Valet er i gang

Publisert:25. mars 2009Oppdatert:31. mars 2009, 15:21

Fredag klokka 10.00 opna det elektroniske stemmelokalet i årets rektorval. Kven som blir ny rektor er klart torsdag ettermiddag.

Slik det også var ved førre rektorval for fire år sidan, er det eit elektronisk stemmelokale du skal besøke for å avleggje di røyst i rektorvalet. Så lenge du har stemmerett kan du ved å logge deg inn på sida gje di stemme frå kvar som helst i verda, døgnet rundt, fram til torsdag 2. april klokka 16.00

For link til stemmelokalet for di gruppe, sjå faktaboks

Valstyret tel opp stemmene straks avstemminga er over. Stemmene innanfor kvar kategori skal teljast opp og reknast om etter den fastsette vektinga. Fleire uavhengige utrekningar blir brukt for å sikre seg at ein har korrekte resultat. Ikkje lang tid etter vert vinnaren offentleggjort, truleg torsdag ettermiddag.

– Me kjem til å leggje ut tala med det same, slik at folk kan sjå korleis stemmene har fordelt seg, seier Gunnar Grendstad, leiar for valstyret.

Valstyret vil deretter ringe kandidatane Reed og Grønmo for å kunngjere vinnaren av det som mange meiner har vore ein svært spanande valkamp.

Attvalseffekt
Sjølv om det har vore ein polarisert valkamp, meiner Grendstad som også er statsvitar, at ein ikkje kan slutte derifrå til at dette kan påverke valdeltakinga.

– Det er vanskeleg å trekkje ei slutning om deltakinga i valet ut frå debatten i aviser og i På Høyden. Det er alltid spanande når ein sitjande kandidat vert utfordra, seier Grendstad, med vekt på at han uttalar seg på generelt grunnlag.

Innan statsvitskapen referer ein til ein attvalseffekt i valordningar med fleirtalsval i einmannskrinsar, slik rektorvalet er. Med attvalseffekten meiner ein at den som stiller til attval har fleire fordelar. Namnet til denne kandidaten er meir kjent og vedkommande, i dette tilfellet som rektor, har i kraft av posisjonen lettare tilgang til media. Kandidaten kan ta ære for gjennomført politikk og har erfaring frå ein valkamp tidlegare.

– Samstundes er ein kandidat som er på attval sårbar, fordi motparten kan trekkje fram manglande politikk i perioden som har vore, seier Grendstad.

Ankefrist over påske
Dei to kandidatane har likevel høve fram til 21. april å anke avgjerda dersom dei meiner det er noko ved røystinga som er feil. Det som kan ankast på er element ved annonsering og gjennomføring av valet, at veljarar ikkje har fått sjanse til å røyste, at veljarar ikkje har fått stemmerett eller ein kan meine at prosedyrane har vore mangelfulle. Etter det Grendstad kjenner til, har det ikkje tidlegare vore tilfeller der valresultatet har vore anka.

– Me har ikkje tidlegare erfaring frå ei anke. Valstyret har gjort greie for prosessen for dei to kandidatane, dersom dei har meiningar om denne bør dei ta kontakt. Så langt har ingen tatt kontakt, seier Grendstad.

På Høyden krever at du bekreft e-postadressen din før du kan poste innlegg. Les også våre debattregler

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed