Sikrar framtidas forsking

Publisert:26. august 2010Oppdatert:26. august 2010, 14:52

Med stipend for over 23 millionar kroner frå Bergen Medisinske Forskningsstiftelse har sju unge forskarar fått høve til å forske vidare på det dei brenn for.

Perioden etter post doc opplevast som eit tomt rom for mange. Vegen fram til vitskaplege stillingar og professortitlar er lang, og konkurransen om midlane hard. Dette prøver Bergen Medisinske Forskningsstiftelse (BMFS) å bøte på gjennom eit rekrutteringsprogram der dei deler ut stipend til unge forskarar som er ferdige med postdoktorperioden. Tidlegare i sommar delte stiftelsen ut stipend for over 23 millionar kroner til sju unge forskarar og i går vart forskarane feira under ei markering på Laboratoriebygget.

– Stipendet gjev oss fridom til å forske på noko som står oss nært, seier Anette Bøe Wolff, forskar ved Institutt for indremedisin.

Ho er ein av dei sju som no er sikra midlar til både løn og drift i ein periode som strekker seg over tre år.

– Inspirerer andre

BMFS vart oppretta på bakgrunn av donasjonar frå Trond Mohn, og han var sjølv til stades for å gratulere stipendmottakarane under arrangementet.

– Ha tru på dei som er rundt dykk og på dykk sjølve, var hans klare oppfordring til dei unge forskarane.

Tre av dei sju forskarane held til ved Institutt for indremedisin. Instituttleiar Alfred Halstensen er svært nøgd med at både dei og fire andre no får høve til å forske vidare.


Stipendvinnarane er (framme frå v.) Sjouke Daouia Kuipers, Simone Eussen, (andre rad frå v.)
Anette Bøe Wolff, Oddrun Anita Gudbrandsen, Bjarte Håvik og (bak) Paul Johan Høl. Jian Wang
var ikkje til stades under arrangementet.

 – Dette betyr mykje både for instituttet og for dei menneska de forskar for, for deira livskvalitet og helse. Det betyr også noko for økonomien og omdømmet vårt, og det inspirerer andre til å strekke seg for å følge etter dykk.

Stor breidde

Forskarane som i år har motteke stipend frå Bergen Medisinske Forskningsstiftelse er:


Simone Eussen ved seksjon for farmakologi, Institutt for indremedisin:

Hovudhypotesa Eussen opererer med er at samanhengen mellom B-vitaminar og hjarte-karsjukdom eller kreft er påverka av betennelse, noko som målast av blant anna kynureninemetabolittar.

Studien sitt mål er å undersøkje samanhengen mellom B-vitaminar og betennelsesmarkørar i høve til hjarte-karsjukdomar, kreft og dødelegheit i den store studien Hordaland Helseundersøkelse.


Oddrun Anita Gudbrandsen ved seksjon for medisinsk biokjemi, Institutt for indremedisin:

I dag eksisterer det få tilbod for overvektige. Med tablettar oppnår ein ikkje stor nok vektreduksjon, slankekurar har ofte ein midlertidig effekt og fedmeoperasjonar er eit dramatisk inngrep som svært få får tilbod om. I fjor fekk berre ein prosent av dei som har behov for ein slik operasjon tilbod om hjelp.

Denne studien ser på kva som skjer i kroppen etter ein fedmeoperasjon og skal samanlikne det med endringar etter kosthaldsjusteringar. Forskingsgruppa som Gudbrandsen er knytta til har allereie starta med kartleggjing av endringane i fettvevet etter fedmeoperasjonar. Blant anna ser ein at blodsukkeret går ned før vekta går ned. Målet er å oppnå den same effekten utan operasjon, og forskargruppa prøver no ut ulike diettkomponentar, med vekt på næringsstoff som finst i naturen, for å få ned blodsukkeret hjå overvektige.


Paul Johan Høl ved Institutt for kirurgiske fag:

Nedbrytingsprodukt frå slitte leddproteser kan føre til biologiske reaksjonar, som for eksempel nedbryting av bein og metallallergi. Dette kan vidare føre til svikt av protesen og ny operasjon.

Gjennom forskinga vert det gjort systematiske analyser av velfungerande og øydelagde proteser og tilhøyrande biologisk materiale. Målet er å oppnå tryggare biomateriale med lenger varigheit.


Bjarte Håvik ved Institutt for klinisk medisin:

Målet med studien er å skildre nye sårbarheitsgener og sjukdomsframkallande mekanismar for schizofreni. Schizofreni er forbunde med reduserte kognitive evner som påverkar mellom anna læring og hukommelse. Forskargruppa har leita etter biologiske mekanismar som styrer læring og hukommesle og har oppdaga ei ny og overraskande tyding av immunforsvaret i hjerna.

Immunsystemet er kjent for å bekjempe infeksjonar og annan sjukdom, men dets rolle i hjerna er truleg heilt annleis. Ny teori antyder at immunsystemet er involvert i utviklinga av neuronale nettverk, og forskargruppa har funne eit sterkt genetisk tilhøve samband mellom immunitetsgener og schizofreni. Dei undersøkjer no om dei same immunitetsgenene kan knytast til friske personar sine kognitive evner og håper å finne nye og betre strategiar for behandling og medikamentutvikling.


Sjouke Daouia Kuipers ved Institutt for biomedisin:

Med denne studien håper forskarane å avdekke dei mekanismane som ligg bak danninga av nevronar i hjerna hjå vaksne pattedyr. Ny produksjon av nevronar i vaksen alder er viktige for lærings- og hukommelsesprosessar, og det å forstå korleis denne produksjonen vert regulert er ei lovande tilnærming til behandling og førebyggjing av mentale lidingar, mellom anna depersjon.

Forskarane har nyleg funne ut at Arc proteinet spelar ei hittil ukjent rolle i veksten av nevronale celler. No skal dei undersøkje kva potensial dette proteinet har når det gjeld forståinga av sjukdomsmekanismar, behandling og førebyggjande terapi gjennom utviklinga av medikament.


(privat bilete)
Jian Wang ved Institutt for biomedisin:

Svulstar som oppstår i hjerna invaderer det omkringliggjande vevet og kan difor ikkje opererast radikalt utan at hjerna vert skadd. Gammaknivsbehandling som er ei fokusert strålebehandling kan bremse veksten i desse svulstane forbigåande, men ikkje permanent. Sidan slike hjernesvulstar er kjenneteikna av at kreftcellene infiltrerer omliggjande hjernevev tyder det på at samhandling mellom kreftcellene og vertsvevet er viktige sjukdomsmekanismar. Desse samhandlingane kan også medverke til tilbakefall av hjernesvulstar etter strålebehandling.

Prosjektet fokuserer på desse mekanismane og vil bruke etablerte dyremodellar der kreftceller og vertsceller kan skiljast. Målet er å gjere strålebehandling meir effektiv ved å blokkere samhandlinga mellom kreftceller og vertsceller.


Anette Susanne Bøe Wolff ved seksjon for endokrinologi, Institutt for indremedisin:

Prosjektet vil finne ny informasjon om immunsystemet ved å studere ein sjeldan sjukdom der pasientane har defektar i eit gen som er viktig for å lære immuncellene å sjå skilnad på sjølv-komponentar og framande substansar. Pasientar med sjukdomen autoimmunt polyendokrint syndrom type I (APS I) har svikt i mange hormonproduserande organ og i tillegg kroniks sopp i munnen.

Bøe Wolff har før vist at desse pasientane sitt immunsystem øydelegg det naturlege immunsystemet mot sopp. Dette fenomenet skal no bli studert ytterlegare. Resultata av studien er viktige for forståinga av det generelle immunsystemet.

 

På Høyden krever at du bekreft e-postadressen din før du kan poste innlegg. Les også våre debattregler

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed