– Saknar betre sjukeheimsmedisinering

Publisert:14. mars 2012Oppdatert:2. oktober 2013, 11:18

Kvar tredje sjukeheimspasient brukar legemiddel som gir høg risiko for biverknader som kan medføre dødsfall. UiB-forskar føreslår eit tettare samarbeid mellom legar og farmasøytar.

I løpet av dei siste åra har media har gjeve oss fleire oppslag om svikt i helsetenestene for eldre menneske som bur på sjukeheimar. Forsking ved Institutt for samfunnsmedisin viser at det er et stort forbetringspotensiale i legemiddelbruken ved sjukeheimar.

Kvar tredje av sjukeheimspasientane brukar legemiddel som blir sett på som problematisk grunna risiko for biverknader,

– Det er vanskeleg å seie konkret kva konsekvensar dette har hatt for pasientane, men forskinga viser at i yste konsekvens kan biverknader frå feilmedisinering medføre dødsfall, seier stipendiat Kjell H. Halvorsen ved Institutt for samfunnsmedisinske fag.

Låg status
Halvorsen si forsking viser at talet for den uheldige legemiddelbruken er mykje lågare hjå dei eldre som er under heimetenesteordninga. Dette har mellom anna samanheng med at dei heimebuande generelt sett er ved litt betre psykisk helse, og at demens ikkje er like utbredt samanlikna med hos sjukeheimspasientar.

Det er nemleg legemiddel mot psykiske lidingar,  såkalla psykofarmaka, som forårsakar flest problem

– For å unngå problemet med feilmedisinering er vi avhengig av at legane har føreteke korrekt diagnostikk hos pasientane. Krav til høg geriatrisk kompetanse, samt låg status bidreg til at fleire leger vel bort sjukeheimsmedisin, forklarar Halvorsen.

Farmasøytar på bana
Tidlegare har ikkje farmasøytar vore aktivt med i helseteamet rundt eldreomsorga, men Halvorsen meiner farmasøytane no må få eit sterkare nærvær i sektoren. Deira rolle kan mellom anna vere å finne fram til dei mest passande legemiddela til eldre, og å stille legane kritiske spørsmål om legemiddelterapien, som slik sett vil hjelpe legane til å gjere ei evaluering av eksisterande behandling

Halvorsen foreslår eit tett samarbeid mellom farmasøytar og legar i sjukeheimane rundt om i landet.

– Tettare samarbeid er det mest avgjerande førebyggande tiltaket mot feilmedisinering. Men det trengst også kompetanseheving i form av undervisingstiltak  både for legar, farmasøytar og sjukepleiarar for å få redusert feilmedisineringa, påpeiker Halvorsen.


For at sjukeheimane rundt om i landet skal kunne forbetre legemiddelbruken meiner Kjell H. Halvorsen at det er tre punkt som må forbetras:  Auka satsing på legane, å utnytte legemiddelkompetansen til farmasøytane i større grad og å få på plass ei tettare samhandling mellom både leger, farmasøytar og sjukepleiarane som har det daglige ansvaret for pasientane. (Foto: Colourbox)

På Høyden krever at du bekreft e-postadressen din før du kan poste innlegg. Les også våre debattregler

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed