Samlagpris til Hilde Kvalvaag

Publisert:15. april 2010Oppdatert:2. oktober 2013, 11:18

Forfattar og redaktør i Hubro Hilde Kvalvaag mottok fredag Samlagsprisen for 2010.

Forfattaren får prisen for romanen Skagerrak som kom ut i 2008. 

- For meg er det ei stor og viktig anerkjenning, og ein inspirasjon. Eg er rett og slett veldig glad og overraska. Denne prisen plar gå til forfattarar med eit lengre forfattarskap bak seg, seier Kvalvaag til På Høyden.

Juryen skriv i si grunngjeving at ”Kvalvaag skapar stor litteratur når ho skildrar det kvardagslege ferielivet. I hennar blikk for detaljar, gjennom dei elegante formuleringane, oppstår ein nærleik som gjer at lesaren blir trekt inn i handlinga. Kvalvaag balanserer og flettar saman idyll og fortaping på ein truverdig måte, og rører med dette lesaren på det sterkaste.”

- Eg føler at ein slik pris er forpliktande. Eg får enda meir lyst til å skrive og satse meir på litteratur, sier Kvalvaag.

Juryen oppmodar også forfattaren til å skrive vidare: ”Samlagsprisen 2010 går til ein forfattar som har starta på ein spennande og relevant forfatterskap. Vi håpar at ein pris som denne vil inspirere til å halde fram det viktige arbeidet med å skrive fengslande og levande litteratur, både for barn og vaksne”.

Et forskningsprosjekt
Kvalvaag er redaktør i UiBs forskningsmagasin Hubro. Ho seier at litteratur er hennar forskningsprosjekt.

- Eg brukar litteratur til å finne ut om ting som har med livet å gjere, skilnaden på godt og vondt til dømes. At eit menneske rommar så mykje av desse motsetningane fascinerer meg. Litteraturen kan óg vise fram det vi aldri snakkar om, all skamma og lengselen,  seier Hilde Kvalvaag.

- Finn du svara du leitar etter?

- Ein kan bruke eit heilt liv på å finne ut korleis folk er satt saman, seier Kvalvaag, som har hovudfag i sosialantropologi og gjorde feltarbeid på konflikta i Nord-Irland.

Tidlegare hadde ho eit klart skille mellom dei grepa ho brukte i litteraturen, og dei ho nytta i journalistikken. No viskar ho skillet oftare ut, og freistar å ta nokre av dei skjønnlitterære grepa inn i artiklane ho skriv. Reportasjen frå Etiopia i siste nummer av Hubro er eit døme.

Blant dei beste
Kvalvaag har allereie starta på dei neste romanprosjekta. Ein ungdomsroman er truleg klar i haust. Fengselsøya Ulvsnesøy utanfor Vaksdal spelar ei viktig rolle i romanen.

Kvalvaag er også i starten med ein ny vaksenroman.

- Eg veit kva den skal handle om, så eg gler meg til å komme i gang, seier ho.

For ungdomsboka Hjarteklapp frå 2003, fekk Kvalvaag Nynorsk barnelitteraturpris.

I 2006 mottok ho Kulturdepartementets litteraturpris og Guro Sandsdalens litteraturpris for ungdomsromanen Nattsommarfugl, medan ho blei tildelt Sparebanken Vests kunstnerstipend i 2008.

”For ungdomsbøkene sine har Kvalvaag mottatt både prisar og lovord, og med Skagerrak skreiv ho seg inn blant dei beste vaksenbokforfattarane. Kritikarane let sg imponere over romanen, og den blei samanlikna med Virginia Woolfs ”To the Lighthouse”, skriv juryen i sin begrunnelse.

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed