Det cubanske eksperimentet

Publisert:15. september 2011Oppdatert:15. september 2011, 09:41

Cubanarane er framleis usikre på framtida, men forventingane er stigande. Tida er inne for å revolusjonere revolusjonen på Cuba.

Det siste året har den cubanske partkongressen lagt grunnlaget for ei rekke sosiale og økonomiske reformer. Framlegga til reformer vart sendte ut på høyring, og ifølge offisiell cubansk statistikk har fleire millionar cubanarar delteke i den offentlege diskusjonen. Sosiale og økonomiske reformer skal oppgradere den sosialistiske modellen.

Mellom anna har det blitt lettare å starte opp og drive små og mellomstore bedrifter. Sidan dei første reformene vart innførte i april, har talet på private næringsdrivande auka frå 130 000 til 340 000. Samstundes blir det gjort store kutt i talet på offentleg tilsette. Den cubanske statsvitaren Rafael M. Hernandez, som nyleg deltok på ein konferanse om Cuba ved Universitetet i Bergen i regi av den tverrfaglege forskargruppa KIK (Karibia: identiteter og konflikter), karakteriserer president Raul Castro som ein meir pragmatisk mann enn storebror Fidel, ein mann som ser løysingar og kan ta raske avgjersler. Mykje skjer på Cuba for tida, likevel:

– Dei første reformene er akkurat sette ut i livet. Vi er framleis i ein forsøksfase, og det vil ta lang tid før vi ser kva effektar reformene vil ha på cubanarane sine levekår, seier Hernandez.

Artikkelen held fram under biletet.


Redaktør og statsvitar Rafael M. Hernandez har inntrykk av at cubanarane sine bekymringar og
frustrasjonar gradvis er i ferd med å gå over til håp for framtida.
(Foto: Åse Johanne Roti Dahl)

Mindre byråkratmakt
Oppgraderinga av den sosialistiske modellen inneber mellom anna desentralisering, debyråkratisering og mindre einsretting. Målet er å gje meir makt til provinsane. Dei skal få fleire ressursar som dei sjølve har råderetten over. Skal dette fungere, må byråkratane i staten som er vane med å ha stor makt, endre haldning.

To provinsar er førebels utvalde som forsøksområde. Her er reformene allereie implementerte, medan resten av Cuba ventar på erfaringane frå eksperimentet.

– Alle reformer har bieffektar, og det er viktig å kjenne desse. Slik kan vi førebygge, seier Hernandez.

Men cubanarane ser ikkje berre til dei to forsøksprovinsane for erfaringar. Dei vender også blikket mot Kina og den enorme økonomiske veksten der. Samstundes som cubanarane vil lære av dei kinesiske erfaringane, understrekar Hernandez at dei følgjer nøye med på dei negative effektane og at det også er viktige skilnader mellom dei to landa som talar mot at Cuba kan kopiere den kinesiske historia.

Asiatiske tigrar
Storleiken og befolkningstalet er openberre skilnader. Medan kinesarane har overstige ein milliard for lenge sidan, har Cuba ei befolkning på 11 millionar. Og dei godt utdanna cubarane har ein annan mentalitet, ifølge Hernandez.

– I Kina kan du få arbeidarar til å jobbe tolv timar i døgnet på ein fabrikk, med dårlege lønsvilkår. Du får ikkje ein cubanar til å gjere noko slikt, dei har andre forventingar. Dessutan manglar cubanarar den autoritære disiplinen kinesarane har. Til trass for det styresettet vi har hatt i ei årrekke, så er ikkje cubanarar vane med ein slik stil, seier han.

Kinesarane har også ein enorm marknad å selge varene sine på og nyt synergieffektane av å ligge i eit økonomisk ekspansivt område. Cuba er stengde ute frå den amerikanske marknaden, og nyt heller ikkje godt av sterke naboar.

– Det er ofte snakk om dei asiatiske tigrane. Karibia har ingen tigrar, seier Hernandez.

Artikkelen held fram under biletet.


Fleirtalet av cubanarane bur i byar. Standarden på svært mange hus og leilegheiter er svært dårleg,
ifølge Rafael M. Hernandez.
(Illustrasjonsfoto og framsidefoto: colourbox.com)

Vernar om helse og utdanning
Eit fåtal sektorar vil likevel bli skjerma mot ei fullstendig omvelting, ifølge Hernandez. Helse, utdanning og forsvar er ikkje opna for privatisering og utanlandske investeringar, og vil heller ikkje bli det. Cubanarane er stolte av helse- og utdanningssektoren sin, og vil halde på den som den er. På eitt felt er det imidlertid naudsynt med endringar også her.

– Den største delen av budsjettet går til helse og utdanning. Det er behov for ei rasjonalisering og vi må gjere sektorane ansvarlege for at løyvingane blir nytta på rett måte. I dag er det mykje sløsing, og det er stor bekymring knytt til det. Likevel har eg aldri møtt ein cubanar som meiner at helse- og utdanningssektoren bør bli privatisert, seier han.

Gradvis endring
Hernandez er redaktør i det cubanske tidsskriftet Temas. På eit Cuba som ifølge han sjølv har bevega seg gradvis mot eit opnare samfunn i løpet av dei siste 20 åra, utfordrar magasinet stadig grensene for ytringsfridom.

– Vi kan ikkje vite kvar grensa går før vi har prøvd den ut, seier han.

Han meiner likevel at den cubanske debatten er langt meir open og offentleg enn omverda har inntrykk av, og at endringa har kome dei siste tiåra.

– For 20 år sidan vart ikkje tema som rasisme, religiøs fridom og likestilling diskuterte offentleg, men steg for steg har vi fått ein open debatt. Utfordringa er at utanlandsk presse ikkje er opptekne av dei same tema som cubanarane. Den reelle endringa og dynamikken på Cuba blir ikkje skikkeleg reflektert i utanlandsk presse, seier han.

Den eldre garde trer av
Ei av endringane på Cuba er at det uunngåeleg går mot eit leiarskifte. Dei øvste cubanske leiarane byrjar å trekke på åra, presidenten Raul Castro er 80. Men på nivået under toppleiinga, blant leiarane i provinsane til dømes, er situasjonen ein heilt annan.

– Dei er yngre, fleire av dei er kvinner og fleire er svarte. Partiet sin generalsekretær i Havanna er ei svart, ung kvinne. Cuba vil bli eit meir likestilt samfunn i løpet av dei neste åra, seier Hernandez.  

Han trur at overgangen til eit nytt, yngre og meir differensiert leiarskap vil vere av det gode også for dei eldre cubanarane som no sit i maktposisjonar. Så lenge dei forpliktar seg til dei sosialistiske kjerneverdiane som Hernandez utpeikar som sosial rettferd, likeverd, nasjonalt sjølvstende, sosial utvikling, folkeleg demokrati og verdigheit.  

– Vi er inne i ein overgangsfase. Vi har framleis mange eldre i regjeringa, men yngre vil kome til. Dette vil ta nokre år, men det er ein rasjonell måte å halde oppe politisk stabilitet på. Men det må veer stadige framsteg. Tempoet må haldast oppe, seier han og understrekar at dette også gjeld reformane.

– Vi må rette opp dei effektane av reformer vi ser ikkje fungerer, heller enn å droppe dei, seier han.

Artikkelen held fram under biletet.


Cuba har ei mangfaldig befolkning. Samfunnet vil gradvis bli meir likestilt etterkvart som den politiske
toppleiinga går av, meiner Rafael M. Hernandez.
(Illustrasjonsfoto: colourbox.com)

Mot demografisk krise
Til trass for at mykje ser lysare ut for cubanarane, har dei eit stort problem dei må hanskast med i nær framtid. Cuba går mot ei demografisk krise. Fødselsraten er låg. Cubanske kvinner utdannar seg og ventar med å få barn. Og når dei først får barn, så får dei gjerne berre eitt. Cubanarar mellom 16 og 45 år er dei som i størst grad forlet Cuba til fordel for utlandet.

– Samstundes er talet på cubanarar som er over 60 år høgare enn nokonsinne. Gjennomsnittsalderen nærmar seg 80 år. Dette er ein prestasjon, men det representerer også ei alvorleg utfordring. Dette er menneske som ikkje lenger er i jobb og som har behov for tenester frå helsesektoren, seier han.

Den største utfordringa er, slik han ser det, å få dei unge, velutdanna cubanarane i arbeidsfør alder til å bli verande på Cuba.

–Majoriteten av cubanarar i arbeidsfør alder reiser jo ikkje, men mange gjer det, og det er ein tragedie for Cuba. Vi mister menneskeleg kapital, seier han.

Men forventningane er stigande. Frustrasjonen og usikkerheiten er framleis til stades, men dette er eit vendepunkt, ifølge Hernandez.

– Vi har starta på noko nytt og vil vinne sjølvtillit for framtida, seier han.

 

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed