Skinner vil utvide fridommen

Publisert:31. mai 2012Oppdatert:1. juni 2012, 12:26

Idéhistorikar Quentin Skinner ynskjer å gjere folk merksame på at den liberale oppfatninga av fridom er for snever til å sikre fridom og like rettar for alle.

Det liberale fridomsomgrepet seier at eit menneske er fritt berre når det bestemmer over sitt eige liv, og i liberale demokrati bestemmer vi gjennom representativt demokrati.

– Men trugslane mot representasjonen er mange. Derfor må ein reformere strukturane i dei demokratiske institusjonane om vi skal sørgje for like fridommar for alle, seier idéhistorikaren Quentin Skinner.

Trugslar mot representasjonen

Til dømes er eit av problema i England at valsystemet er konstruert slik at all makta kan komme i hendene til eit mindretal av folket. Skinner meiner likevel at det mest dramatiske eksempelet på korleis den representative makta blir forulempa i vestlege demokrati er gjennom såkalla  royal prerogative som dei har i Storbritannia. Konseptet tilseier at den utøvande makta, altså statsministeren, kan ta ekstraordinære avgjersler utan at parlamentet har noko innverknad.

– Då Storbritannia blei med i krigen mot Irak hadde spørsmålet om deltaking i krigen aldri vore oppe i den lovgjevande forsamlinga. Ei slik utvikling er alarmerande i eit demokrati fordi ein omgår folket sine representantar, seier Skinner.

Skinner meiner at frykt for immigrasjon og det endra trusselbiletet etter terrorhandlingane er bakgrunnen for at den lovgjevande makta i aukande grad har blitt konfiskert av den utøvande makta når regjeringar vedtek naudlover. Dette blir tillate fordi tiltaka er meint for å sikre tryggleik for samfunnet, men det fører til eit samfunn der staten har- og utøver mykje meir makt vilkårleg, hevdar Skinner.

Artikkelen held fram under biletet.
Quentin Skinner, som er ein av grunnleggjarane av Cambridge-skulen av politisk idéhistorie, heldt på onsdag den første av i alt fem 1814-førelesingar i regi Forskingskommiteen for Grunnlovsjubileet (Foto: Ingvild Nilssen).

Norske borgarar er friare
Fordi valsystemet vi brukar i Norge sikrar proporsjonal representasjon i den lovgjevande forsamlinga har vi eit meir demokratisk utgangspunkt enn i Storbritannia, men også den sterke velferdsstaten bidreg til å unngå at norske borgarar blir utsett for vilkårleg maktbruk, meiner Skinner. 

– Mi forståing av ein demokratisk stat er ikkje berre at den skal sikre folk sine rettar, men også å redde menneske frå avhengigheit av nokon andre si vilkårlege makt. I den grada Noreg har ein meir utbygd velferdsstat og derfor har ei meir organisert arbeidskraft, og i den grada de har eit utdanningssystem som gir like moglegheiter for alle, så har Noreg heilt klart eit meir demokratisk samfunn enn Storbritannia, seier Skinner.

Utvidar fridomsomgrepet
Den liberale politiske definisjonen av fridom er at det er kjenneteikna av fråværet av innblanding i folk sine rettar. Sjølv om Skinner er einig i dette, krev han meir av fridomsomgrepet.

– Tvang er ikkje den fundamentale krenking av fridom. Den fundamentale krenkinga av fridom er å leve i avhengigheit av nokon andre. Dette er eit aukande problem i demokratiske statar. Folk sine val er i ei stor grad innskrenka mellom anna frå omfanget av korleis til dømes statar må underkaste seg internasjonal kapital.

Sterk stat
– I mi meining må ein demokratisk stat vere ein sterk stat, og det må vere ein velferdsstat, seier Skinner.

Kor sterk kan ein stat vere før det kan vere skadeleg for folket?

– Hovudprinsippet for demokrati er at folket styrer og har like rettar. Eg meiner desse rettane må inkludere retten til å bli hindra frå å komme i tilhøve som skapar økonomisk avhengigheit eller sosial avhengigheit. I Storbritannia har ein no avdekka store tal på vald i heimen mot kvinner, og dette er snakk om personar som ikkje kan forlate mishandlinga fordi dei ikkje er økonomisk uavhengige. Slike og liknande tilhøve krev ein stat som har økonomiske og juridiske middel til å hjelpe folk, men marknadsstatar har ikkje desse midla.

Mindre fridom for lhbt-personar
I eit demokratisk samfunn skal alle ha like rettar, så motstand mot homofile ekteskap er motstand mot borgarrettar, hevdar Skinner.

– Eg kan ikkje sjå korleis det kan forsvarast at eins seksualitet skal bestemme om ein skal kunne inngå ein type kontrakt eller ikkje. Om ein forsvarar det med religion, vil mitt svar vere at då treng land som ynskjer å vere demokratiske ein sekularisert stat.

– Om du tar religiøse omsyn ut av likninga i spørsmålet om retten til ekteskap for homofile så er det simpelten nekting av ein borgarrett vi står att med, seier Skinner.

På Høyden krever at du bekreft e-postadressen din før du kan poste innlegg. Les også våre debattregler

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed