Vener gjev godt kroppsbilete

Publisert:12. april 2012Oppdatert:13. april 2012, 10:00

Gode vene- og familieforhold gjev eit betre kroppsbilete hjå ungdom fram til vaksenalder enn dei som ikkje har det, viser UiB-forsking.

Tidlegere forsking har vist at eit godt forhold til foreldre og vener speler ei stor rolle for sjølvbiletet og kroppsbilete for ungdom. No viser det seg at desse relasjonane også har betyding på lenger sikt.

– Dei som har gode vene- og familieforhold i oppveksten har eit jamt over betre kroppsbilete enn dei som ikkje har slike nære relasjonar,  og det held seg stabilt gjennom heile perioden eg har sett på, seier førsteamanuensis Ingrid Holsen ved Hemil-senteret.

Holsen og forskargruppa hennar ved HEMIL-senteret har følgd 1000 ungdommar frå Hordaland frå dei var tretten år til dei var tretti år. Nyleg publiserte forskargruppa ein artikkel med nokre av funna frå undersøkinga i forskarmagasinet Body Image.

Feil fokus
Holsen meiner det er feil av samfunnet å nesten utelukkande sette søkjelyset på dei ungdommane som har dårleg sjølvbilete.

– Det er mange som er fornøgde med kroppen sin også, derfor er det viktig at vi finn ut kva det er som gjer at desse ungdommane er fornøgde, seier ho.

Foreldretips
Barna og ungdommen har bruk for at foreldra gir dei støtte for den dei er og kva dei gjer. Holsen meiner det er heilt avgjerande for kroppsbiletet at ungdommen kjenner seg anerkjente og verdsette av foreldra.

– Ein skal ikkje fokusere så mykje på kropp, men foreldra må likevel la barna vite at dei tykkjer dei ser bra ut, og at dei skal vere fornøgde, seier ho.

Artikkelen held fram under biletet.
Foreldre er viktige støttespelarar for ungdommen sitt sjølvbilete. (Foto: Colourbox)

Gradvis betre
Undersøkinga viser at ungdommane vert meir tilfredse med kroppane sine dess eldre dei blir. Frå tidlegare studiar har det vore hevda at jenter er mest misfornøgde med kroppen rundt femten-årsalderen. Men Holsen sine funn viser at det lågaste kroppsbiletet for både gutar og jenter er på tretten år. Det er om lag det same når dei er femten, men deretter får dei gradvis eit meir positivt kroppsbilete.

Jentene mest usikre
Gjennom heile tidsaspektet i undersøkinga er gutane jamt over meir fornøgde med kroppen enn jentene, og det har mellom anna å gjere med at gutar som oftast er mindre sjølvkritiske enn jenter, forklarar Holsen.

– Jenter har eit meir innadvendt fokus, og er meir opptekne av korleis dei blir oppfatta enn kva gutane er, fortel Holsen.

Forsking har tidligare vist at dei er meir utsette for bodskapen media framstiller i høve kroppsideal. Men no har det langsamt også vorte meir fokus på gutar og kropp i media, så dette biletet kan vere i endring, legg ho til.

Vaksne mest opptekne av vekt
Måten ein fysisk presenterer seg sjølv har altså meir å seie i ungdomsalderen enn når ein er vaksen, men trass dette fann Holsen at det er dei vaksne som er mest opptekne av BMI.

– Dette kan rett og slett ha samanheng med at ein vert tyngre når ein er vaksen. Sjølv om kroppen forandrar seg med åra, så forandrar ikkje i noko særleg grad idealet for kor tynn ein skal vere som ungdom og som vaksen seg, seier Holsen.

– Dessutan går misnøya mest på generell usikkerheit hjå ungdommen, medan dei vaksne tenkjer meir konkret på vekta, seier Ingrid Holsen.


Ingrid Holsen har forska på ei stor gruppe ungdom sitt sjølvbilde i ein periode på 17 år. (Foto: Ingvild Nilssen)

På Høyden krever at du bekreft e-postadressen din før du kan poste innlegg. Les også våre debattregler

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed