Meir utsett for fødselsskader

Publisert:13. mars 2012Oppdatert:2. oktober 2013, 11:18

UiB-forsking viser at asiatiske og afrikanske kvinner i Skandinavia har større sannsyn for å få alvorlege fødselsrifter enn andre.

Asiatiske og afrikanske mødrer som bur i Skandinavia har høgare risiko for å få fødselsrifter enn andre. Dette viser en studie ved Institutt for klinisk medisin. Forskarane har enno ikkje funne ut kvifor.

I doktoravhandlinga si undersøkte Elham Baghestan  mellom anna om  asiatiske kvinner si risiko kunne vere knytt til at om barnet er for stort for dei om dei får barn med skandinaviske fedrar. Etter at forskarar kontrollerte denne gruppa for fødselsvekt, fant dei at dette ikkje speler inn.

– Sjølv om vi tok bort effekten av fødselsvekta hjå barnet, hadde dei asiatiske kvinnene framleis større risiko for alvorlege fødselsrifter, men kvifor det er slik veit vi ikkje enno, seier Baghestan.

Ulik forklaring
Studien viste at afrikanske kvinner som føder i Norge også er meir utsette. Påfallande nok viser ikkje forsking på afroamerikanske kvinner dei same tendensane, men det kan komme av at det er to heilt ulike afrikanske populasjonar.

– Vi skulle gjerne ha samanlikna dette med tal frå Afrika, men det finst svært lite statistikk på korleis riftprosenten er der, seier Baghestan.

Språkproblem
Ein av årsakene til større riftprosent hjå afrikanske kvinner i Norge og Sverige kan vere at eit stort tal av desse er omskorne, men det kan også henge saman med korleis helsepersonellet handsamar dei afrikanske kvinnene.

– Det kan oppstå komplikasjonar med kommunikasjonen og kanskje burde vi vite meir om deira kultur rundt fødsel, men dette er enno spekulasjonar, seier Baghestan.

Halvering
Ei nasjonal undersøking av norske fødeinstitusjonar frå 2004 viste eit urovekkande høgt tal av alvorlege fødselsrifter, og at handsaminga av desse fødselsskadane ikkje var tilfredstillande.

– Heldigvis tok institusjonane resultatet frå undersøkinga til seg, og vi har sidan sett ei halvering av talet på kvinner som har fått alvorlege fødselsrifter på alle fødselsinstitusjonane i landet, seier Baghestan.

Ho seier det er uvisst om det er auka merksemd på temaet generelt som har vore årsaka til at skadane har gått ned eller om det meir spesifikt kan knytast til ein ny fokus på å støtte mellomkjøttet under fødselen og å senke farta på sjølve fødselen.

­– Vi må forske ytterlegare på for å finne årsakssamanhengen, seierElham Baghestan.


Kvinner over tretti er meir utsette for fødselsrifter fordi elastisiteten i vevet kan bli mindre med åra. Deretter flatar risikoen ut.

På Høyden krever at du bekreft e-postadressen din før du kan poste innlegg. Les også våre debattregler

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed