Doktorgradskandidat søker arbeid

Publisert:2. mars 2011Oppdatert:2. oktober 2013, 11:18

Talet på doktorgradsutdanna aukar, men det er ikkje plass til alle i herberget. Kvar skal dei gjere av seg?

I 2010 tok 237 personar doktorgraden ved Universitetet i Bergen. Dette er det høgste talet nokonsinne. Auken er i tråd med den nasjonale målsetjinga om å heve kunnskapsnivået i samfunnet og auke talet på doktorgradsutdanna. Det er likevel problematiske sider ved veksten, ifølge Ann-Kristin Molde, leiar i STIP-HF og nestleiar i Stipendiatorganisasjonane i Noreg (SiN).

– Søkelyset på kva ein skal gjere etter doktorgraden aukar ikkje i takt med talet på doktorgradsutdanna, seier Molde.

I dag arrangerer SiN det nasjonale seminaret ”Livet etter doktorgraden”. Her skal ferske doktorar, stipendiatar under utdanning, universitetstilsette og representantar frå departement og næringsliv drøfte korleis doktorgradskompetansen kan bli utnytta på best mogleg måte.

Myteomspunnen grad
Molde understrekar at poenget med seminaret er å sette temaet på dagsorden og at svara ikkje seier seg sjølve. Ein viktig nøkkel er likevel at leiinga ved universiteta må ha større fokus på kva stipendiatane skal bruke kunnskapen til etter endt utdanning, ifølge Molde.

– Det finst mange myter kring doktorgradskompetansen. I Noreg er det ikkje sett på som positivt å vere for akademisk retta. Næringslivet har heller ikkje nokon tradisjon for å tilsette personar med doktorgrad. Kompetansen må synleggjerast eksternt, men det er også viktig med ei intern synleggjering av korleis denne kompetansen kan stette arbeidslivet sine behov, seier ho.

Molde meiner at universiteta med fordel kan ha eit større fokus på arbeidsmoglegheitene utanfor akademia. Ei undersøkjing i fjor vår viste at svært mange doktorgradsutdanna såg føre seg ei karriere innan akademia, med at få kan rekne med å bli der.

– Universiteta tek ikkje nok ansvar for å synleggjere kompetansen ein doktorgrad gjev. Det burde bety noko for universitetet kvar dei doktorgradsutdanna hamnar, seier ho.

Ho etterlyser fleire møtestader mellom universitet og næringsliv, fleire karrieredagar og eit større søkelys på gründerverksemd. Samstundes meiner ho at stipendiatane sjølve også kan bli flinkare til å profilere seg sjølve og aktivt leite etter jobbmoglegheiter utanfor akademia.

– Bevisstheiten blant stipendiatane er for liten. Vi må sjølve forstå at vi har noko å bidra med. Dette er ei utfordring som ikkje berre gjeld humanistar, seier ho.

Ver målmedviten
Gry Kibsgaard, PhD-koordinator ved Universitetet i Bergen, oppfordrar doktorgradskandidatane til å tenke gjennom kva mål dei har for utdanninga. Medan personlege interesser er utslagsgjevande for nokon, er doktorgraden for andre ein del av karrierestigen. Motivasjonen for å ta doktorgrad kan også vere at ein vil arbeide som forskar. Men samstundes som samfunnet etterspør doktorgradskompetanse, er det få forskarstillingar å søke på. Kibsgaard har likevel råd til doktorgradskandidatar som er fast bestemte på ei karriere innan forsking.

– Dersom du vil vere forskar, er det heilt avgjerande å jobbe med nettverket ditt, ikkje berre på institusjonsnivå. Du må knytte kontaktar innan fagfeltet både nasjonalt og internasjonalt og vere førebudd på å flytte på deg. Og er det ikkje aktuelt å flytte, må du anten spisse deg inn mot den forskinga som allereie er godt etablert eller mot dei behova dei største sektorane i området har, seier ho.

Ho understrekar samstundes at det kan vere lurt å få auga opp for den forskingsrelaterte aktiviteten som går føre seg i til dømes ulike statlege etatar.

– Fleire jobbar med å forvalte andre si forsking, heller enn si eiga. Er ein bevisst på at doktorgraden kvalifiserer til arbeid både i og utanfor akademia tidleg i karriereløpet, vil ein kanskje vere meir opne i høve til det å jobbe andre stader, seier ho.

Kvalitet i fokus
Ifølge Berit Rokne,prorektor ved Universitetet i Bergen, er det viktigaste universitetet kan gjere for doktorgradskandidatane å tilby ei utdanning av god kvalitet. Doktorgradskandidatane frå UiB skal under utdanninga vere tilknytta gode forskingsmiljø og få delta der forskinga skjer.

Ho viser til at UiB i 2008 ferdigstilte ein handlingsplan for forskarutdanninga. Denne planen omfattar alt frå rekruttering til oppfølging av doktorgradskandidatar og ferdigstilling av avhandlinga. Handlingsplanen er eit godt utgangspunkt for arbeidet med kvalitet og auka gjennomstrømming, meiner ho. Sjølv om fleire av tiltaka er gjennomførte, understrekar ho samstundes at det framleis gjenstår eit stykke arbeid.

– Handlingsplanen tek føre seg fleire sentrale element når det gjeld doktorgradsutdanninga. No ser vi på kva som kan gjerast meir systematisk av ulike tiltak som førebur doktorgradskandidatane på livet etter doktorgraden, seier ho.

Eitt av dei foreslåtte tiltaka som det blir jobba vidare med er planane om å opprette ei eigen karriererådgjeving for doktorgradskandidatane.

Rettleiar med viktig rolle
Karriereløpet som stipendiat er både eit forskarprosjekt og eit sjølvutviklingsprosjekt, understrekar Gry Kibsgaard. Her har fagmiljøa eit stort ansvar.

– Det er forståeleg at rettleiarar helst vil at kandidatane deira skal drive med forsking, men dei må også sjå at kompetansen deira er verdifull også utanfor akademia, seier ho.

Berit Rokne er samd i at rettleiarane har ei viktig rolle og at dei bør ta opp diskusjonar om kva moglegheiter kandidaten har etter endt utdanning.

– Vi må kunne forvente at rettleiarane har eit blikk for fagfeltet og kva moglegheiter som gjer seg gjeldande, både innan forsking og utanfor akademia. Samstundes skal ikkje dette vere rettleiar sitt ansvar åleine. Også på fakultets- og instituttnivå bør det vere moglegheiter for å innhente gode råd. Framover vil det og bli drøfta om det skal på plass spesielle tiltak som skal organiserast frå sentralt hald, seier ho.

Kibsgaard understrekar at doktorgraden ikkje berre gjev spesialisert kompetanse, men også brei allmenn kompetanse innan mellom anna problemløysing, innsamling og behandling av store mengder data, evne til å planlegge prosjekt og tenkje sjølvstendig og å formidle kunnskap på ein forståeleg måte.

– Dette er lett overførbar kompetanse som UiB må synleggjere, seier ho.

På Høyden krever at du bekreft e-postadressen din før du kan poste innlegg. Les også våre debattregler

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed