Barn født av krig

Publisert:14. mai 2009Oppdatert:2. oktober 2013, 11:18

Krigsbarn blir framleis ofte stigmatiserte og diskriminerte verda over. Ingvill Mochmann meiner det er viktig å auke den allmenne kunnskapen om desse barna.

– Vi må erkjenne at det alltid har og alltid vil bli født barn av foreldre i stridande partar i krig. Difor er det så viktig med klare retningslinjer som sikrar denne gruppa sine grunnleggjande menneskerettar under og etter krigar, seier statsvitar Ingvill Mochmann ved GESIS - Leibniz Institute for the Social Sciences i Köln i Tyskland.

Mochmann er leiar av det internasjonale forskingsnettverket ”International Network for Interdisciplinary Research on Children Born of War (INIRC) som arbeider med barn født av soldatar frå okkupasjons-, allierte- og fredsstyrkar og innfødte kvinner. Ved å få samla inn mest mogleg informasjon og dokumentasjon om krigsbarn over heile verda, håper forskarane å få større innsyn i kva slags faktorar som verkar inn på barna sine livsvilkår. Dei vil også samanlikne kva tyding historiske, militære, geografiske og kulturelle kontekstar har for korleis barna og mødrene deira vert møtte i samfunnet.

Lite felt
10.-12. mai deltok Mochmann på konferansen World Social Science Forum og presenterte temaet der. Ho er svært nøgd med utforminga av konferansen og den store spennvidda av tema.

– Konferansen gjenspegla at samfunnsvitskapen er eit komplekst fag, seier ho.

Ho meiner det er eit stort behov for slike arrangement innanfor samfunnsvitskapen og at slike tilstelningar er eit godt høve til å treffe kollegaer og knyte nye og internasjonale kontaktar utanfor eigne spesialområde. Særskilt innan forskinga i samband med krigsbarn er slike kontaktar viktige ifølge Mochmann. Det viser seg at dei fleste veit om slike barn i eigne land, men ofte ikkje har tenkt på kor utbreidt dette er.

– Det er påfallande kor lite akademisk interesse det er for temaet. Noreg er eit av få unnatak og er ein pioner når det gjeld å dokumentere historia. War and Children Identity-prosjektet i Bergen, undersøkjinga ”Oppvekstvilkår for krigsbarna” som er finansiert av Forskningsrådet og arbeidet til Stein Ugelvik Larsen her ved Universitetet i Bergen har vore svært viktig, seier ho.

Leitar etter identitet
Stein Ugelvik Larsen, professor emeritus ved Institutt for samanliknande politikk, UiB, har samarbeida med Mochmann og andre forskarar frå Noreg og Europa i høve spørjeundersøkjingar blant norske, danske og nederlandske krigsbarn.

Dei framhevar begge leitinga etter identitet som eit kjenneteikn hjå krigsbarn. Uavhengig av om dei har hatt det godt eller ikkje har mange av dei eit sterkt ønske om å kjenne sin eigen biologiske bakgrunn.

Somme av barna har kome til verda fordi mor og far forelska seg, trass i at dei tilhøyrte ulike partar i ein konflikt. Dette gjeld til dømes mange av barna som vart fødde av norsk mor og tysk far under og rett etter andre verdskrigen. Andre har kome til verda etter valdtekter, som i Rwanda, der soldatar nytta mellom anna valdtekt som eit våpen. Til trass for at tragiske omstende ligg bak, ønskjer likevel mange av dei å vite meir ifølge Mochmann.

– Allereie som små barn forstod mange at dei var annleis, at det var noko som gjorde at dei skilte seg ut. Ein blir prega av å vekse opp i ein familiesituasjon der det er tydeleg at alle veit noko, men ingen snakkar om det, seier ho.

Ønskjer større samarbeid
Spreiing av kunnskap har ei sentral rolle i det arbeidet som gjerast for krigsbarn internasjonalt ifølge Mochmann.

– Generelt sett er kunnskapsnivået lågt, også blant tilsette i frivillege organisasjonar som er til stades i område der ein møter dette problemet. For å finne og hjelpe krigsbarn og mødrene deira, er det viktig å samarbeide med organisasjonar som er til stade lokalt, seier ho.

Døme på dette vil vere legar og anna helsepersonell som opererer i konfliktsoner. Rettsleg sett gjenstår også mykje ifølge Mochmann. Ho understrekar at militære einingar ofte er del i problemstillinga, men at få viser ansvar.

– Det er lett å til dømes forby militært personell å ha kontakt sivilbefolkninga, men i praksis fungerer ikkje dette. Det er for lettvint å seie at krig og konflikt er ein unnatakstilstand, og at soldatar dermed kan gå hen og få barn utan at det får konsekvensar, seier ho.

Samstundes peikar ho på at det somme stader finst vilje til å løyse problema. FN vedtok i 2007 ein eigen resolusjon for barn med FN-personell som fedre og er no i ferd med å evaluere denne.

Framleis tabubelagt
I mellomtida jobbar Mochmann vidare med å samle inn informasjon om krigsbarn verda over, men opplysningane kjem ikkje av seg sjølve.

– Det er framleis lite merksemd kring emnet og tilbakemeldingane er få. I land som Nederland og Belgia har det vore lagt lokk på temaet sjølv om det har vore framme i media. Heller ikkje i Hellas har oppslag i mediene hatt den effekten at krigsbarn eller pårørande har meldt seg, seier ho.

Også Stein Ugelvik Larsen jobbar vidare med krigsbarn og har møtt tabuane kring temaet. Han har tidlegare intervjua kinesiske kvinner som var sexslavar under den japanske okkupasjonen frå 1939-1945, men temaet er så sterkt tabubelagt at det var vanskeleg å få opplysingar om barna som kom til verda som følge av dette. Likevel vil han forsøke å få på plass meir informasjon kring desse barna når han til sommaren reiser til Fudan-universitetet i Kina som gjesteprofessor.

 

 

 

På Høyden krever at du bekreft e-postadressen din før du kan poste innlegg. Les også våre debattregler

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed