Fire nye år

Publisert:2. april 2009Oppdatert:3. april 2009, 10:17

Sitjande rektor Sigmund Grønmo får fire nye år som rektor ved UiB. Det er klart etter at stemmene er talte opp, resultatet viser stor valdeltaking. – Dette er ei overbevisande tillitserklæring for heile rektorteamet, seier Sigmund Grønmo.

 
Feiring på muséplass i kveld, frå venstre Berit Rokne, Sigmund Grønmo, Astri Andresen og Kuvvet Atakan. Foto: Åse Johanne Roti Dahl

Etter at stemmelokalet vart stengt klokka 16.00 har valstyret henta ut stemmene og rekna ut resultatet.

Det viser at Sigmund Grønmo saman med Berit Rokne, Kuvvet Atakan og Astri Andresen stakk av med flest stemmer i årets rektorval.

Det nye rektoratet til Grønmo vann med 52,6 prosent av dei vekta stemmene. Utfordraren Rolf Reed fekk 43,8 prosent av dei vekta stemmene, og 3,6 var blanke.

I reine tal har Grønmo fått 3231 stemmer, medan Reed har 2769. 290 stemte blankt. Dette utgjer 6290 stemmer.

Utfordrarane Rolf Reed, Ernst Nordtveit og  Lise Øvreås må dermed sjå seg slått av rektorkandidaturet til den sitjande rektoren, med 462 stemmer.    

Fantastisk valoppslutning
Oppslutninga er langt betre enn ved valet i 2005. 70,9 prosent av dei vitskapleg tilsette har stemt, mot 53,9 prosent ved sist val. Av dei teknisk/administrativt tilsette har 69,2 stemt, mot 50,1 i 2005. Også fleire studentar har nytta stemmeretten sin, 31,2 prosent dette valet, mot 13,4 i 2005.  

– Dette er ei veldig overbevisande tillitserklæring for heile rektorteamet. Valdeltakinga var rekordhøg og resultatet var klart. Dermed har vi eit godt utgangspunkt for å leie Universitetet i Bergen, seier rektor Sigmund Grønmo.

Han ser også valresultatet som ei tillitserklæring til den jobben det sitjande rektoratet har utført.

Vil opptre samlande
Grønmo nyttar samstundes høvet til å takke alle som har stemt på teamet beståande av han sjølv, Berit Rokne som prorektor, Kuvvet Atakan som viserektor for utdanning og Astri Andresen som viserektor for internasjonale relasjonar.  Han legg også stor vekt på den innsatsen medarbeidarar har gjort under valkampen.

Rektorteamet ser fram til å ta tak i nye utfordringar for Universitetet i Bergen og legg vekt på at dei vil opptre samlande.

– Vi vil sjå UiB som ein heilskap, med stor respekt for dei ulike fagkulturane, seier Grønmo.

Berit Rokne meiner at valkampen har vore krevjande, med eit positivt forteikn. Engasjementet har vore stort, og ho understrekar at rektorteamet vil ta ulike synspunkt som har kome fram med seg i det vidare arbeidet.

– Vi vil ta med oss alt som har vore framme i valkampen og sjå korleis vi kan vere samlande for universitetet, seier ho.

Opposisjonen gratulerer
Rolf Reed gratulerer i kveld Sigmund Grønmo med valresultatet.

– Det er gledeleg at det var så god valoppslutning. Det har vore ein engasjert diskusjon i valkampen. Det har kome opp mykje i debatten som eg håpar blir tatt med vidare, som dette med samfunnskontakt og forskarkarrierer, seier Rolf Reed til På Høyden.

Kan du tenke deg å stille til val på ny?

– Det er eit spørsmål eg ikkje vil svare på no, seier Rolf Reed.

Sigmund Grønmo meiner at det sterke engasjementet rektorvalet har skapt er viktig.

– Eg er glad vi hadde eit utfordrarteam. Valdebatten har vore viktig, og det har kome fram mange synspunkt og motsetjingar i saker som er viktige for universitetet. Dette vil vi absolutt ta med oss. Det er universitetet som står i fokus, og då er det eit poeng å få med mangfaldet, seier han.

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed