Satsar på utviklingsforsking

Publisert:6. mai 2009Oppdatert:2. oktober 2013, 11:18

Forskingsrådet vil satsa endå meir på utviklingsforsking. Det er grunnen til at sju mindre delprogram no blir samla under paraplyen Norway – A Global Partner (NORGLOBAL).

– Me håpar dette stimulera samarbeidet mellom forskarar i Noreg og forskarar i sør, seier Fanny Duckert, som er styreleiar for programmet. 

Det nye forskingsprogrammet NORGLOBAL er ein paraply for sju mindre delprogram som har finansiert forskingssamarbeid mellom norske forskarar og forskarar i utviklingsland.

Vil styrka nord-sørsamarbeid
Temaområda spenner frå fattigdoms- og fredsforsking til landbruksforsking, kjønnsforsking, energi- og miljøforsking og forsking på økonomisk vekst og reproduktiv helse. Det er sett av 50 millionar kroner til programmet for 2009, og søknadsfristen går ut i september.

– Me håpar at dette tiltaket vil auka interessa for eit utvida forskingssamarbeid mellom Noreg og utviklingsland. Dette programmet gir høve til forskarar både frå nord og sør til å få finansiert lengre forskingsopphald hos kvarandre. På den måten kan forskingsprogrammet vera med på å styrkja universitet og akademiske institusjonar i sør. Kompetansen i utviklingsforsking i Noreg blir samtidig styrkt, seier psykologiprofessor Fanny Duckert, som er styreleiar for forskingsprogrammet. Ho har også vore styreleiar for NUFU-programmet.

– Ope for alle
– Forskingsprogrammet er ope for alle fagområde, men me vil gjerne mobilisera dei samfunnsvitskaplege fagmiljøa, også på miljø, energi og klima. Meininga er at dette forskingssamarbeidet skal koma dei landa forskarane kjem frå til gode. Det skal også satsast på forsking på kvinnerettar i utviklingsland og på kvinner si reproduktive helse, seier Duckert.

Skal måla effekten av bistand
Neste år kan effekten av bistand bli ein del av forskingsfeltet for det nye forskingsprogrammet.

– Eg vil tru at det må vera interessant for mange forskarar å skaffa forskingsdata på kva effekt bistand har. I dag er det stort sett synsing som dominerer i den debatten, konstaterer ho.

På Høyden, Uniforum og Universitetsavisa har inngått et samarbeid om utveksling av artikler av felles interesse. Denne artikkelen er publisert av Uniforum ved UiO.

 

 

 

 

 

På Høyden krever at du bekreft e-postadressen din før du kan poste innlegg. Les også våre debattregler

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed