Gir språk til folket

Publisert:18. september 2012Oppdatert:19. september 2012, 13:00

Industrispråk, strilemål og knot er noko av det som vert tema når HF viser seg fram under Forskningsdagane. Doktorgradskandidat Ann-Kristin Molde vil visa at HF-arar òg er viktige.

– Tema for årets forskningsdagar er «samfunn». Kven skal då vera med om ikkje HF skal, spør Ann-Kristin Molde.

Ho er doktorgradskandidat ved Instiutt for litterære, lingvistiske og estetiske studium (LLE) og med på Forskningsdagene for femte året på rad. For to år sidan vann ho Forsker Grand Prix, i år er ho programleiar for «Det sosiale språket» som vert arrangert på Bergen offentlige bibliotek torsdag kveld.

Fana, Øygarden og knot
– Når ein treff nye menneske, er noko av det første ein spør om kor ein kjem frå. I Danmark spør ein heller kva ein jobbar med, seier Ragnhild Anderson, postdok ved same institutt.

Ho forskar mellom anna på språkhaldningar, og skal halda innlegg om det.

– Danskar som er spurt direkte om kva dialekt dei synest er finast, svarar sin lokale. Men dersom spørsmålet vert stilt indirekte, er svaret københavnsk. Òg i Noreg svarar ein sitt eige på spørsmål om kva språk dei likar best. Men den indirekte målinga av språkhaldningar ser ut til å vera mindre styrt av det dialektale her hos oss, og svara er meir samansette, seier Anderson.

To masterstudentar skal snakka om talemålet i Fana og i Øygarden, medan ein stipendiat skal ta føre seg talemålet på  industristadane.

– Industristadprosjektet er leia av professor Gunnstein Akselberg, og ein forskar på talemålet i Odda, Tyssedal, Årdal og Sauda. Dette er stader der industrien raskt vaks fram, og der ein hadde mykje kontakt med verda kring ein. Det gjorde at den lokale dialekten ikkje vart dominerande på same måte, forklarar Molde.

Men no er det ikkje like mykje industri lenger på desse stadane, og kva skjer med språket då? Det er noko av det språkforskarane ser nærare på.

I tillegg til desse temaa, vert det innlegg om knot og om talemålsutviklinga i Noreg. Går ein mot ei regionalisering, der talemålet i dei store byane i større grad dominerer målet i bygdene rundt?

Doktorgradskandidat Ann-Kristin Molde og postdok Ragnhild Anderson, begge frå LLE, forskar på språk. I morgon er dei to av totalt sju språkforskarar som skal fortelja om talemål under Forskningsdagene. Arrangementet er ope for alle. Foto: Hilde Kristin Strand

Forskar utan reagensrøyr
Molde er oppteken av at forskarar frå HF skal visa seg fram. For sju år sidan, medan ho var hovudfagsstudent, skreiv ho eit lesarbrev til Bergens Tidende der ho etterlyste meir deltaking frå nettopp HF under Forskningsdagene.

– No er det femte året eg er med. Frå mi side er det heilt bevisst, eg vil synleggjera at reagensrøyr ikkje er viktigare enn det me forskar på. Ein del av dei naturvitskaplege faga kan nok ha arrangement som der og då gir ei meir morosam oppleving, det er ikkje så mykje som smell hos oss, seier Molde.

Men nettopp fordi store deler av forskinga som skjer ved HF ikkje vert materialisert i eit konkret produkt, meiner ho at det er viktig å visa kva som skjer ved fakultetet.

– Forsking er både glede og nytte. Eg meiner at samfunnet treng innsikt i kulturelle og sosiale prosessar, seier Molde.

Eit språktolerant folkeslag
I omtalen av «Det sosiale språket» heiter det at «språk foregår alltid i et sosial rom. Dette sosiale rommet påvirker både språket i seg selv og de oppfatninger vi har om det. På denne måten er språk et sosialt fenomen, som både opprettholdes og endres av samfunnet det er en del av».

– Dialektane står sterkt i Noreg, nordmenn er språktolerante, seier Anderson.

– No har til og med Dagsrevyen opna opp for at ein kan snakka sin eigen dialekt.

Ho fortel at når ein forskar på språkutvikling, samanliknar ein talemålet til dei eldre versus dei yngre. På alle stadane som er med i prosjektet Dialektendringsprosessar, vart det òg gjennomført undersøkingar for mellom 30 og 40 år sidan. Nokre av informantane har ein intervjua på nytt no. Det gjer at ein òg kan sjå korleis det individuelle språket endrar seg.

– Men det er vanskeleg å generalisera resultata når ein er på individnivå, seier Anderson.

På Høyden krever at du bekreft e-postadressen din før du kan poste innlegg. Les også våre debattregler

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed