Fakta på fredag

Publisert:30. april 2009Oppdatert:7. mai 2009, 19:31

Forfattaren av legeboka anno 1778 frårådde bøndene å drikke kumøkk kokt i mjølk som hjelpemiddel mot forråtnelsesfeber. Men forfattaren var ikkje lege, kva for yrke hadde han?

Det var Det Nyttige Selskap som i 1776 utlova to premiar på 25 og 17 riksdalar ”for den grundigste Afhandling om de blant Bønderne paa landet mest grasserende Sygdomme, og de derimod brugende Hjelpe-midler”.

Grunnen til at Det Nyttige Selskap ville gje ut ei slik bok, var patriotisk. På denne tida var det få utdanna legar utanfor Bergen. Dei som vart sjuke måtte ty til kloke koner og kvakksalvarar av mange slag. Dødeligheten blant folket var høg. Ettersom Det Nyttige Selskap såg ein stor og aukande folkemengde som ei styrke for staten, fann dei det på sin plass å sponse ei legebok som skulle delast ut blant bøndene.


Lommelegen anno 1778. Boka vart delt ut gratis til bøndene i Bergens Stift, men få eksemplar er bevart. Universitetsbiblioteket sitt eksemplar er eit sjeldant lite skrift. Foto: Gudrun Sylte

Den einaste som svarte på utlysinga, var Hans Strøm. Han var ikkje lege, men ved sida av sitt yrke var han også ansett som ein vitskapsmann.

Legeråda og hjelpemidlane som vart brukt på den tida, kan høyrast noko underlege ut for våre øyre. Mot forråtnelsesfeber til dømes, brukte bøndene å drikke kumøkk kokt i mjølk, nokre stader var det vanlegare å innta krutt i brennevin. Men dette var kurar Strøm ikkje ville anbefale. I legeboka har han derimot fleire andre gode råd:

«Svineskarn, helst samlet om sommeren, og stødt Pulver, er godt mod Durkløb, og Blodhoste, naar man først har brugt Rabarber; Mod hoste, som kommer af Kulde og Flod, kan man tage en Spegesild, steege og spise den, derpaa legge sig, og nogen Tid efter, drikke varmt Øll eller anden Drikke, indtil man sveder, et Raad som sielden slaaer Feyl».

Kva for yrke hadde legebokforfattaren Hans Strøm?

a. Sogneprest
b. Apoteker
c. Lærar

Send inn svaret til fredag@uib.no innan mandag kl. 12 og ver med i trekkinga om to flaxlodd.

Kjenner du til ein vitskapleg kuriositet, ein spesiell gjenstand, eit dyr med ein særleg eigenskap eller andre snodige fakta frå vitskapen, er du velkomen til å sende inn tips til fredagskonkurransen vår.

Svar og tips sendast  fredag@uib.no

På Høyden krever at du bekreft e-postadressen din før du kan poste innlegg. Les også våre debattregler

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed