Måtte halde seg på kontora under opningsfesten

Publisert:17. august 2012Oppdatert:20. august 2012, 09:24

Dei tilsette var skuffa over at dei ikkje fekk delta på den offisielle opninga av det nye odontologibygget. – Det hadde vore kjekt om alle dei tilsette kunne ha vore med på seremonien, sier Anne Nordrehaug Åstrøm.

Dei tilsette trudde lenge at alle skulle få vere med, men fekk melding om at dei i staden måtte halde seg på arbeidsplassane sine, skriv bt.no.

– Det same skjedde då dei opna BBB-bygget på Haukeland. Då dei opna Studentsenteret var det og berre nokre få som fikk vere med. For ettertida håper eg at dei tilsette og får vere med på slike arrangement, seier instituttleiar Åstrøm til På Høyden.

Dei tilsette har tidligare hatt ein stor innflyttingsfest saman med Statsbygg, og dei skal ha ein ny fest i haust.

Åstrøm fortel at dei tilsette fikk kake og frukt under opninga i vrimlearealet på odontologibygget.

– Ein ville gjerne ha folk i arbeid når statsrådane Anne-Grete Strøm-Erichsen og Kristin Halvorsen fekk omvisning på bygget. Det var menneska som jobbar her dei ville snakke med, seier Åstrøm.

Brukarane er svært nøgde med bygget, sjølv om dei nye kontora er mykje mindre enn kva somme er vande med.

– Dei er litt meir minimalistiske, med glas og gjennomsiktige dører. Det er slik ein byggjer i dag, og det blir ein overgang. Vi har kjøpt inn hyller, og dei fleste byrjar å komme på plass no. Alle er einige om at det er eit fantastisk flott bygg, som vi er veldig stolte av, seier Åstrøm.

 

Dei tilsette fekk ikkje sjå på då administrerande direktør Øivind Christoffersen ga ein symbolsk nøkkel til kunnskapsminister Kristin Halvorsen, før rektor Sigmund Grønmo fekk overlevert bygget UiB har venta på i meir enn 20 år.

På Høyden krever at du bekreft e-postadressen din før du kan poste innlegg. Les også våre debattregler

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed