Fint i ord, tregt i handling

Publisert:29. juni 2010Oppdatert:9. september 2013, 15:26

Utviklinga av norsk som fagspråk er tema i talrike dokument og utgreiingar. Tilsynelatande rår det stor semje mellom universitet og høgskular. Men handling er det verre med.

Språkpolitikken i universitets- og høgskulesektoren har denne våren fått store og viktige oppslag i media. Marita Kristiansen ved NHH skriv (BT 12.05.) at det engelske fagspråket veltar inn i norsk høgare utdanning og forsking. Språkdirektør Sylfest Lomheim forklarer den dystre situasjonen for norsk fagspråk dels med at norske språkmiljø er for små og svake; Universitetet i Oslo får refs for passivitet, Universitetet i Tromsø og NTNU markerer sterk positiv vilje, og Universitetet i Bergen framstår som «best i klassen» (Aftenposten 7.6., BT 1.6. og 7.6).

Rektor ved Norges handelshøgskule, Jan I. Haaland, peikar på at heile sektoren må ta eit språkpolitisk ansvar (Aftenposten 16.06.10). Men sektoren har faktisk teke eit slikt ansvar, og det er mogeleg å sjå omrisset av ein ganske god språkpolitikk.

Ingen mangel på dokument
Det språkstrategiske dokumentet «Norsk i hundre!» frå 2005 peika ut universitet og høgskular som hovuddomene for norsk som fagspråk, og nemner trongen for samordna og sentrale retningsliner. Universitets- og høgskulerådet (UHR) gav derfor i 2007 eit sett av språkpolitiske tilrådingar til universitets- og høgskulesektoren, dels parallelt med omfattande utgreiingar både frå rådet sjølv (2006), frå UiO (2006) og UiB (2007).

Desse dokumenta er følgde opp med strategidokument av Universitetet for miljø- og biovitskap og Høgskolen i Oslo, og som det siste, NHH 16. juni 2010. Det er altså produsert seks til dels utførlege og analytisk baserte strategidokument mellom 2006 og 2010. I tillegg har NTNU og universiteta i Tromsø og Stavanger utarbeidd retningsliner etter mønster av Universitets- og høgskulerådet, og Universitetet i Agder har teke retningslinene til etterretning.

Både i pose og sekk
Etter at Stortinget i 2009 slutta seg til «Mål og meining» (stortingsmelding 35), kan vi altså sjå ein tilnærma nasjonal språkpolitisk konsensus for universitets og høgskulesektoren – norsk er hovudspråket. Den offisielle politikken som styresmaktene fører for sektoren, er eintydig og klår og kom i lovs form i fjor: § 1–7 i universitets- og høgskulelova slår no fast at «Universiteter og høyskular har ansvar for vedlikehald og vidareutvikling av norsk fagspråk».

Denne språkpolitikken kviler på nokre viktige hovudprinsipp:
* parallellspråksbruk, dvs. kompetanse både i norsk og engelsk fagspråk;
norsk som hovudspråk på bachelornivået, med gradvis opning mot engelsk oppover på master og doktorgradsnivå.
* norsk som administrasjonsspråk og formidlingsspråk, men pragmatisk tilpassa situasjon og målgruppe.
* norskopplæring av tilsette med ikkje-skandinaviske morsmål, og kompetanseheving i engelsk for norskspråkleg tilsette.
* etterleving av mållova når det gjeld jamstelling mellom bokmål og nynorsk.

Og tittelbruken på strategidokumenta er programmatisk parallellspråkleg eller fleirspråkleg: «Både i pose og sekk» (UiB), «Ja takk, begge deler» (NHH), «Språkmangfold styrkar miljøet» (Universitetet for miljø- og biovitskap, UMB).

Klårt for handling
Det finst likevel interessante regionale og fagleg-kulturelle skilnader i måten desse prinsippa er vektlagde. Høgskolen i Oslo legg vekt på språkmangfald fordi dei har mange studentar med framandkulturell bakgrunn. Når det gjeld måljamstelling er Universitetet i Stavanger og UiB tydeleg meir ambisiøse enn NHH i den andre enden av skalaen; når det gjeld balansen mellom språkvern og internasjonalisering, demonstrerer derimot NHH eit prinsippsyn som både er pragmatisk og offensivt, relativt sett.

UiO har forankra si tilråding «Snart to hundre» i ein særs omfattande empirisk analyse av språkhaldningar hjå studentar og tilsette, og både UiO og UiB er tydeleg inspirert av sosiolingvistisk og maktteoretisk analyse (jf. Maktutgreiinga). Det er altså produsert eit omfattande materiale, og det politiske handlingsgrunnlaget er derfor godt.

Er det skinnsemje som rår?
Alt i alt kan det vera på tide å sjå om den breie oppslutninga om norsk som fagspråk på høgskular og universitet er så unison som det kan verka, om den er meir verbal eller reell, og om tilrådingane har fått praktiske utslag.

UiO har som den einaste institusjonen enno ikkje hatt sitt strategidokument til ordinær høyring og styrebehandling, det har ifølgje ei kjelde «kokt vekk i kålen». NHH har derimot nedfelt det språkpolitiske ansvaret i strategiplanen sin (2009), men jamt over er dei konkrete resultata førebels ikkje særleg store. Tre praktiske tiltak kan her nemnast:

* Parallellspråkleg fagterminologi. Dei fleste tilrådingane understrekar (i samsvar med Universitets- og høgskulerådet) kor viktig det er både for studentar og tilsette å utvikla slik fagterminologi. Dette er ei utfordring for kvart einskilt fag, men stiller òg krav til metode og infrastruktur. Ingen andre institusjonsstyre enn styret ved NHH har likevel til no behandla konkrete planar for terminologiutvikling, endå dette tiltaket relativt enkelt kan byggjast på eksisterande arbeidsmodellar. NHH har sitt eige termhandteringssystem, UiB har datasystem og personal, og Universitets- og høgskulerådet har utvikla sin eigen termbase.

* Parallelle samandrag. For det andre har alle overordna nasjonale strategidokument lagt stor vekt på prinsippet om at det skal skrivast fyldige parallellspråklege samandrag bak i alle masteroppgåver og doktoravhandlingar – på engelsk ved norske avhandlingar, på norsk ved framandspråklege (les: engelskspråklege). Dette prinsippet er i bruk internasjonalt og er vurdert som ein viktig sikringsmekanisme for norsk terminologi. Tillempinga har vist seg å vera kontroversiell: NHH har teke ut ordet «utfyllande», det same ser vi hjå NTNU, Høgskolen i Oslo og Universitetet i Tromsø. UiB på si side vil ha eit «kvalitetsmessig godt» samandrag, og både UMB og UiS har teke vare på ordet «fyldig» slik Universitets- og høgskulerådet har rådd til.

* Både bokmål og nynorsk. For det tredje er det fastslege som offisiell politikk at norsk terminologi skal utviklast under eitt for nynorsk og bokmål. Her er til og med Universitets- og høgskulerådet sjølv på etterskot, fordi termbasen deira ikkje omfattar nynorsk.

Statoil spydspiss for engelsk
Både her i landet og elles i Norden er det mellom 2005 og 2010 produsert mange utgreiingar, og hovudtendsen er altså positiv, særleg jamført med næringslivet. I 2005 sidestilte dokumentet «Norsk i hundre!» UH-sektoren med næringslivet som hovuddomene for norsk som fagspråk, men på dei fem åra som har gått, har avstanden mellom desse to samfunnsområda auka markant.

Dette kan illustrerast med at Statoil i vår har vedteke gå vekk frå norsk i kontakten med norsk næringsliv. Selskapet fungerer såleis som ein spydspiss for engelsk, medan (den verbale) oppslutninga om norsk som fagspråk er i ferd med å slå rot langt inn på «harde» fagområde i universitets- og høgskulesektoren.
Jamført med dette har universitetssektoren proklamert ein god språkpolitikk, men famlar når det gjeld konkretisering.

Kronikken vart først publisert i Bergens tidende 24. juni 2010
  

På Høyden krever at du bekreft e-postadressen din før du kan poste innlegg. Les også våre debattregler

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed