Statsråd Aasland lærte bioteknologi

Publisert:26. november 2010Oppdatert:2. oktober 2013, 11:18

Sarssenteret kjempar for ti nye år med finansiering. Før helga fekk dei og resten av bioteknologimiljøet ved UiB vise seg fram for statsråd Tora Aasland.

I samband med regjeringa si satsing på bioteknologi var forskings- og høgare utdanningsminister Tora Aasland på besøk ved Universitetet i Bergen førre veke. Her møtte ho heile bioteknologimiljøet ved universitetet, mellom anna forskarar frå Sarssenteret.

Senteret nærmar seg slutten av ti år med finansiering som har vore broderleg delt mellom UiB og Norges Forskningsråd (NFR). No ventar dei på ei avklaring av den økonomiske situasjonen etter 2012.

– Under sist møte med senteret sitt vitskaplege råd sa UiB seg villeg til å bidra med finansiering for ein ny tiårsperiode. No håper vi at forhandlingane med NFR gjev resultatet, seier Chourrout.

Ingen økonomiske lovnader
Statsråd Aasland var i Bergen primært for å presentere regjeringa sin strategi på bioteknologi for fagmiljøa. Under besøket fekk ministeren også presentert noko av forskinga ved Sarssenteret, og leiinga ved senteret håper presentasjonen skal verke positivt på arbeidet med å sikre senteret si framtid.

Men Aasland kom med få konkrete lovnader om nye økonomiske forpliktingar på bioteknologi. Statsråden kommenterte at ho ikkje er framand for ei styrking av utvalde miljø, og understreka samstundes at ressursane ikkje må spreiast for tynt. Kva slags miljø som eventuelt ligg an til å få spesiell styrking kunne ho ikkje gå inn på. Innan marin forsking peika ho på Bergen og Tromsø som dei største bidragsytarane. 

– Bortsett frå olje og gass er det marine feltet vår største eksportvare. Vi har store forventingar til at marin forsking kan gje oss bioaktive komponentar frå havet som kan brukast i mellom anna matvareproduksjon og til helseføremål, sa ho.

Ho understreka at regjeringa vil jobbe for å dreie EU sitt åttande rammeprogram mot norske interesser.

– Både breidde og spissing vil vere viktig framover, sa ministeren.

Open for grunnforsking
Regjeringa har valt ei brei tilnærming til bioteknologi. Chourrout meiner at dei intensjonane som kjem til uttrykk i satsinga er svært gode.

– Eg er imponert over at strategien opnar for grunnforsking. Industrien kan berre utvikle seg vidare ved hjelp av grunnforsking. Ved Sarssenteret er vi så heldige at vi ikkje berre får lov til å drive med grunnforsking. Vi blir også bedt om det, seier han.

Samstundes meiner han at regjeringa gapar vel høgt i satsinga og at det manglar tydelege prioriteringar. Han trur likevel at dette vil kome på plass etterkvart.

– Ein kan ikkje dekke alt, sjølv om bioteknologi er eit område der den vitskaplege utviklinga går raskare enn sjølv forskarane forventar, seier han.

Etterlyser fyrtårn
Professor Vidar Martin Steen ved Seksjon for medisinsk genetikk og molekylærmedisin utfordra statsråden til å vere meir konkret på satsingar innanfor bioteknologi. Han ser føre seg ein super-SFF som kan samanliknast med den svenske satsinga The Human Protein Atlas eller det nye, britiske prosjektet The UK10K Project.

– Det er på tide at regjeringa utfordrar forskarane til å foreslå fyrtårnprosjekt. Vi treng miljø som samarbeider på tvers av institusjonane og som verkeleg plasserer Noreg på kartet innan bioteknologisk forsking, seier han.

Det siste tiåret har Noreg og Bergen dobla sin andel av publikasjonar som dreier seg om forsking kring gener. Doblinga har klar samanheng med FUGE-programmet, ifølge Steen. FUGE-programmet har ein varigheit ut 2011.

– Vi treng eit nytt program som tilsvarer FUGE i tillegg til eit fyrtårn. På den måten ivaretek vi både breidde og spiss i fagmiljøet, seier han.

Også professor Petter Bjørstad, instituttleiar ved Institutt for informatikk, saknar meir konkrete uttrykk for regjeringa si nasjonale satsing. Mellom anna understrekar han viktigheiten av at SARS får på plass vidare finansiering.

– Regjeringa må bestemme seg for om vi berre skal vere med som passasjer eller sitte i førarsetet når det gjeld bioteknologi, seier han.


  

På Høyden krever at du bekreft e-postadressen din før du kan poste innlegg. Les også våre debattregler

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed