København-rektor frikjend i Penkowa-sak

Publisert:22. mars 2011Oppdatert:9. september 2013, 16:52

Rektor Ralf Hemmingsen ved Københavns Universitet (KU) kan førebels pusta letta ut. Sakene om den bedrageridømde hjerneforskaren Milena Penkowa får ingen konsekvensar for han, slår universitetsstyret fast, melder det danske nyhendebyrået Ritzau i dag.

Rektor Ralf Hemmingsen ved Københavns Universitet (KU) kan førebels pusta letta ut. Sakene om den bedrageridømde hjerneforskaren Milena Penkowa får ingen konsekvensar for han, slår universitetsstyret fast, melder det danske nyhendebyrået Ritzau i dag.

Det er ein 700 sider lang rapport frå den danske statens advokat, Kammeradvokaten, som styret har brukt som bakgrunnsmateriale for å konkludera med at det ikkje er grunn til å koma med alvorleg kritikk av rektor Ralf Hemmingsen ved Københavns Universitet. Det skriv Uniforum i dag.

Verken tilsetjinga av Penkowa eller innstillinga av henne til den prestisjefylte EliteForskprisen i 2009, er grunnar gode nok til å kritisera universitetsrektoren, meiner universitetsstyret. Ingen gjorde alvorlege feil, er konklusjonen i rapporten, ifylgje Universitetsavisen ved Københavns Universitet.

– Eg er svært tilfreds med at Københavns Universitet og rektor no er blitt frikjende for dei svært alvorlege skuldingane om at det har vore ei favorisering av Penkowa, uttaler styreleiar Nils Strandberg Pedersen i ei pressemelding.

I rapporten blir det likevel peika på at tildelinga av EliteForskprisen til Penkowa i januar 2009 ikkje har vore heilt problemfri. Det er kome fram at Københavns Universitet innstilte Penkowa til prisen, sjølv om både rektor og dekan på Det medisinske fakultetet, Ulla Wewer, visste at forskaren var meld til politiet for bedrageri og dokumentforfalsking.

På Høyden krever at du bekreft e-postadressen din før du kan poste innlegg. Les også våre debattregler

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed