På Høyden tek ferie

Publisert:2. juli 2012Oppdatert:2. august 2012, 14:12

På Høyden-redaksjonen tek òg i år ferie i den stille månaden juli. I august startar arbeidet med å lage ei endå betre avis for UiB.

Til hausten startar arbeidet med å lage nye På Høyden. Det er lenge sia publiseringsløysinga vi har i dag var moderne, og den er ikkje i stand til å spegle alt det spennande som skjer på UiB. Til hausten vil vi ha dine innspel til korleis ei ny avis kan sjå ut, og kva den skal innehalde.

Det nærmar seg dessutan rektorval, og over ferien vil vi i På Høyden setje i gang valkampdekkinga. Sigmund Grønmo avsluttar sin siste periode neste år, og rykta går allereie om mulege kandidatar. Vi vil leggje til rette for debatten i På Høyden. 

Men inntil vidare ønskjer vi dykk alle ein riktig god og solfylt sommar! 

På Høyden krever at du bekreft e-postadressen din før du kan poste innlegg. Les også våre debattregler

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed