- Det er bygd mykje i Bergen

Publisert:2. juli 2012Oppdatert:2. juli 2012, 23:02

Rigmor Aasrud meiner at dei mange byggeprosjekta innan universitets- og høgskulesektoren gjorde det vanskeleg å finne midlar til aulaen på revidert budsjett i år.

- Bergen har fått nye høgskulebygg og nytt odontologibygg. I tillegg kjem Gulating lagmannsrett og andre store byggeprosjekt, seier fornyings-, administrasjons- og kyrkjeminister Rigmor Aasrud til På Høyden.

Aasrud er minister for Statsbygg, men understrekar at det er dei einskilde fagdepartementa som lagar prioriteringslistene for sine sektorar.

- Kunnskapsdepartementet har tinga mange bygg i Bergen i det siste, sa Aasrud då ho fredag vitja UiB for å høyre om korleis universitetet jobbar med lærlingar.

Rektor Sigmund Grønmo har ivra for den nye aulaen i sørfløyen av bygget som i dag inneheld Dei naturhistoriske samlingane på Muséplass. Ein ny aula vil kunne romme opp mot 500 menneskje, og skal kunne brukast til alt frå studentarrangement til forelesingar og konsertar.

Men det politiske miljøet har vore heller lunkne til å forsere planane slik at aulaen kunne stått klar til grunnlovsjubileet i 2014.

Grønmo håpte i det lengste at det skulle gå, på same måte som Universitetet i Oslo tidlegare har fått ekstraløyvingar til universitetsaulaen. Han hadde håpt at aulaen kunne stå klar til Christie-veka i mai 2014, til ære for museumsbyggjaren, grunnlovsreddaren og aleinefaren Wilhelm Frimann Koren Christie.

 

Statsråd Rigmor Aasrud viser til at det blir bygd mykje i Bergen for tida, med både nytt odontologibygg og nytt høgskulebygg. Her i møte med prorektor Astri Andersen. 

 

 

 

På Høyden krever at du bekreft e-postadressen din før du kan poste innlegg. Les også våre debattregler

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed