Sjå opp for digital Matteus-effekt

Publisert:11. april 2012Oppdatert:11. april 2012, 11:20

Det er fare for at elevane med ressurssterke foreldre vil meistre det nye digitale kunnskapsterrenget best.

Holbergprisvinnar Manuel Castells gav oss på seint 90-tal ein usedvanleg framsynt analyse av endringskrafta til internett og det globale nettverkssamfunnet vi alle stod ved dørstokken til på denne tida, men ikkje heilt klarte å ta innover oss. (Trilogien «The Information Age: Economy, Society, and Culture (1996- 1998)».

Eit symbol på nordmenns teknologiskepsis på denne tida er kronikken i Dagens Næringsliv 20. august 1996 med tittelen «internett er en flopp», som symboliserer nordmenns eiga evne tilå slå seg til ro med at dette nok vil gå over. Det same sa vi som kjent då glasfiberskia og skøyteteknikken kom i langrenn, og då V-stilen kom i hopping.

Nordmenn veit som regel best, og den transformative krafta til internett og dei gryande digitale skilja som Castells lyfta fram på 90-talet, vart ikkje heilt tekne på alvor i samfunnsdebatten. Det vart ofte assosiert med teknokratisk tenking (og difor politisert) og var lite stovereint å setje på dagsordenen her til lands.

Difor er Castells’ trilogi frå 90-talet ei påminning til oss alle om at «når endringsvinden blæs, byggjer nokre murar, medan andre byggjer vindmøller».

Digitale skilje
Han følgde opp i 2001 med boka The Internet Galaxy, der han, inspirert av teknologifilosofen Marshall McLuhan, uttrykkjer at «The Network is the Message», og at «Internet is the fabric of our lives» (Castells 2001:1). Står ein derimot utanfor nettverka og internett-tilgangen, veks det fram digitale skilje – på tvers av nasjonar, etnisitet, sosial klasse, kjønn og alder. Han poengterer alvoret i dette slik: «Because the Internet (…) is not just a technology. It is the technological tool and organisational form that distributes information power, knowledge generation, and networking capacity in all realms of activity» (Castells 2001, s. 269).

Ein konsekvens er at det trer fram nye kunnskapsformer i dette digitale terrenget, og at det ikkje lenger er nok å tileigne seg manuelle ferdigheiter og grunnleggjande kunnskap. Det er naudsynt med teori og evidens.

Må lære å lære

Kunnskap har blitt ein langt viktigare «kapital» enn før (jf. New Public Management-bølgja), men Castells uttrykkjer at ein også må utvide kunnskapsomgrepet og synet på læring i lys av nettverkssamfunnet: «The critical matter is to shift from learning to learning-to-learn, as most information is online, and what is required is the skill to decide what to look for, how to retrieve it, how to process it, and how to use it for the specific task that prompted the search for information.» (Castells 2001, s. 259)

I dette biletet ser han at skulen og lærarane har ei særs viktig rolle for at alle elevar skal utvikle gode digitale læringsstrategiar og dermed forhindre digitale kløfter. Men Castells ser også skjer i sjøen: «The school system as a system (…) is, by large woefully inadequate in the use of this new learning methodology. Even if it has the technology, it lacks teachers able to use it effectively, and it lacks the pedagogy and institutional organization to introduce new skills.» (Castells 2001, s. 259)

Tilgang er ikkje nok

Han uttrykkjer at dette kan føre til ein forsterka sosial reproduksjon i skulen, med nye digitale skilje, der det er elevane med ressurssterke foreldre som vil meistre det nye digitale kunnskapsterrenget best, dersom skulen ikkje er i stand til å utlikne dette. Castells antydar også at dei digitale skilja flyttar på seg langs ein akse frå å vere knytte til teknologitilgang, til å bli stadig meir knytte til bruksmønsteret blant elevane.

God teknologitilgang kan dermed maskere at digitale skilje oppstår blant elevane, og her til lands ser vi tendensar til at det i dag ikkje er teknologitilgangen, men bruksmønsteret til elevane som skaper nye digitale skilje. I vår studie blant 1784 elevar i vidaregåande skule fann vi at digitale freistnader og utanomfagleg bruksmønster (særskilt knytt til sosiale medium) er i ferd med å skape slike nye digitale skilje mellom elevgrupper.

Digital trening

Kva kan så skulen gjere for å førebyggje slike digitale kløfter? Vel, der er ingen snarvegar, men eit steg i rett retning er at elevane på same måten som dei må knekkje lesekoden for å kunne lese, må knekkje koden for å lese, tolke og vurdere digitale uttrykksformer. Det er likevel ein distinksjon mellom tradisjonell lesing på papir og digital lesing. Digital lesing er meir kompleks ved at tekst, bilete, lyd og film ofte er vovne saman (multimodalitet), her er hypertekstar (lenkjer i teksten), og dei er ofte interaktive (eleven må gjere bevisste val).

Det krev at eleven øver opp eit bruksmønster som gjer han i stand til å navigere i slike digitale tekstar og uttrykksformer, og det føreset ein meir heilskapleg digital kompetanse av eleven som er retta mot læring og ikkje underhaldning. Skal elevane kunne forstå slike digitale uttrykksformer, er det viktig at dei skjønar den meiningsskapande styrken og svakheitene til modalitetane (tekst, bilete, lyd, video, hypertekst o.a.) og korleis dei kan bruke dette fagleg.

Krev kompetent bruk
Forsking syner at inkompetent bruk av det multimodale ikkje gir nokon læringsvinst, mens kompetent bruk kan gi ein forbetra læringsvinst (Mayer 2009). Slik digital kompetanse inneber å kunne lese, søkje, lokalisere, samstille, forme om og kontrastere informasjon frå digitale kjelder og å ha evne til refleksjon, vurdering, kjeldekritikk, fortolking og analyse av digitale sjangrar.

Det seier seg sjølv at det tek tid å utvikle ein slik digital kompetanse, ettersom det er noko langt meir enn berre tekniske ferdigheiter i bruk av PC og sosiale medium – som mange elevar diverre trur er tilstrekkeleg. Eit slikt fagleg sentrert bruksmønster inneber at eleven tileignar seg digitale læringsstrategiar som stimulerer både den digitale lesinga og den meir heilskaplege digitale kompetansen. Det krev konsentrasjon, systematisk arbeid og rettleiing over tid saman med læraren. Lite oppfølging heime, dårlege digitale læringsstrategiar, utanomfagleg bruksmønster og svak pedagogisk IKT-bruk i skulen er risikofaktorar for slike digitale skilje.

Lærarar som heisførarar
Skal vi forhindre slike gryande digitale skilje, treng vi, som Castells er inne på, ein skule og eit lærarkorps som er i stand til å utlikne digitale skilje på tvers av sosial tilhøyrsle, etnisitet og kjønn. Det krev at skulen har naudsynt kompetanse til å fungere som ein «sosial heis» for utsette elevgrupper og det krev digitalt kompetente «heisførarar».

Som Castells seier: «(…) educational technology in general, is only as good as the teacher who use it» (Castells 2001, s. 258). Ved ei digital kompetanseheving av lærarar kan ein demme opp for ein gryande digital Matteuseffekt og dei digitale (klasse) skilja som Castells frykta ville oppstå. På denne måten kan fellesskulen vareta det demokratiserande potensial i nettverkssamfunnet sitt vesen.


Kronikken var først publisert i Bergens Tidene 11. april 2012.

 

På Høyden krever at du bekreft e-postadressen din før du kan poste innlegg. Les også våre debattregler

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed