Dette faget aukar mest

Publisert:13. august 2012Oppdatert:2. oktober 2013, 11:18

–At petroleums- og geofag har hatt ein markant auke er bra, og i tråd med samfunnsutviklinga, seier viserektor for utdanning, Kuvvet Atakan.


Heile 208 søkarar konkurrerte om dei 60 plassane på Bachelorprogram i petroleum- og prosessteknologi. Det utgjer ein auke på 73 prosent fra forrige opptak. Dette popularitetsspranget er det største i opptaket dette året.

Ønskt endring
Viserektor for utdanning Kuvvet Atakan er nøgd med at så mange studentar ynskjer å ta ei utdanning som er tilpassa arbeidsmarknaden.

– Det er gledeleg at studentane har blitt merksame på samfunnsendringane. Vi ser at dei har blitt meir orienterte mot dei behova samfunnet har. Dette er ei endring vi har arbeidd for, seier viserektor for utdanning Kuvvet Atakan til På Høyden.

Færre vil til HF og SV
Årsstudiet i psykologi har sett den største nedgangen. 16 prosent færre enn i fjor ønsker å ta dette faget. Samla nedgang for søknad til Det psykologiske fakultet er på 7,3 prosent. Omrekna vil dette seie 110 personar. Også Det samfunnsvitskapelege faktultet og Det humanistiske faktultet har tapt popularitet sidan i fjor, med høvesvis 5,7 og 5 prosent færre søkarar.

Det matematisk-naturvitskaplege fakultet har fått den største auken i talet på søkarar. 13,1 prosent fleire enn i fjor ønskjer å studere her. Det vil seie i alt 1134 personar. For fjerde år på rad har realfaga ei stigande kurve. 

 – Dei siste oljefunna kan også ha hatt innverknad på utdanningsvala til studentane. Samfunnet treng desse arbeidsplassane, og vi treng fleire som tek høgare utdanning innanfor desse faga. Eg må seie det er ei gledeleg endring i søkaratferda.

Les også: Her er tala fra 2011-opptaket

Overbookar med 2500 personar
I år har UiB fått 40 nye fullfinansierte studieplassar. 20 av desse var øyremerka realfag, 10 var fordelte til medisin. UiB valde å nytte dei resterande 10 nye plassane til opprette kinesiske studier.

Dei eksakte tala fra dette års opptak vil være klart etter 1. september, når fristen for oppmelding til eksamen har gått ut. Men tal fra Samordna Opptak viser at UiB i hovudopptaket sende ut 6500 tilbod om studieplass.

– UiB har 4000 fullfinansierte studieplassar. Korleis er forholdet mellom dette talet og talet på tilbod?

– Vi baserer oss på statistikk fra tidlegare år, og estimerer ut fra dette, seier Kuvvet Atakan.

– Kva skjer dersom fleire enn det overslaga tilseier faktisk startar på studiet dei har fått tilbod om? 

– Dei studentane vil få plass. Men vi må bruke av eigne ressursar for å finansiere utdanningsløpet deira. Når vi har sendt eit tilbod reverserer vi ikkje dette.

– Og dersom færre skulle møte?

– Vi har rullerande suppleringsopptak, og vil då ta opp fra ventelistene. Dersom vi har for få studentar på eit fag er dette noko det står i UiB si makt å gjere noko med. Imidlertid er det totale talet på studentar basert på universitetsstyret sine fastsatte rammer. Etterfylling skjer i tråd med dette.

(Foto forside: Istockphoto.com)

På Høyden krever at du bekreft e-postadressen din før du kan poste innlegg. Les også våre debattregler

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed