Medisinhistorikaren

Publisert:3. april 2009Oppdatert:2. oktober 2013, 11:18

Møt den nyvalde viserektoren for internasjonale relasjonar. Ho er historieprofessor og heiter Astri Andresen.

Fredag 3. april sit Astri Andresen på sitt kontor i fjerde etasje i Dokkeveien 2b og gjer ferdig eit kapittel i det som vert ei nordisk bok i barndomsforsking. Etter torsdagens valresultat kan ho sjå fram til august, då ho går i gang med oppgåva som viserektor for internasjonale relasjonar.

– Kva vil du først ta tak i som viserektor?
– Fram til første august skal det sitjande rektoratet framleis fungere. Kjersti Fløttum som er viserektor for internasjonale relasjonar i dag, har gjort ein kjempeinnsats. Så eg har ein avtale med henne over påske for å diskutere kva som står sentralt i arbeidet no, og kva for konkrete saker ein må vidareføre. Me har ein bra handlingsplan som ligg til grunn for internasjonalisering, og eg vil høyre med dei ulike fagmiljøa om kva dei meiner ein bør utvikle og kva rolle dei meiner universitetet spele i høve til deira ønskje og behov. Eg har tru på eit godt internasjonalt samarbeid basert på fagmiljøa sine behov og interesser.

– Kva tenker du om retninga til universitetet i tida framover?
– Ein av dei tinga som har vore oppe i valkampen, er at UiB har sakka akterut når det gjeld EU-finansiering. No har det betra seg ein del den siste tida, men det å styrke vår deltaking i internasjonal forsking er sentralt. Det er også viktig å tenke på utviklings- og fattigdomsforskinga og å auke både student og forskarutvekslinga.

– Som historieprofessor, kva er du mest interessert i fagleg?
– Det er tre ting eg er mest interessert i. Det er minoritetshistorie, helse- og medisinhistorie og barnehistorie. Som du høyrer på dialekten min kjem eg nordfrå. Eg tok mi utdanning på universitetet i Tromsø, som var heilt nytt den gongen. UiT er eit viktig universitet når det gjeld urfolk og nasjonale minoritetar i Norden. Eg var student i den perioden då samerørsla vart viktig, og det fekk betyding for forminga av miljøet der. Her i Bergen har me danna eit fagmiljø på helse- og medisinhistorie. Det er interessant å sjå helsepolitikk i samanheng med minoritetshistorie. Historikaren Teemu Ryymin har til dømes nettopp gitt ut ei bok som ser på korleis etnisitet har blitt adressert i tuberkulosebehandling.

– Kva var det som gjorde at du valde å satse på ei karriere innan forsking? 
– Det er utruleg spanande og tilfredsstillande å arbeide med spørsmål ein synest er spanande og viktig. Forskinga har ei samfunnsmessig rolle å spele. Det betyr noko å finne noko nytt. Helsestyresmaktene og dei som i dag arbeider med nye minoritetar burde til dømes studere historie for å sjå kva som fungerer og ikkje ut frå dei historiske erfaringane. Historisk kunnskap kan bidra til å auke kunnskap om dagens situasjon.

– Kva arbeider du med i dag?
– Akkurat no sit eg og skriv ferdig eit kapittel i ei bok om barndomshistorie. Det er ei bok i samarbeid med nordiske forskarar om nordisk barndom på 1900-talet. Kapittelet heiter ”Skolebarn, helsepolitikk og forsøket på å endre fremtiden”. 

– Kva tenker du om å la forskinga ligge dei kommande fire åra?
– No er det slik at viserektorstillinga er ei halv stilling. Eg skal difor halde fram med forskinga på halv basis. Dersom eg hadde måtta forlate miljøet her innan helse- medisin og vitskapshistorie, er det ikkje sikkert at eg hadde takka ja. Samarbeidsprosjekta eg er med i er langsiktige, mange forpliktingar som må følgjast opp og er planlagt både i 2010 og i 2011.

– Kva skal du i påska?
– Då skal eg ta fri, seier Astri Andresen.

 

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed