Her er nye På Høyden

Publisert:11. juni 2012Oppdatert:11. juni 2012, 15:17

På Høyden har fått sin fulle fridom, ny redaktør og snart nye journalistar. Mykje vil skje med UiBs avis framover.

1. juni fekk På Høyden ny redaktør, då underteikna, Dag Hellesund (39), tok over. Frå same dato gjeld redaktørplakaten.

Dermed har avisa fått ei endå friare stilling til å drive open debatt og kritisk journalistikk om alt som skjer på UiB.

Utvikling
Dei to journalistane, Hilde Kristin Strand og Ida Wevling Bergstrøm, byrjar i På Høyden etter sommaren, og gler seg stort til oppgåva. Som lesar vil du oppleve ei positiv utvikling i avisa framover. Vi jobbar med å få heilt ny design, og publiseringssystemet skal skiftast ut.

Redaksjonen og styret skal saman leggje ein ny strategi for avisa, og denne prosessen vil skje i august og september. Fram til då vil På Høyden fungere omtrent som i dag, sjølv om staben er redusert gjennom sommaren. Vi ønskjer å lage ei avis som blir lest, og som speglar UiB på godt og vondt. Vi ønskjer oss heile tida tilbakemeldingar, tips og råd på det vi gjer. Send dei til dag.hellesund@adm.uib.no eller nettavisen@uib.no.

Ida Wevling Bergstrøm (33), Dag Hellesund (39) og Hilde Kristin Strand (30) er ikkje mindre smålåtne at dei har sett seg som mål å etterkvart gje deg den beste universitetsavisa i landet. 

Best i landet
Avisa får òg nye lokaler i andre etasje i Vektertorget, i staden for eit kontor inne på Kommunikasjonsavdelinga, der du finn oss i dag. Dette er gjort for å markere at På Høyden heretter er ei frittståande, eiga eining.

På Høyden er organisert gjennom eit eige styre, leia av Stein Kuhnle.

- Vi er glade for at reorganiseringa av På Høyden no er på plass, og ser med med forventing og spaning fram til utviklinga På Høyden skal gjennom.

Kuhnle er særleg glad for at redaksjonen er så lite smålåtne at dei har sett seg som mål å lage den framste universitetsavisa i landet.

På Høyden krever at du bekreft e-postadressen din før du kan poste innlegg. Les også våre debattregler

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed