Verdskjend vitskapsmann ved Geofysen

Publisert:14. mars 2012Oppdatert:9. september 2013, 15:27

Har du høyrt om Bergensskulen i meteorologi? Skulen var banebrytande i si tid, og mannen bak skulen er Vilhelm Bjerknes, den moderne meteorologiens far.

Det er kanskje ikkje godt nok kjend at Vilhelm Bjerknes, utvilsomt ein av Noregs største vitskapsmenn, ville ha fylt 150 år 14. Mars 2012. Det er vanskeleg å forestilla seg kva vervarsling og meteorologiforsking var før Vilhelm Bjerknes og Bergensskulen. Det kan i beste fall karakteriserast som kvasivitskap utan forankring i fysiske prinsipp. 

Frå byrjinga på 1900-talet og nokre tiår framover revolusjonerte Bjerknes meteorologien ved å etablera eit heilt nytt teorigrunnlag. Dette gjorde han ved å kombinera resultat frå hydrodynamikken og termodynamikken; disiplinar som uavhengig av kvarandre var komne langt på den tida. Resultatet var eit matematisk formelverk som skildra korleis drivkreftene i atmosfæren skapar rørsle og korleis dei er knytt til skiftande temperatur- og trykkforhold. Gjennom vidare studiar av dette formelverket såg Bjerknes blant anna at det kunne nyttast til å berekna framtidige tilstandar av atmosfæren gitt at ein kjende tilstanden i starttidspunktet tilstrekkeleg nøyaktig. Då måtte ein også ha observasjonar.

Kombinert bruk av eit observasjonsnettverk, som Bjerknes hadde ivra for å realisera, og ein ny teori viste snart å ha noko for seg. Då metodane hans blei kjende, vart dei raskt tatt i bruk på dei meteorologiske institusjonane rundt om kring i verda og vervarslinga vart langt meir treffsikker. Med observasjonar kunne ikkje berre teorien nyttast til praktisk vervarsling, men forskarar fekk også for første gong ein sjanse til å skildra strukturar i atmosfæren.

Det er syklonmodellen, ei skildring av struktur og livssyklusen til lågtrykk med tilhøyrande frontar, som står att som det mest kjende han gjorde i saman med unge medarbeidarar i tida hans ved Geofysisk Institutt i Bergen (1917-1926) også kalla Bergensskulen.

For varslingsmeteorologar var det svært nyttig med ei konseptuell forståing av livssyklusen til lågtrykka ettersom dei dominerer variasjonane i veret i vestavindsbeltet både på nordlege og sørlege jordhalvkule. Men studiane som førde fram denne kunnskapen fekk også vidare betydning fordi dei sette standarden for framgangsmåten versystem vart analyserte på. At arbeida frå Bergensskulen er refererte til i forskings- og læreboklitteraturen sjølv i dag seier litt om kor banebrytande dette var. Vilhelm Bjerknes hadde ni assistentar i Bergen. Det var sonen Jakob Bjerknes, Halvor Solberg, Tor Bergeron, Carl-Gustaf Rossby, Sverre Pettersen, Erik Palmén, Erik Bjørkdal, Svein Rosseland, Carl Ludvig Godske og Johan Sandstrøm. Desse kom etterkvart til å spesialisera seg innan nye retningar i faget og fekk framståande forskarstillingar i Skandinavia og USA.

Før Bjerknes kom til Bergen i 1917, hadde han bak seg opphald som professor i Stockholm, Oslo og Leipzig. I første del av karrieren arbeidde han med elektromagnetisme, men frå midten av 1890-talet (i Stockholm) og utover var det meteorologien som stod i sentrum og som etterkvart vart utvikla til eksakt vitskap. Sine siste arbeidsår hadde Bjerknes i Oslo, der ein meir teoretisk Osloskule vart oppretta. Bjerknes blei fleire gonger nominert til Nobelprisen i fysikk. Ironisk nok, det sentrale argumentet mot han var at hans arbeid ikkje representerte ein eksakt vitenskap.

Det er eit formidabelt livsverk som står att etter Bjerknes og som må ha krevd ein innsats heilt utanom det vanlege på ei rekkje områder. Bjerknes var ein allsidig og gåverik person. Han hadde uvanlege evner til å oppdaga og motivera unge talent. I tillegg var han karismatisk og utrusta med ein makelaus evne til å formidla sine idear. Det var for eksempel ein stor prestasjon å forklara for folk at det svært abstrakte teorigrunnlaget han oppdaga hadde så kort veg til praktisk nytte. Desse evnene gav han tilslutning frå mange hald og førte mellom anna til at han fekk finansiering til å setja ideane sine ut i live. Bjerknes sitt liv, personlegdom og vitskapelege arbeid er vovne tett saman og representerer ei historie og eit bidrag til vitskapen som er unike i norsk samanheng.  Av den grunn har Bjerknes og Bergenskulen også vore av interesse for filosofar og historikarar.

I desse dagar er det difor vel verdt å markera Vilhelm Bjerknes’ 150-årsdag. Geofysisk Institutt, Bjerknessenteret og Vervarslinga på Vestlandet arrangerer i dette høvet to åpne populærvitskapelege forelesningar. På sjølve jubileumsdagen held professor Sigbjørn Grønås foredraget  ”Vilhelm Bjerknes og hans visjon om vitskapleg vervarsling” i Realfagbygget Auditorium 2 kl 13.15. Mandag den 19. Mars kl 10.15, VilViteauditorium på vitesenteret, vil professor Sir Brian Hoskins halda foredraget ”The fingerprints of Vilhelm Bjerknes on modern climate science”.

 

På Høyden krever at du bekreft e-postadressen din før du kan poste innlegg. Les også våre debattregler

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed