Holbergprisen til Kocka

Publisert:15. mars 2011Oppdatert:2. oktober 2013, 11:18

Den tyske historikaren Jürgen Kocka vert tildelt Holbergprisen 2011.

I går kl. 10 vart det kjent at årets Holbergpris går til historikaren Jürgen Kocka. Kocka er professor ved Humboldt Universitet i Berlin og har engasjert seg i debattar om konstruksjonar av minne og historia si politiske rolle.

I grunngjevinga frå Holbergprisen sin fagkomité vert Kocka omtalt som ein av dei mest innverknadsrike historikarar som er verksame i dag.

”Jürgen Kocka er ein framragande historikar som på avgjerande vis medverka til eit paradigmeskifte i tysk historiografi ved å opne for beslekta samfunnsvitskaplege fag og ved å etablere tydinga av ei transnasjonal, komparativ tilnærming. Hans historieforsking representerer ein monumental innsats når det gjeld europeisk borgarskap, arbeidsliv og bedriftsorganisering, ved at han undersøkjer dei mangfaldige sider ved sosial stratifisering og den konstant pågåande endring i sjølve arbeidet” (…).

Ein offentleg intellektuell
– Kocka har spela ei viktig rolle som offentleg intellektuell. Mellom anna fekk han ei sentral rolle i offentlegheita i tida etter Berlinmurens fall i 1989. Han sette fingeren på kva som eigentleg gjekk føre seg i den uoversiktelege gjenforeiningsprosessen. Denne evna til å sjå dei store perspektiva og dei store samanhengane er typisk for Kocka. Personleg er eg svært glad for at han no har blitt tildelt Holbergprisen, seier Christhard Hoffmann, instituttleiar ved Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap ved UiB.

Ifølge Hoffmann har Kocka, saman med andre store namn som Gerhard A. Ritter og Hans-Ulrich Wehler, vore ein av dei mest sentrale pådrivarane for det skiftet det tyske historiefaget gjekk gjennom på 70-talet. Medan faget tidlegare hadde vore svært nasjonalistisk orientert og hatt fokus på dei store namna, var Kocka oppteken av historia i eit komparativt perspektiv.

– Han forstod historie som ei form for samfunnsvitskap. For Kocka var økonomiske og sosiale prosessar eit grunnlag for å forstå den historiske utviklinga, seier han.

Jürgen Kocka har ei høg stjerne mellom anna i fagmiljøet ved Universitetet i Bergen. Då Historisk institutt feira 50- årsjubileum i 2007 var Kocka invitert som festtalar. Christhard Hoffmann traff Kocka første gongen då dei begge var gjesteprofessorar ved universitet i USA.

– For Kocka var møtet med amerikansk akademia ganske viktig. I 1965 tok han mastergrad i statsvitskap ved Universitetet i North Carolina. Han vart også påverka av eit alternativt syn på tysk historie som fantest blant tysk-jødiske emigrantar, spesielt av Hans Rosenberg, seier han.

Interesse for den industrielle historia
Allereie i 1968 tok Kocka doktorgrad ved Det frie Universitet i Berlin. Året etter publiserte han ei bok som etablerte han som ein leiande sosialhistorikar av si tid. I ”Unternehmensverwaltung und Angestelltenschaft am Beispiel Siemens 1847-1914” presenterte han forsking kring leiing og kontortilsette. Ifølge Holbergprisen sin fagkomité ber Kocka sine publikasjonar preg av djupne og kreativitet og den kjenneteiknande evna til å sjå og drøfte store spørsmål. Interessa for dei såkalla kvitsnipp-arbeidarane har følgt Kocka gjennom karriera, og i 1977 retta han merksemda mot tilhøva i USA i boka ”Angestellte zwischen Faschismus und Demokratie”.

Sidan vendte han blikket tilbake mot historia til den tyske arbeidarrøyrsla. Men Kocka har ikkje berre vore oppteken av historie. Han har også drøfta etikk og spørsmål kring politisk og kulturell identitet.

Har sett sterke spor
Kocka har motteke fleire æresutmerkingar og undervist ei rekke stader. Han har også sett spor etter seg mellom anna gjennom det store prosjektet om det europeiske borgarskapet, som han sette i gong i 1985. Her stod han i spissen for å samle ei omfattande gruppe internasjonale forskarar, og prosjektet enda med ei samling essays i tre bind. Denne har blitt oversett til ei rekke språk. 

Kocka har halde fram med forskinga på sosial- og arbeiderhistorie, historisk metode og utviklinga i Sentral- og Aust-Europa, og har publisert ei rekke arbeid innanfor desse felta. For augneblinken arbeider han med ei bok om kapitalismen og den utviklinga den har gått gjennom dei siste to hundre åra.

Holbergprisen vert utdelt 8. juni i Håkonshallen i Bergen, samstundes med Nils Klimprisen.

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed