Omskifteleg jubilant

Publisert:9. september 2011Oppdatert:12. september 2011, 09:12

Håkonshallen har hatt mange andlet sidan den husa sitt første gilde i 1261. Framleis manglar hallen den opprinnelege kalkpussen.

I fleire hundre år var Håkonshallen si sentrale rolle og tyding som kongesete gløymt. Tidleg på 1800-talet vart restane av den ærverdige hallen først og fremst nytta som kornlager. Først i 1839 vart hallen gjenoppdaga. Kunstnaren J. C. Dahl og læraren hans Lyder Sagen identifiserte lageret som kong Håkon sin hall, nemnt i Soga om Håkon Håkonsson.

– Det var slett ikkje tilfeldig at gjenoppdaginga av Håkonshallen fann stad på dei tider. Hallen viste attende til norsk sjølvstende og “stordomstid” i høgmellomalderen og var slik med på å skape identitet og historiske røter i nasjonsbyggingstida etter 1814, seier Alf Tore Hommedal, førsteamanuensis i mellomalderarkeologi ved Bergen Museum.

Førti år seinare vart Håkonshallen restaurert til fordums stordom. Men kor nøyaktig var restaureringsarbeidet? Alf Tore Hommedal har teke utgangspunkt i arkeologiske undersøkjingar av murane og gamle teikningar for å samanlikne dagens utgåve av hallen med den originale versjonen.


Ei utbreidd oppfatting er at dette er ruinane etter kongen sitt solar, men Hommedal stiller seg
spørrande til dette. Plassen er undersolt og det gror rikeleg med mose på murrestane.

Spor i murane
Farge- og materialskilnader i dei noverande murveggane er gode peikepinnar i høve til nytt og opprinneleg, men spor i murane fortel også om livet i hallen gjennom tidene.Ved hovudinngangen til sjølve hallen er det eit eige rom for ein vakt, noko som er lett å oversjå for den som besøker hallen i dag. Og ved nordmuren tyder restar av to pipeløp på at der har stått omnar. I murane i etasjen under sjølve hallen er der både ein brønn der det framleis er vatn, og det som kan ha vore ein utslagsvask. Det å få vatn lett både inn og ut var nok greit, uansett om romma vart nytta som kongelege privatrom eller kanselli.

Ruinane på nordsida fortel også ei interessant historie.

– Det har vorte hevda at desse ruinane er restane etter kongen sitt solar. Eit slikt solar er vanleg å ha i tilknyting til kongen sitt høgsete, seier Hommedal.

Han stiller seg likevel spørrande til om dette er staden der kongen trakk seg tilbake for å nyte ro og fred. Plasseringa på nordaustre side av hallen gjer det undersolt, og også middelalderens kongar i Bergen har nok hatt sansen for sol.


Desse krysskvelva vart sette opp etter at hallen brann i 1266.

Omfattande restaureringsperiodar
Håkonshallen har vore gjennom to omfattande restaureringsperiodar med arkeologiske undersøkjingar i tilknyting til desse. Nokre tiår før den første restaureringa vart heile den dåverande lagerbygningen, altså den originale hallen, målt opp av den unge arkitekten Georg Andreas Bull. I 1861 vart teikningane publiserte saman med ein bygningsarkeologisk analyse av hallen, utført av Nikolai Nikolaisen, Noregs første statstilsette antikvar.

-Det er denne autentiske bygningen, supplert med kunnskap frå dei seinare arkeologiske undersøkingane, eg har teke utgangspunkt i ved mitt arbeid med hallen, seier Hommedal.

Men restaureringa på slutten av 1800-talet var verken den første eller siste i Håkonshallen si soge. Allereie i 1266 brann hallen for første gong. Ved gjenoppbygginga vart det då sett inn store krysskvelv, kvelvingar vi framleis vandrar under i bygningen.


Til venstre for vindauget kan ein sjå restane etter ein utslagsvask.

Manglar kvit kalkpuss
20. april 1944 tok ammunisjon om bord på det nederlandske skipet ”Veerbode” fyr og eksploderte i Vågen. Håkonshallen var eitt av kulturminna som fekk store skader som følge av eksplosjonen. Taket blas av og hallen vart totalt utbrend. Berre dei nakne murane stod att. Arkitekt Gerhard Fischer, som saman med kona Dorothea Platou Fischer, hadde hand om dei arkeologiske undersøkingane av hallruinen, såg imidlertid også det positive i tragedien, ifølge Hommedal.

– Det som forsvann var restaureringane frå 1800-talet medan dei originale murane, til og med kvelva, stod att. Øydeleggingane gav dermed arkeologane høve til å undersøke bygningsrestane nærmare, seier han.

I 1961 vart Håkonshallen innvigd etter restaurering.

– Feiringa av 750-årsjubileet markerer dermed også 50-årsjubileet for den siste restaureringa av Håkonshallen, seier Hommedal.  

Slik Håkonshallen står i dag, gjev han eit nokonlunde rett hovudinntrykk av bygningen, i alle fall slik den stod i seinmellomalderen. Likevel manglar eitt trekk som gav bygningen eit heilt anna preg og gjorde den langt meir synleg. Murane var dekka av kvit kalkpuss, både innandørs og utandørs. Då hallen vart restaurert siste gongen, ville ein at murane skulle stå nakne og fortelle si eiga historie om hendingar i hallen. Men opprinneleg er det ikkje.

– Som bygningsarkeolog hadde eg gjerne sett Håkonshallen kvitkalka igjen, seier Hommedal.


Alf Tore Hommedal, førsteamanuensis i mellomalderarkeologi ved Bergen Museum, undersøker i
kor stor grad dagens utgåve av Håkonshallen liknar på den originale.

På Høyden krever at du bekreft e-postadressen din før du kan poste innlegg. Les også våre debattregler

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed