Knut Børve får førelesarprisen

Publisert:5. oktober 2009Oppdatert:2. oktober 2013, 11:18

Kjemiprofessor Knut Børve får årets førelesarpris ved MatNat-fakultetet. Han vert skildra som ein løynd skatt av studentane sine.

– Dette var gledeleg, og heilt uventa. Eg har undervist grupper med få studentar, tidlegare har stort sett førelesarar frå dei større faga fått prisen, påpeiker årets vinnar.

Forelesarprisen er nemleg studentane sjølve sin pris. Realistutvalget (RU) nominerer og kårer vinneren etter forslag frå dei ulike fagutvala på institutta.

”Knut Børve er dessverre en gjemt skatt på vårt institutt, men han glimrer når han blir funnet”, skriv fagutvalet på kjemi om Børve i sitt forslag.

”Hans store engasjement drar studentene med i det som formidles, og han fanger oppmerksomheten med gode eksempler og visualiseringer av stoffet”, skriv fagutvalet vidare.

Børve sjølv røpar eit stort engasjement for undervisninga.

– Eg har stort sett gjeve førelesingar i tema som er viktige for meg. Undervisning er noko som opptek meg, seier han. Børve har også vore aktiv i etableringa av studiet i Nanovitskap ved UiB og er programstyreleiar for studiet

Han meiner førelesarprisen har ein viktig funksjon i seg sjølv.

– Det er eit godt tiltak. Me treng merksemd rundt undervisning, me skal og må satsa på den gode undervisninga. Eg tykkjer det er flott at prisen kjem frå studentane og ikkje frå administrasjonen, seier Børve.

Børve mottek prisen i Realfagbygget tysdag 13. oktober, under infoveka ved MatNat-fakultetet, VEI.
Les meir om VEI her.  

 

 

 

 

 

 

 

På Høyden krever at du bekreft e-postadressen din før du kan poste innlegg. Les også våre debattregler

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed