Schander blir museumsdirektør

Publisert:15. juni 2011Oppdatert:2. oktober 2013, 11:18

Biologiprofessor Christoffer Schander har takka ja til stillinga som direktør ved Bergen Museum. Den nye direktøren vil blande det beste av det gamle med det beste av det nye for å befeste museet sin posisjon.

– Gratulerer med ny jobb! Kvifor søkte du på stillinga som museumsdirektør?

– Eg har alltid vore fascinert av museum, heilt sidan eg var liten og faren min tok meg med på ulike museum rundt omkring i Sverige. Når eg kjem til ein ny by, går eg straks på museum. Museet i Bergen har eit sjeldan stort potensial. Ved museet er det mange kompetente medarbeidarar og fantastiske samlingar, og museet har ein sentral posisjon i bybiletet. Eg såg det som ei veldig interessant utfordring å få vere med på å bygge opp det ”nye” Bergen Museum i samband med Museumsprosjektet 2014. Eg håper difor at eg kan tilføre noko positivt til utviklinga av museet, og difor søkte eg på stillinga.

– Kva oppgåver ser du mest fram til?

– Museet har tre hovudoppgåver – forsking, formidling og samlingsansvar. Det finst store utfordringar innanfor innan alle desse tre områda. Det forskande personalet må få tid og moglegheiter til å drive med god forsking og publisere sine resultat. Vi må sjå til at vi når ut til allmennheita gjennom gode utstillingar som interesserer og engasjerer, både gjennom tradisjonelle utstillingar og gjennom å i større grad ta i bruk digitale medier. Og vi må sjå til at vi forvaltar samlingane våre langsiktig, og at dei blir ein integrert del av forskinga. Eg ser også fram til å prøve å få dei naturhistoriske og kulturhistoriske delane av museet betre integrerte. Eg trur at det er eit stort potensiale for felles prosjekt her, og eg håper at eg skal kunne stimulere til ei slik verksemd. I tillegg ser eg fram til å få marknadsføre Bergen Museum som den fantastiske institusjonen det er. Å prøve å få ein betre økonomi for museet og slik skape større moglegheiter for god forsking og formidling er også ein svært viktig del av det framtidige arbeidet mitt.

– Kva moglegheiter ser du føre deg at Museumsprosjektet 2014 gjev?

– Museumsprosjektet 2014 er svært spennande. Eg har tidlegare vore delaktig i ei av arbeidsgruppene som har leia fram til Museumsprosjektet 2014 i si noverande form. Museumsprosjektet 2014 inneberer fantastiske moglegheiter for å igjen gje Bergen Museum den sentrale rolla det ein gong hadde. Vi må ikkje gløyme at universitetet har sine aner i museet og ikkje omvendt. Eg ser føre meg eit moderne museum, men med ei klar forankring i historia. Eg ser gjerne eit museum der gjenstandane står i sentrum – eg har sett altfor mange døme på museum som har blitt for opptekne av teknologi i utstillingane, og det er ikkje dit vi vil. Det er forskjell på eit museum og eit dataspel. Vi skal ta vare på det beste av det gamle og kombinere med det som fungerer av det meir moderne. Eg ser museet som ein viktig og integrert del av både verksemda ved universitetet og i samfunnet generelt. Museumsprosjektet 2014 inneberer ein ny start for museet, og eg kjenner meg æra av å få vere ein del av den.

– Korleis kan Bergen Museum best formidle den kunnskapen og forskinga som går føre seg ved universitetet?

– Det er særskilt viktig å vise fram museet utad. Kan vi selge museet som eit foretak som er interessant for allmennheita, så har vi også høve til å vise fram den forskingsaktiviteten som går føre seg både ved museet sjølv og ved universitetet generelt. Vi snakkar ofte om forskingsbasert undervising ved universitetet. Eg trur at det er minst like viktig å snakke om forskingsbaserte utstillingar. Museet og utstillingane der kan vere eit vindauge for forskinga ved museet og ved universitetet. Utstillingane kan vere meir tradisjonelle, eller nyare digitale variantar. Internett har opna store moglegheiter for formidling, men det er også veldig lett å drukne i den informasjonsmengda ein blir tilbydt. Museet skal vere ein spennande plass å besøke, og marknadsføring av museet, og dermed også universitetet generelt, er svært viktig. Museet skal vere ein integrert del av undervisinga ved universitetet og i rekrutteringa til universitetet. Men det er også svært viktig å verne om dei andre aktivitetane ved museet. Ikkje noko museum fungerer bra utan god forsking, og publikumsutstillingane må ikkje bli produserte på bekostning av den langsiktige samlingsverdien.

– Du er for tida på forskingstermin i USA. Når ser du føre deg å ta til i stillinga som museumsdirektør?

– Det er store utfordringar som ligg framfor meg, og eg håper difor å kunne tiltre så snart som mogleg etter at forskingsterminen min er over i byrjinga av august. Men eg vil også at overgangen frå den noverande stillinga mi som professor ved Institutt for biologi ved Universitetet i Bergen skal bli så smidig som mogleg, så for augneblinken kan eg ikkje peike ut nokon bestemt dato.

 

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed