Då Ole Bull løfta Bjørnson til himmels

Publisert:2. mars 2010Oppdatert:9. september 2013, 15:25

«Kom nu!» telegraferte Ole Bull til den unge Bjørnson i 1857 for å få han til teatret sitt i Bergen. «Da jeg stod med dette telegram i haanden, kjendte jeg som om jeg blev optagen til himmels», var Bjørnsons reaksjon.


Det var Ole Bull som fekk Bjørnstjerne Bjørnson til Bergen og Det Norske Theater, slik han hadde fått forgjengaren Ibsen hit i 1851. Ole Bull hadde høyrd at Bjørnson var ein energisk ung mann som agiterte mot dansk språk og danske skodespelarar i norsk teater. I november 1857 telegraferte han derfor til Bjørnson: «Kom nu!»

Den kommande diktarhøvdingen blei fullstendig overvelda: «Da jeg stod med dette telegram i haanden, kjendte jeg som om jeg blev optagen til himmels.» Bjørnson kom til Bergen i slutten av november 1857, og var i byen i knappe to år som kunsterisk teaterdirektør og instruktør.

Karoline spelte hovudrolla
Her sette han opp sitt eige nye stykke «Mellom Slagene» og Ibsens «Hærmændene på Helgeland», forutan Holberg, Wessel, Oehlenschläger og ei rekkje franske og tyske lystspel som Friedrich W. Hackländers «Den hemmelige Agent» i Bjørnsons eiga omsetjing, og Charlotte Birch-Pfeiffers «Hvorledes man bygger Huse». Det sistnemnde stykket blei spelt i april 1857 med den bergenske skodespelaren, Karoline Reimers, i den kvinnelege hovudrolla.

I programmet står 23-åringen ikkje oppført under namnet til faren, bakarmeister Rasmus Reimers, men som Karoline Jahn, som er onkelens namn, konditor Adolph Jahn, som ho budde hos.

Budde i toroms på teatret
Forutan konditoriet i Marken dreiv Adolph Jahn ein traktørstad i den noverande Jahnebakken 1, der familien budde i andre etasje. Det var truleg i eit selskap her at Bjørnstjerne og Karoline trefte kvarandre kort tid før ho byrja på Det Norske Theater.

Etter giftarmålet i september same år, flytta Karoline inn i Bjørnsons vesle toromsleilegheit i teaterhuset på Engen. Hans gode venn, skodespelaren Ivar Bye, måtte flytte ut. Byes sørgjelege livshistorie skreiv seinare Bjørnson om til ei av sine mest gripande forteljingar, «Ivar Bye» (1894).

Redaktør i Bergensposten
Bjørnson var først og fremst skribent med ei altomfattande interesse i politikk og samfunnsliv, noko han utnytta då han i desember 1858 blei redaktør i Bergensposten, ei venstreavis som i 1898 gjekk inn i Bergens Tidende. I tillegg til teater og avis fekk han samtidig tid til å skape skjønnlitteratur. Ut på våren 1859 budde han ei tid hos Michael Krohn på Werners-holm på Hop, og fekk her poetisk inspirasjon til å skrive første versjon av «Ja, vi elsker», som same hausten blei publisert med tittelen «Norsk Fædrelandssang».

Som forfattar tenkte Bjørnson meir på å bli publisert enn på kontrakten med forlaget. Dette fekk han smerteleg erfare i samband med H. J. Geelmuydens Enkes Officin og Forlag. Sidan han budde i Bergen, var det naturleg at Bjørnson fann seg eit lokalt forlag. Anna L. Geelmuyden var i familie med Ole Bull, og han foreslo for Bjørnson å bruke enkja. Avtalen om å trykkje skodespelet «Halte-Hulda» (1858) var grei, men problema kom med «Arne», ein roman forfattaren nettopp dediserte til Ole Bull.

Blei påverka av Prahl
På denne tida var det vanleg å gje frå seg forlagsretten for ein viss periode, og avtalen mellom Geelmuydens og Bjørnson skulle først gjelde i «14-15 Aar». Delar av manus til Arne blei levert forlaget i 1858, og boka kom ut i september året etter. Men ikkje lenge etter utgjevinga ville Bjørnson ha ut eit nytt retta opplag. Påverka av bergenske målmenn, først og fremst hans gode venner Henrik Krohn og Jan Prahl, var språket i «Arne» svært så radikalt.

Men boka hadde ikkje seld så bra som forventa, og Geelmuydens Enke ville først bli kvitt restopplaget. Bjørnson hadde fått kontakt med danske Gyldendal og prøvde fleire gonger å få kjøpt «Arne» fri, men forlaget i Bergen svarte ikkje på breva hans. Fru Geelmuyden var ei bestemt forretningskvinne, og visste at ho hadde retten på si side.

- Hvad har jeg gjort Dem?
Derfor kan vi forstå forfattarens raseri då Geelmuyden i 1868 informerer han om at ho skal trykkje nytt opplag av «Arne», og at han må gjerne kome med fleire rettingar. Han svarer oppgitt: «Hvad har jeg gjort Dem, at De kan behandle mig på denne Maade? Hvorfor vil De sætte Dem i denne Stilling til mig?» Viss ho trykte nytt opplag, ville Bjørnson oppfordre bokhandlarane i heile Norden til å boikotte det.

Nytt opplag kom likevel, og Bjørnson gjorde alvor av trusselen sin i Aftenposten. Enkja svarte at viss Bjørnson heldt fram striden, ville ho offentleggjere alle breva frå han om «Truen og Tiggen» og avsløre deira private karakter inkludert deira «Umandighed og Ynkelighed».

Sjølv om han hadde fått ein urimeleg avtale med forlaget, meinte mange at Bjørnson hadde gått for langt, samtidig som Anna Geelmuyden godt kunne ha vore meir smidig og imøtekommande. I mai 1871 reiste ho sjølv til København og selde «Halte-Hulda» og «Arne» til Gyldendal for 1000 danske riksdalar.

Forlagsenkja var framsynt
Først i 1872 kom «Arne» ut i ny og endeleg utgåve i København, med ny sats og i gotisk skrift, medan den bergenske førsteutgåva frå 1859 var trykt med vanlege latinske bokstavar. Slik sett var Geelmuydens enkje forut for si tid ved å trykkje bøkene i meir folkelege skrifttypar.

Alle kjelder legg vekt på det radikale språket som årsaka til at Bjørnson ville ha ut ny utgåve av «Arne». Men det var like mykje innhaldet han var misnøgd med, og som hadde utløyst den dårlege kritikken. Verken Vinje eller Bjørnsons gode venn, den rådande danske kritikaren Clemens Petersen, var særleg nådige mot «Arne». Det var særleg Petersens kritikk Bjørnson tok seg nær av. Og den gjaldt sjølve komposisjonen. At hovudpersonen Arne var altfor puslete og feminin; han var lite mandig og det var høgst overraskande at han gifta seg med Eli.

Gjorde Arne meir mandig
Bjørnson tok omsyn til kritikken og strauk, endra og la til nye viser og tekst - alt for at Arne skulle bli meir mandig og handlekraftig, og slutten av romanen meir truverdig. Det er stor forskjell på førsteutgåva av «Arne», og 1872-versjonen som er kjend i dag. (Sjå min artikkel i Edda nr 1/1995.)

Bjørnson var imponert over arbeidet til Ivar Aasen, og støtta landsmålet då han budde i Bergen. Han trykte stykke frå Dølen i Bergensposten og oppfordra andre aviser til å gjere det same. Alle offentlege organ har ei plikt til å spreie kunnskap om «vore egne Ord og Vendinger», meinte Bjørnson. Han blei fascinert av klangen i målet og fekk lyst til å skrive på landsmål: «Gud vet om jeg lever den dag, da jeg kan skrive landsmål», sukka han ein kveld heime hos Jan Prahl. Det blei med små forsøk på landsmål med god hjelp av Krohn og Prahl, som visa «Vetli Nils Finn» i Halte-Hulda og forteljinga «Ei faarleg Friing» i «Smaastykker» (1860).

Bjørnson snudde om
Smaastykker blei forresten trykt og forlagt av Ed. B. Giertsens Forlag i Bergen. Kontrakten var tydelegvis grei og honoraret romsleg, slik at Bjørnson i 1863 gav Giertsen følgjande skussmål: «… en meget brav Mand, som jeg den Dag i dag stod i Forbindelse med, hvis hans Ævne var som hans Vilje».

Ikkje lenge etter at han han drog frå Bergen, snudde Bjørnson heilt om i språkkampen og blei riksmålsmann.

Kronikken sto først på trykk i Bergens Tidende 26.02. 2010

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed