Minneord over professor Gunnar Aksnes

Publisert:3. februar 2010Oppdatert:3. februar 2010, 15:10

I byrjinga av veka kom meldinga om at professor Gunnar Aksnes døydde søndag 31. januar. Sjøl om han hadde vore sjuk ei tid og vi visste at livet gjekk mot slutten, var det svært trist å få bodskapen om at den entusiastiske og interesserte og livsglade naturvitskapsmannen ikkje er blant oss lenger.

I byrjinga av veka kom meldinga om at professor Gunnar Aksnes døydde søndag 31. januar. Sjøl om han hadde vore sjuk ei tid og vi visste at livet gjekk mot slutten, var det svært trist å få bodskapen om at den entusiastiske og interesserte og livsglade naturvitskapsmannen ikkje er blant oss lenger.

Gunnar Aksnes vart fødd i Kvam i Hardanger i 1926. Han vart student i 1945 og tok til å studera ved Universitetet i Oslo der han fullførte Mag. Scient.-eksamen i 1951. Han blei så tilsett ved Forsvarets Forskningsinstitutt (FFI), og der arbeidde han med problem knytt til kjemiske stridsmiddel fram til 1960. Då vende han heimatt til Vestlandet, til stilling som førsteamanuensis i organisk kjemi ved Kjemisk institutt ved Universitetet i Bergen. I 1962 disputerte Aksnes for Dr. philos.-graden, og i 1966 blei han så utnemd til professor ved UiB, ei stilling han fylte med liv og lyst til han gjekk av i august 1993. Tre-fire år etter dette var han framleis mykje på instituttet med seniorstipend frå Norges Allmennvitenskapelige Forskningsråd (NAVF).

Dei faglege interessene til Aksnes famna vidt. Gjennom arbeidet med nervegassar på FFI blei han raskt oppglødd av fosforkjemi. Dette blei hans store forskningsfelt der han gjennom år publiserte mange viktige vitskapelege arbeid som gjorde namnet hans godt kjent i fagmiljøet verda over. På slutten av 1970-talet tok han også til å arbeida med miljøkjemiske problem, for di han, som ein av få kjemikarar her til lands, såg kor viktig det er at fagfolk med spisskompetanse i ulike fag samarbeider for å løysa fleirfaglege problemstillingar. Han engasjerte seg sterkt i NAVFs store Forskningsprogram om havforurensninger og bygde opp eit sterkt fagmiljø i oljekjemi ved UiB saman med yngre medarbeidarar. Dei siste åra kom så vatn i fokus, og her kom hans store innsikt i kjemi til sin rett når han trekte ny kunnskap ut av tidlegare publiserte data.

For Gunnar Aksnes var det å vera professor så mykje meir enn å driva forskning. Han var ein skatta forelesar, og ingen som tok grunnkurset i organisk kjemi gløymer hans høglydte, engasjerte utgreiingar om organiske molekyl som rører på seg og reagerer. Som vegleiar var han alltid interessert i det studentane gjorde, og han stilte kritiske spørsmål som utvikla tanke og sinn. Kritiske spørsmål stilte han også i populærvitskapelege artiklar i faglege blad, sist om kvikksølvet i u-båten ved Fedje, gjennom artiklar og intervju i dagspressa, og i fleire gode bøker om miljøspørsmål mynta på folk flest. Og så tok han sin del og vel så det av administrative oppgåver, ikkje berre på Det matematisk-naturvitskapelege fakultet (dekan 1969-72) og Kjemisk institutt (styrar 1991-93) ved UiB, men også som medlem av Rådet for naturvitenskap i NAVF (1970-76, leiar 1970-71).

Gunnar Aksnes framsto som ein heilskapt mann med vide interesser. Når han var ein plass, var han alltid til stades, lyttande men og forteljande, oppteken av fag og folk og verda rundt seg i eit vidt perspektiv. Desse perspektiva hadde han stor evne til å setja ord på i lyriske og kraftfulle vendingar som han forma til episke dikt som han framførte med ei innleving få vil gløyma. I denne episke verda trivdes han, noko ein skjønar av boka Med penn og pensel i Hardanger som han gav ut i 2001 saman med kona og kunstmålaren Milly Aksnes.

Gunnar Aksnes hadde gjennom åra ein viktig plass i mange sine liv. Difor er han sakna i dag. Men størst er saknet for kona Milly, dei tre barna deira og ein stor flokk med barnebarn og oldebarn. Dei er i tankane våre i medkjensle.

Kolleger ved Kjemisk institutt v/Leiv K. Sydnes

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed