– Forskarjuks er ikkje så alvorleg

Publisert:15. mars 2012Oppdatert:15. mars 2012, 10:36

Svindlaren er ein intelligent og ambisiøs ung mann som ikkje greier å vente på forskingsresultata. Det er difor ikkje rimelig at ein enkelt juksarar kan øydeleggje ryktet til eit heilt forskarmiljø, meiner journalist Erik Tunstad.

Erik Tunstad heldt nyleg frukostseminar på Studentsenteret om forskarjuks, der han mellom anna trekte fram at det finst dårlege folk i alle yrker. Om det er skil på prosentdelen av rotne eple innan forskarmiljøa og elles i samfunnet, så er skilnaden at det finst færre av sorten i forskinga fordi krava til ærlegdom er så høge der. Dette er bodskapen i den siste boka hans  ”Juks”.

– Dersom det er meir svindel i forskarmiljøa no enn tidlegare er det fordi det er meir svindel i heile samfunnet. Det blir publisert 2,5 millionar forskingsartiklar i året, og ein forsvinnande liten del av dette er svindel, seier Tunstad.

Ingen døyr
Tunstad meiner den velkjende Sudbø-saka frå 2006 er glanseksempelet på at alt er såre vel i forskarmiljøet og at etterprøvingsmekanismen verkar. Det tok ikkje meir enn vel ei veke frå Jon Sudbø publiserte jukset til kollegaene hans hadde avslørt han. Dette beviser at når det er snakk om alvorleg juks blir forholda fort avslørte, for kontroversielle saker blir etterprøvde i detalj, ifølgje Tunstad.

– Sjølvjustisen internt i forskingsmiljøet er beinhard. Blir du teken er det på hovudet ut, og ingen veg attende. Det får ein seg jo til å lure på kvifor i all verda nokon tør å fuske, seier Tunstad.

Tunstad hevdar at forskarane som juksar oftast er unge, ambisiøse og menn. Dei tar snarvegar for å vinne anerkjenning og å for å få jobben dei ynskjer seg. Konsekvensane av juksinga er ikkje verre enn at nokon som ikkje har juksa blir forbigått i ei tilsetting, meiner han.

- Dette er sjølvsagt gale, men ingen døyr, seier Tunstad.

Artikkelen held fram under biletet.
Med boka, ”Juks”, vil Erik Tunstad bevise at vitskapen og forskinga framleis i det store og heile er ein positiv faktor, sjølv om det førekjem nokre få svindlarar. På onsdag møtte han professor Mattias Kaiser til duell på frukostsemniaret til Redelighetsutvalget ved UiB. (Foto: Ingvild Nilssen)

Strukturelle manglar
Leiar Matthias Kaiser ved Senter for vitenskapsteori (SVT), er ein av dei fremste ekspertane på forskingssvindel i landet. Han er ikkje einig i Tunstad si analyse av forskingsetikken.

– Det er kanskje nokre rotne eple i forskingskorga, men hovudproblemet er strukturen internt i forskarmiljøet. Heller enn å peike på individa må vi rette fokuset opp eit nivå til det strukturelle presset og sedvanen, seier Kaiser.

Svindel
Kaiser var sjølv med å utføre den hittil einaste kvantitative undersøkinga av forskingsjuks i Norge frå 1996.

Undersøkinga viste at 12 prosent av dei spurde meinte å ha kjennskap til svindel, medan 14 prosent kjente til såkalla diskutabel forsking dei siste ti åra. 16 personar i dette materialet innrømma å ha sett namnet sitt på ein artikkel dei ikkje hadde hatt noko særleg med å gjere, 10 presentert villeiande informasjon i søknadar, ni hadde plagiert, fem hadde utelate namn på medforfattarrar, fem innrømma å ha stole andre sine idear, tre hadde stole andre sine data og ein hadde dikta opp heile eksperimentet sitt.

Små løgner
Tunstad tykkjer ikkje prosenttala som Kaiser viser til er skremmande høge. Han peiker på at det forskarane lyg om er av mindre betyding.

– Kor mange prosent av nordmenn har vel ikkje snytt litt på skatten, køyrd litt for fort med bil, eller gått på raudt lys.

– Det er jo ikkje slik at evolusjonsteorien eller klimaforskinga er svindel. Svindel førekjem i det små  og omhandlar ting vanlege folk ikkje vil oppdage, seier Tunstad.

Sidan fenomenet faktisk eksisterer, om enn i lita grad, betyr det at heile vitskapsmiljøet får riper i lakken. Går ein tilbake til 1950-talet var forskaren sitt ord heilagt, men i dag er stoda heilt annleis fordi miljøet har blitt øydelagt av nokre få saker, ifølgje Erik Tunstad.

På Høyden krever at du bekreft e-postadressen din før du kan poste innlegg. Les også våre debattregler

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed