Utnemnt til ridder

Publisert:17. februar 2011Oppdatert:21. februar 2011, 08:37

Som 13-åring ville Bjarne Bjorvatn bli poet. Torsdag vart han heidra med utmerkinga Ridder 1. klasse av Den Kongelige Norske fortjenstorden for sitt arbeid innan mellom anna internasjonal helse og tropemedisin.

Torsdag førre veke vart professor Bjarne Bjorvatn utnemnt til Ridder 1.  klasse av Den Kongelige Norske fortjenstorden. Den høgthengande utmerkinga fekk han for sin framragande innsats innanfor internasjonal helse og sitt vitskaplege virke. Fylkesmann Lars Sponheim overrakte den høgthengande tittelen under eit arrangement i Knut Fægris hus. Lokalet var fullsett av kollegaer frå Universitetet i Bergen, universitetsleiing, slekt og vener. Godorda hagla over Bjorvatn, som sjølv meinte at det vart teke litt hardt i.

– Du har gjort ein sjeldan innsats for menneskeheita. Mest imponerande er kanskje ditt arbeid for internasjonal helse og vaksinasjon, eit arbeid som er avgjerande for menneske sine moglegheiter til å leve ut sine liv, sa Fylkesmann Lars Sponheim til Bjorvatn.

Men det er ikkje fare for at den nyslåtte riddaren skal miste bakkekontakta av utmerkinga. Til det har han møtt for mange dyktige folk opp gjennom karriera.

– Det er utvilsomt ei stor ære å få ei slik utmerking, men det er også eit element av å føle seg sjenert. Det er openbart at det er mange andre som hadde fortent denne utmerkinga som aldri får den. Ein ser seg rundt og føler seg litt beklemt der ein står, fordi ein veit kva andre har gjort og oppnådd, seier han til På Høyden.


Bjarne Bjorvatn fekk overrekt utmerkinga Ridder 1. klasse av Den Kongelige Norske fortjenstorden av
fylkesmann Lars Sponheim.

Primus motor
Bjorvatn har hatt eit sterkt engasjement på fleire frontar og er takksam for at han har fått ta del i så mykje. Men Senter for internasjonal helse (SIH) ved UiB har likevel spela ei sentral rolle i karriera.

– Dersom eg skal sjå på karriera mi i retrospekt, er det viktigaste at eg var nokså sentral i opprettinga av SIH. Det er ein beståande verdi som eg kan sjå tilbake på, seier han.

Bjorvatn tok initiativet til SIH og vart den første direktøren ved senteret i 1988. SIH er i dag det største senteret i sitt slag i Norden og har til ei kvar tid ei lang rekke unge studentar frå utviklingsland knytta til seg, som master- eller doktorgradsstudentar.

Bernt Lindtjørn, professor ved SIH, var ein av mange kollegaer som var til stades under arrangementet i Knut Fægris hus for å heidre Bjorvatn. Han framhevar den no pensjonerte professoren som ei drivkraft i arbeidet med internasjonal helse.

– Bjarne Bjorvatn har vore den viktigaste personen for SIH opp gjennom historien. Han var primus motor og utvikla faget, og har rettleia fleire av dei som er professorar der i dag, seier han.

Bjorvatn har vore sterkt knytta til senteret si verksemd sidan oppstarten på slutten av 80-talet, også etter at han vart professor emeritus.

– Sjølv om eg no arbeider for WHO og held foredrag rundt omkring, så er SIH framleis heimen min, seier han.

Sterkt engasjement for u-land
SIH har eit utstrakt samarbeid med forskingsinstitusjonar i utviklingsland. Eitt av desse samarbeidsprosjekta er det tverrfaglege norsk-tanzanianske programmet mot HIV/AIDS i Tanzania. Her spelte Bjorvatn ei avgjerande rolle som initiativtakar.

Bernt Lindtjørn meiner at Bjorvatn har fantastiske evner som ein samarbeidets mann.

– Han kom inn med eit internasjonalt nettverk som SIH nyt godt av den dag i dag, seier han.

Arbeidet med SIH er langt frå det einaste internasjonale prosjektet der Bjorvatn har gjort seg bemerka. Han vart professor emeritus i 2002, men er framleis like aktiv. Ein gong i månaden flyg han til WHO i Geneve, der han jobbar godt over full tid med spørsmål knytta til vaksinepolicy. Medan han tidlegare i karriera jobba mest med diagnostikk og sjukdomsbehandling, er søkelyset no på førebygging.

– Det spennande med dette arbeidet er at WHO sin policy vert sett som ein gullstandard i utviklingsland. Der er det framleis eit stort behov for retningslinjer i høve til vaksinasjonsspørsmål. Arbeidet med utviklingsland har vore ein viktig for meg og ligg meg framleis nært, seier han.

Oslo tapte
Bjorvatn har eit langt og hendingsrikt arbeidstilhøve ved UiB bak seg, men det var ikkje sjølvsagt at det var her han skulle hamne. I løpet av ei og same veke i 1985 vart han kalla til professorat i internasjonal helse og tropemedisin både ved Universitetet i Oslo og Universitetet i Bergen.

– På den tida budde eg i Oslo, og eg såg også hovudstaden sine fordelar, med nærleiken til myndigheitene. Men Oslo tapte for ein gongs skuld, seier han.

Valet falt på Bergen, ikkje minst takka vere tidlegare universitetsdirektør Magne Lerheim og Claus Ola Solberg som var sjef for infeksjonsavdelinga ved Haukeland sjukehus.

– Eg oppfatta at UiB ville meir med si internasjonale satsing, seier han.

 

På Høyden krever at du bekreft e-postadressen din før du kan poste innlegg. Les også våre debattregler

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed