– UiB manglar visjonar

Publisert:26. november 2010Oppdatert:2. oktober 2013, 11:18

UiB manglar visjonar for globale utfordringar som klimaendringar og dei samfunnmessige konsekvensane. Den disiplinbaserte tilnærminga fungerer dårleg, meiner Asunción St.Clair og Eystein Jansen.

Denne veka samlast representantar for det internasjonale samfunnet til klimatoppmøte i Cancun i Mexico. Her skal det førast forhandlingar om ein ny internasjonal klimaavtale, ei av dei største utfordringane det globale samfunnet står overfor.

Forskarar innan klima, helse, fattigdom og utvikling ved Universitetet i Bergen meiner at globale utfordringar krev eit sterkare og tettare tverrfagleg samarbeid, og ei satsing frå universitetet som er mykje tydelegare enn i dag.

– Den grunnleggjande feilen vi gjer i dag er å behandle klimaendringar som eitt avgrensa forskingsfelt. For å møte utfordringane må ulike fagfelt gå saman og utfylle kvarandre. Det er vårt ansvar som universitet å utdanne og førebu dei unge til å møte kompleksiteten i klimaendringane, seier Asunción St.Clair, professor i sosiologi og nyleg avgått leiar i CROP.

Etterlyser flaggskipsatsing
St.Clair og Eystein Jansen, direktør ved Bjerknessenteret for klimaforsking, er begge med i FN sitt internasjonale klimapanel (IPCC), St.Clair som ein av forfattarteamet bak delrapporten om verknadene av klimaendringane og Jansen som del av forfattarteamet bak delrapporten om det klimavitskaplege grunnlaget.

Jansen meiner at det tverrfaglege samarbeidet ved UiB fungerer langt frå optimalt i dag.

– Vi treng tydelege institusjonelle strukturar for tverrfagleg samarbeid og ei ansvarsplassering. For å løyse globale utfordringar må vi gå inn i breie og tverrfaglege samarbeid. Det er ikkje så lett med den disiplinærbaserte tilnærminga UiB har i dag, seier han.

Han meiner at Universitetet i Bergen har mykje å tene på å styrke det tverrfaglege samarbeidet. Han trur at ei flaggskipsatsing vil vere med på å synleggjere UiB som eit internasjonalt forskinguniversitet og at det vil vere mykje å hente på ekstern finansiering.

– Dette vil også vere ei investering i merkevarebygging for universitetet sin del. I dag underkommuniserer vi den breie kompetansen vi har ved UiB, seier han.

Fleire store universitet i utlandet frontar store, tverrfaglege samarbeid som flaggskip for forskingsverksemda. Jansen viser mellom anna til Earth Institute ved Columbia University som ei tverrfagleg satsing med ei solid institusjonell forankring.

– UiB har svært gode fagmiljø både innan klimaforsking, internasjonal helse, fattigdom og utvikling, men vi har ikkje fått på plass noko institusjonell samankopling av desse miljøa. Det er også eit behov for å integrere forskingsverksemda i randsona i eit slikt samarbeid, seier han.

Kunstig skilje
Asunción St.Clair meiner at UiB opererer med eit kunstig og feilaktig skilje mellom reine disiplinar og ei tverrdisiplinær tilnærming.

– Dette synet på korleis forsking fungerer er trangsynt, seier ho.

Både Jansen og St.Clair understrekar at dei ikkje vil undergrave disiplinane. Tvert om må samarbeidet vere basert på disiplinane. For at tverrfaglege miljø skal lukkast, er det behov for ei endå klarare satsing frå universitetsleiinga enn ein har i dag.

– Dei forsøka på satsing som hittil har vore gjort er utilstrekkelege i høve til det som bør vere ambisjonsnivået, seier Jansen.  

St.Clair viser til utviklingsforskinga som eit døme på at strategiane ein nyttar i dag er i ferd med å bli utdaterte. Utvikling er ikkje lenger eit spørsmål som kan delast opp i nord eller sør. På same måte er det skarpe skiljet mellom til dømes marin forsking og samfunnsvitskapane er kunstig.

– Vi har ikkje hatt ein fagleg fundert debatt om den disiplinbaserte strategien, seier ho.

Må tenkje nytt
I dag manglar det både møtestader for tverrfagleg samarbeid og naudsynt rom for kreativitet, påpeiker St.Clair.

– Klimaendringane er eit nytt stadie i historia. Det tvingar oss til å tenkje nytt og å reformulere vitskapen og dei metodene vi brukar. Vi kan ikkje lenger gå ut i frå at disiplinane slik dei er i dag kan gje oss det verktøyet vi treng for å møte den raske omveltinga klimaendringane utgjer, seier ho.

Ho peikar på behovet for å kunne gjere endringar i pensum og undervisinga, og meiner at både forskarar og studentar må bli langt flinkare til å setje seg inn i andre forskingsfelt. Og det må tilretteleggjast for endringar i eit langt raskare tempo enn i dag.

– Vi har avgrensa med tid til å svare på dei utfordringane klimaendringane gjev, seier St.Clair og etterlyser større visjonar hjå universitetsleiinga..

Auga opp for språket
Eystein Jansen meiner at mykje av den spennande forskinga skjer i møtepunktet mellom ulike fag. Ikkje berre heng klimaendringar, fattigdom og utviklingsspørsmål nøye saman. Også språkbruk og kommunikasjon har fått større merksemd. I kronikken ”Skjerp klimaspråket” presiserte nyleg klimaforskar Tore Furevik, språkforskar Johan Myking og Idar Eidset kor viktig ein tydeleg og klar språkbruk er for forståinga av klimaspørsmål.

St.Clair trur at årsaka til at politikarane ikkje har gjort meir for å følge opp anbefalingane frå klimaforskarar er at det ikkje har vore lagt nok vekt på kommunikasjon og å formidle dei sosiale konsekvensane av klimaendringane. Ho er ikkje overtydd om at samfunnsvitskapane og humaniora fullt ut forstår si rolle innan klimaforskinga.

– Ein kan ikkje lenger definere til dømes velferd utan å ha klimaendringane i mente. Det ligg i bakgrunnen for alt, seier ho.

På Høyden krever at du bekreft e-postadressen din før du kan poste innlegg. Les også våre debattregler

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed