Ni stemmer forkasta ved valet

Publisert:3. april 2009Oppdatert:8. mai 2009, 12:27

Fire studentar klarte å lura valsystemet under årets rektorval. Valstyret har likevel full tru på at stemmesystemet fungerer som det skal, og påpeikar at valresultatet ikkje vart påverka.

– Undervegs i valet har eg som administrator fulgt med på stemmegjevinga. Tysdag kveld registrerte eg at det var avgjeve ei stemme til nokon som ikkje deltok i valet, seier sekretær i valstyret, Per Gunnar Hillesøy.

Ville testa tryggleiken
Han kontakta IT-avdelinga, som undersøkte saka. Dei fann ut at det i alt var gjeve ni irregulære stemmer. Desse vart spora til fire studentar.

I eit møte med representantar frå IT-avdelinga, universitetdirektør Kari Tove Elvbakken og Hillesøy bestemte ein at ein skulle kontakta dei fire studentane.

– To av studentane hadde stemt to gongar ved eit uhell, to andre hadde stemt feil med vilje. Dei ville testa tryggleiken i systemet, seier Hillesøy.

Dei to sistnemnde studentane leverte til samen fem stemmer, som alle vart oppdaga og avviste.

Påverkar ikkje valresultatet
Valstyret har sett på saka, og deira vurdering er at problemet er løyst, opplyser Hillesøy.

– Ni stemmer vart forkasta. Det er eit lite tal, og dei irregulære stemmene hadde inga innflyting på valresultatet.

Gunnar Grendstad er leiar i det sentrale valstyret.

– Min kommentar til dette er at det bryt med integriteten i valprosessen, men at det ikkje har nokon effekt på sjølve resultatet. Det vart avgjeve 6290 gyldige stemmer, ni stemmer vart forkasta, og dette påverkar ikkje det endelege resultatet, seier han til På Høyden.

– Ingen slike system er 100 prosent sikre, seier Hillesøy.

Kan spora stemmer
Nokre få personar er autoriserte til å overvåka stemmegjevinga. Dei avviste stemmene vart spora tilbake til personane som hadde avgjeve dei.

– Denne hendinga viser at det er naudsynt at me har høve til å spora stemmer. Det er ytterst få som kan gjera dette, men om me ikkje kunne ha gjort det i dette høvet hadde me famla i blinde.  No vart det mogeleg for oss å snakka med personane det gjaldt, seier Hillesøy.

Må vera på vakt
– Vil du seia at valsystemet fungerer slik det skal?

– Ja, men me må stadig vera på vakt, både mot uregelmessige stemmer og det ein kan kalla ”angrep” på systemet. Om me skulle hatt eit 100 prosents sikkert system måtte me ha gjeninnført val med stemmesedlar, valurner og id-kontroll. Det er etter mitt syn heilt urealistisk, det ville innebera eit mykje større apparat, og ville truleg gjeve ei dårlegare valoppslutning, seier Hillesøy.

Grendstad har også tru på at UiB sitt valsystem fungerer som det skal.

– Det er godt at våre rutinar fanga dette opp, og at det ikkje fekk nokon påverknad på sjølve valresultatet, seier han.

Grendstad understrekar at medlemmane i det sentrale valstyret ikkje har høve til å overvåka eller spora stemmer tilbake til personar. Det er det berre nokre få såkalla superbrukarar på IT-avdelinga som kan. Dei vart kontakta av valstyret då dei vart merksame på uregelmessige stemmer, og fekk undersøkt og løyst saka.

På Høyden har forsøkt å koma i kontakt med dei to studentane som med vilje stemte feil. Dei ville ikkje uttala seg til På Høyden.

 

På Høyden krever at du bekreft e-postadressen din før du kan poste innlegg. Les også våre debattregler

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed