Vil minnast Tore Eikeland

Publisert:8. august 2012Oppdatert:2. oktober 2013, 11:18

- Tore var open og kunnskapstørst. Dette er i tråd med ideala til UiB. Og i kontrast med det tankegodset som låg bak angrepa, seier student Stein Ove Lien.

Stein Ove Lien (27) er masterstudent i medievitenskap ved UiB. Han var ein nær ven og partikollega av Tore Eikeland som døydde på Utøya, 21 år gamal.

Tore Eikeland studerte samanliknande politikk ved UiB. Tirsdag 14. august vert minneplata etter Eikeland avduka på Studentsenteret.

 Ville skape ei betre verd
- Eg er glad for at han blir heidra på denne måten, seier Stein Ove Lien til På Høyden.

Han møtte Tore Eikeland i AUF i Hordaland. Den felles interessa for politikk gjorde at dei vart nære vener.

- Tore hadde ei enorm tru på partiet, og på politikk som ein veg til å gjere verda betre. Han brukte mykje tid på politikken og hadde aldri fritid. Eg veit han sette pris på å gå på Samanliknande politikk, han visste han kunne bruke dette politisk seinare. Særleg var han interessert utanrikspolitikk. Han følgde latinamerikansk og russisk politikk tett. Men AUF-arbeidet var ein livsstil for Tore, og eg undra meg over korleis han fekk tid til å studere i det heile teke.

Rektor Sigmund Grønmo sitt minneord i gravferda til Tore Eikeland

Ekstremt vitebegjærlig
- Han var truleg det mest morosame mennesket eg har møtt. Han hadde ein humor og ein inkluderande måte å være på, og var frykteleg lojal. Sjølv om han hadde det travelt klarte han alltid å finne tid til oss som sto han nær. Tore var ekstremt vitebegjærlig og villig til å dele av entusiasmen sin over det han hadde lese. Og når eg slit med ei skuleoppgåve tek eg meg sjølv i å tenke at Tore skulle ha vore her. Kunne eg ha drøfta dette med han, ville eg ha fått eit anna perspektiv, sier Stein Ove Lien.

- Ein lærte alltid noko av å være i lag med Tore, sier Stein Ove Lien (biletet).

Minnast alle 22.juli-ofra
Minneplata skal plasserast i midtsøyla på Studentsenteret, ein stad som hundrevis av studentar passerer kvar dag. På denne måten vil UiB også minnast alle dei som døydde i terroråtaket.

Statsråd Anne-Grete Strøm-Erichsen skal avduke minneplata. Familie av Eikeland, representantar frå studentorganisasjonar, NTL, LO,  Arbeiderpartiet, AUF og det politiske miljøet vil også være til stades. Forfattar Frode Grytten skal lesa «Eit dikt for dei unge».

- Alle som kjende Tore har omtala han som eit spesielt varmt, hyggeleg og engasjert menneske. Han var den einaste fra UiB som forsvann på Utøya. Men vi håper at minneplata på eit vis kan være eit minnesmerke over alle som døydde på Utøya og i Regjeringskvartalet, seier Lise Rakner, instituttleiar ved Institutt for Samanliknande politikk.

 

 

På Høyden krever at du bekreft e-postadressen din før du kan poste innlegg. Les også våre debattregler

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed