjord finn ein den største samlinga av helleristingar i Sør-Noreg.

– Me finn stadig noko nytt, seier arkeolog Trond Lødøen.

I år er det hundre år sidan overrettssakførar Kristian Bing frå Bergen, som eigentleg berre skulle klatra på Hornelen, kom attende og rapporterte om funn av helleristingar. Ikkje lenge etter var den unge arkeologstudenten Jan Petersen ein av dei første fagfolka på staden. Han var sendt ut frå dåverande Bergens Museum, seinare Historisk museum og no Universitetsmuseet i Bergen.

Etter han har det vore mange arkeologar i Vingen.

– Dei siste åra har me vore der to-tre måander i året, fordelt over fleire kortare periodar, seier Lødøen. Han har no skrive boka «Vingen. Et naturens kolossalmuseum for helleristninger» saman med Gro Mandt, professor emerita ved Institutt for arkeologi, historie, kunst- og religionsvitenskap.

Trekte opp frå underverda
Lødøen fortel at forskarane trur Vingen var ein stad der berre få steinaldermenneske fekk vera.

– Me har funne eit rikhaldig materiale i Vingen, både reiskapar og fleire hytter me trur steinaldermenneska har budd i når helleristingar var viktig for samfunnet dei var ein del av. I nærområdet har me funne spor av vanleg liv, men det ser ut som det berre er eit fåtal som har vore i Vingen, seier Lødøen.

Dette grunngir han mellom anna med at helleristingane er like i utforminga. Dei fleste viser hjortar, men det er òg teikningar av menneske. Nokre av desse held stavar som liknar dyrehovud.

– Ein hadde ei oppfatting av at dersom ein laga noko som likna dyret, ville ein få kontroll over denne typen dyr. Me trur at det er nokre utvalde som har reist til Vingen. Det har dei truleg gjort når det var viktig å kommunisera med underverda, til dømes i samband med dødsfall, seier Lødøen.

Mange av helleristingane tek utgangspunkt i naturlege sprekker i berget.

– Då vart det slik at ein «trekte opp» ein hjort frå underverda, seier Lødøen.

Tidlegare trudde ein at funna i Vingen kunne strekka seg over ein periode på opp til 4000 år. Nyare funn forskarane har gjort gjer at ein no trur at det vart rissa på berga i Vingen frå om lag år 7000-6200 før i dag.

For to veker sidan var det mykje folk i Vingen. Kystvakten frakta inviterte gjester frå Florø. Hjortefigurar som den i framgrunnen, finst det fleire av. Foto: Siri Skretting Jansen

«Eventyret hans Peder»
Det var ein gard i Vingen. Dei som budde der, visste truleg om helleristingane allereie på 1880-talet. Då Bing kom til staden, fekk han kontakt med eigar Thue Gullaksen Vingen. Han og sønene hans rapporterte seinare til Bing om funn både i Vingen og Vingelven – næraste nabo. Den siste som budde i Vingen, Peder  Vingen, flytta frå garden på slutten av 1930-talet. Men i Vingelven bur det framleis folk, og boka som no er skriven, er dedisert til innbyggjarane der. Sjå bokoverrekkinga her.

– Me forskarar har vore heilt avhengige av dei. Både i forhold til transport og få låna telefon, og dei første arkeologane som kom hit fekk òg hjelp til å laga mat. Men ikkje minst har dei som bur i Vingelven vore viktige i forhold til å fortelja oss historie og om vêrteikn, seier Lødøen.

Peder Vingen var grandonkelen til dei som bur i Vingelven i dag. Han kjente kvar stein, berg og tue, og visste kva helleristingar som berre kom til syne når sola skein på ein spesiell måte. Grandonkelbarna kalla dette «eventyret hans Peder».

Ikkje i land utan guide
Lødøen seier at målet med boka har vore å gjera historia om både helleristingane og dei som har budd i området kjent for fleire. Ein kan nemleg ikkje gå fritt i området på eiga hand.

– Ein kan ikkje gå i land utan guide. Men det vert arrangert turar til Vingen heile sommarhalvåret, seier Lødøen.

Ein periode var det mange som reiste til Vingen. Igjen etter dei låg både eingangsgrillar og boss, og det var tydeleg at det hadde vore hundar der.

– Me måtte få kontroll på det ureglementerte, seier Lødøen.

Han trur det er meir materiale å henta i Vingen.

– Til dømes under torv, under steinar og på små steinar. Det verkar nærast utømmeleg, og det dukkar stadig opp nye problemstillingar.

Forfattarane Trond Lødøen og Gro Mandt saman med Rolf og Anja Vingelven. Boka er dedisert til innbyggjarane i Vingelven, som ifølgje Lødøen har vore til stor hjelp for forskarane. Foto: Siri Skretting Jansen

 

Trond Lødøen har vore i Vingen mange gonger. Forskaren trur det er meir materiale å henta i området, som ligg i Bremanger kommune. Foto: Frå boka/Gro Mandt

 

Framsidefoto: Frå boka: Trond Lødøen

 

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed